Heidi Linde: Agnes i senga

Den eine klisjeen tek den andre bakfrå når Heidi Linde lagar komedie av kvinneleg kjærleikssorg.

Heidi Linde fekk sitt litterære gjennombrot med Nu, jävlar! som i fjor hausta mange lovord. Med boka av året er ambisjonsnivået skrudd kraftig ned, her trur eg vi snarare har ein kommersiell bestseljar sydd etter velkjende mønster.

Rypelitteratur
Bridget Jones’s diary kom ut i 1996 i Storbritannia, og etter massiv suksess vart boka opphavet til romansjangeren vi no kallar ”chick lit”. Sidan har markedet flomma over av amerikanske og britiske bøker av denne typen, og dei siste åra har vi òg sett fleire norske utgjevingar av same slag.

Heidi Linde meistrar chick lit-sjangeren og skriv med humor, men original kan ein ikkje kalle romanen Agnes i senga . Det startar med kjærleikssorg, og like velkjent som palindromet i tittelen er plotet og karakterane. Agnes er 32 år – ein spesielt vanskeleg alder å bli dumpa i. Kjærasten har erstatta henne med ein nyare modell, riktignok etter ein periode med overlapping, som seg hør og bør ved rekruttering til viktige stillingar (her snakkar vi nok ikkje berre om misjonærstillinga). Dermed blir det sengerulling av den meir einsame sorten for Agnes, med trøsteeting mellom grinetoktene og lange tv-føremiddagar med Dr. Phil.

Boka opnar med at Agnes fantaserer om si eiga gravferd , og deretter tek den eine klisjeen tek den andre – bakfrå, fordi boka i tilbakeblikk fortel historia om relasjonen til den stereotype sossen William. Agnes er flyvertinne, og sjølvsagt må paret kvalifisere seg til medlemskap i Titusenmeter-klubben, noko som involverer svett fikling på flydoen. Det er ikkje måte på for ein overflatisk dust William var. Han byrja til og med å bli tynn i håret. Det høyrer også med til den humoristisk sjølvmedlidande stilen at alle Agnes nærmaste pårørande er dumme og usympatiske. Men sjølvsagt møter ho ein godhjarta musikar til slutt – ein som syng i gravferder.

Tamt og tynt
Agnes er ei heltinne som i mykje liknar på den likeframme, slagferdige og lett klumsete Bridget Jones, og sjølvsagt må ho lyge litt for å skape forviklingar, men romanen har ikkje eit snev av verken dramaturgisk eller seksuell spenning. Agnes er utstyrt med både fysiske og sjelelege arr for å gjere forteljinga djupare, men det forsterkar berre preget av klisje. Eg stussa også då forteljaren på eit tidspunkt reflekterer rundt kvifor skildringar av kvinner med kjærleikssorg ikkje vekkjer like sterk medkjensle som skildringar av menn i samme situasjon. Eh, orsak … er ikkje dette ein komedie om kvinneleg kjærleikssorg?

Der Bridget Jones’s diary er ein sjarmerande, moderne komedie laga etter malen frå Jane Austens Pride and Prejudice, er Agnes i senga i beste fall eit lappeteppe av sjangerkonvensjonar som alt er tynnslitte av gjenbruk i hundrevis av bøker og filmar. Men om ein ikkje merkar eller lar seg plage av klisjeane, er boka grei underhaldning av det lette slaget.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: