Trude Marstein: Hjem til meg

Berre ein utru mann: Trude Marstein skriv som vanleg med stor psykologisk innsikt, men eg saknar den eksistensielle nerven denne gongen.

Trude Marstein skildrar kvardagsliv og ulike psykologiske profilar så treffande at ein skulle tru ho hadde filma levande menneske og lese tankane deira. Likevel verkar hovudpersonen i Hjem til meg først og fremst konstruert for å skjøne den notorisk utru mannen og vise korleis det går med slike.

Ein kjærleg løgnar
Opninga av romanen oppsummerer raskt og elegant kven vi har å gjere med her: Eit forelska par vandrar heimover gjennom nysnøen ein kveld. Då kvinna ikkje inviterer mannen inn, drar han vidare til kjærasten sin, som fortel at ho er gravid. Gjennom 385 sider får vi så biletet utbrodert. Eg trur Marstein kunne ha tent på å økonomisere meir, som i bøkene før, men det endrar ikkje på at dette er ei svært velskriven bok.

I den forrige romanen sin, Ingenting å angre på, skildra Marstein eit ektepar gjennom ei helg der kvinna tar eit langt sprang til sides i tankelaus kåtskap. I den nye romanen, Hjem til meg, går ho vidare med tematikken. Vi følgjer den kjærleikshungrige Ove gjennom utvalde periodar frå han er ung turnuslege til han er bestefar.

Marstein balanserer hårfint mellom empatisk innleving og uthenging av eg-forteljaren sin. Ho forenklar ikkje, og eg får ein viss sympati for Oves eksistensielle kriser. Samstundes blottstiller ho korleis han til slutt berre kommuniserer gjennom løgn og fraser i forsøket på å sikre seg både spenning og tryggleik, seksuell variasjon og livslang kjærleik. Til slutt angrar han bittert og sjølvmedlidande på vala han har gjort, men er så lite klokare at vi nærmar oss komedien:

Hadde det vært mange slike situasjoner i livet? Mange som ville bli kysset og mer til, og jeg hadde ikke forstått det, jeg hadde vært for forsiktig, for hensynsfull, for anstendig, ikke skjønt i hvilken grad jeg bare kunne tatt for meg? Og nå var alt bare sorgen (…) en så veldig ensom sorg som ingen i hele verden ville kunne forstå.

Konstruksjon og moral
Trude Marstein har gjennom heile forfattarskapen nærma seg det eksistensielle i det trivielle og nære på ein utprega intellektuell måte. Den franske nyromanen er eit stilistisk ideal: Skildringane av dei kvardagslege detaljane og medvitsstraumane skal tale for seg sjølv, utan moralske føringar frå forfattaren. Men, som det også viste seg i Ingenting å angre på, er det vanskeleg å ikkje lese slike føringar inn i ein tekst om utruskap. Ove framstår som ein mann utan styring som endar med å øydelegge mest for seg sjølv.

Det slår det meg kor ulik denne eg-forteljinga er ei sentral, mannleg eg-forteljing i vår tid: Min kamp av Karl Ove Knausgård. Det er ikkje berre forskjellen mellom ein sjølvbiografisk roman og ein fiksjonell roman, det er noko med korleis eg-forteljaren er til stades i teksten. Ove verkar ikkje som ein levande mann som fortel om seg sjølv, han er ein forteljarinstans. Det blir påfallande at han ikkje ser ut til å ha andre tankar enn det som gjeld utruskapsproblematikken, det finst ikkje spor av faglege interesser, politikk eller ambisjonar, berre kvinner, born og eigne kjensler.

Marstein er framleis ein teknisk brilliant forfattar, men kanskje har ho kome så langt ho kan kome i fransk nyroman-stilen? Eg veit ikkje om fokuset på autofiksjon dei siste åra har endra krava til samtidslitteraturen, men eg tar meg i å sakne ein eksistensiell nerve i denne romanen, det er for lett å distansere seg frå den notorisk utru Ove.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

2 responses to “Trude Marstein: Hjem til meg

  • Karen

    Du sa på bokbloggerdebatten at du aldri fikk kommentarer på bloggen din; vel, jeg skal følge deg fast fremover nå, og vil bare informere om at jeg allerede setter stor pris på de omtalene dine, artiklene og essayene jeg har lest av det du har lagt ut her:) Jeg forsøker stadig å forbedre min egen skriving om litteratur, og her er du så absolutt en inspirasjonskilde. Forresten er det også fint at selv om jeg ikke abbonerer på Dag og Tid lenger, så kan jeg i alle fall lese noen av litteraturanmeldelsene fortsatt!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: