Lars Ove Seljestad: Isberg

Seljestad held fram med den litterære berserkgangen sin, og ved ein kombinasjon av rå styrke og kløkt vinn han stadig nytt terreng.

Lars Ove Seljestad har slått seg fram i norsk litteratur som ein skildrar av mannleg frustrasjon og raseri. Forfattarskapen hans kombinerer det nakne og overtydlege med ei litterær finesse som kan framstå som både tilfeldig og ustabil. Slik også denne gongen. Handlinga er raskt oppsummert. Ein ung gut blir foreldrelaus då eit snøskred feiar heimen hans på fjorden, og maktar seinare berre å finne eitt uttrykk for sorga og frustrasjonen: Utagerande raseri. Symbolikken er overtydeleg: Han prøver å legge alle kjensler på is, han blir eit isberg. Men ikkje av det slaget som flyt majestetisk avgarde gjennom havet – som det isberget Seljestad i epigrafen har henta fram frå Kristofer Uppdals dikt – men av det ustabile slaget som utløyser livsfarlege snøskred.

Overtydeleg eller undervurdert?
Bjørn Ivar Fyksen i Klassekampen motsette seg at mannleg raseri på denne måten blir mytologisert som ei utemmeleg naturkraft, utan forsøk på å forklare kvifor hovudpersonen reagerer slik på traumet sitt. Ane Farsethås skreiv i Morgenbladet at ”Som vanlig hos Seljestad ligger veldig mye opp i dagen og på linjene”. Begge utsegna er det først lett å seie seg samd i, men ser ein nærare på dei språklege verkemidla i teksten, vert biletet nyansert. To motsette teknikkar vert spelt mot kvarandre: Utelating og overdriving.

At foreldra er drepne av snødskredet vert aldri direkte nemt av forteljaren. I staden seier han: ”Eg vil heim. Heim til mor og far” og insisterer på at ”Alt er heilt vanleg”. Då læraren fortel til klassen at guten no er utan både mor og far, vil guten helst gå laus på og knuse han, men skrik i staden av all makt at læraren skal halde kjeft. Slik får Seljestad fram fortrenging og manglande aksept av det store tapet. Ei kort sexscene oser regresjon, og berre slik, indirekte, kjem smerta fram.

Prosaen er broten opp med diktsekvensar som kvernar vidare om isberget. Dikta er i og for seg ikkje imponerande, men eg trur Seljestad her vil illustrere forsvarsmekanismar som har gått over i vrangforestillingar: For å ikkje bli knust av isberget, har guten spunne ein mytologi rundt seg sjølv der han har vorte isberget; han er ikkje sårbar, han er livsfarleg, ja, reint ut allmektig. Han har med andre ord blitt den ”psykoen” han er så redd for å bli stempla som.

Seksualisert språk
I ein relativt kort tekst som kun skildrar nokre få episodar, er bruken av overdriving påfallande, likeeins den seksuelt ladde språkbruken. Noko så trivielt som å låse opp ei dør vert skildra slik:

Med den store hotellnøkkelen låser eg meg inn på rommet. Den store gylne nøkkelen sklir friksjonslaust inn i det passande holet i døra. Problemlaust søkk han inn i det blanke nøkkelholet. Som smurt glir den lange riflete romnøkkelen på plass der han retteleg høyrer heime. Romnøkkelen botnar i det glatte nøkkelholet.

Koplinga mellom frustrasjon, raseri og seksualitet var eit forurolegande, men interessant trekk alt ved Seljestads debutroman i 2005, Blind. I denne nye romanen finst det same trekket kun i språket, ikkje i handlinga. Dei stadige gjentakingane, som i og for seg er irriterande, illustrerer det avmektige raseriet som kvernar og kvernar i hovudpersonen, og endar uunngåeleg i vald. Men at det seksualliserte språket dukkar så umotivert opp, gjer meg nysgjerrig på koplinga mellom sex og aggresjon i psykologiske forsvarsmekanismer.

Stilen til Seljestad verkar ikkje stort meir subtil enn eit snøskred. Men mangelen på undertekst er berre tilsynelatande, den overtydlege stemma tilhøyrer ikkje Seljestad, men forteljaren. Forfattaren Seljestad raser altså ikkje av garde som eit anna naturfenomen, men ein snøfresar kan eg vel kalle han: Det ligg atskillig mekanikk bak den rå styrken.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Her er lenke til ein artikkel om antisosial åtferd som langtidsverknad av traumer. Verkar svært relevant for det Seljestad skildrar i Isberg

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: