Pappa, pappa, helvetes pappa!

Det er døde, kvite menn som har lagt premissane for norsk samtidslitteratur. Nærmare bestemt autoritære, alkoholiserte og emosjonelt fråverande fedre.

Det ein spesiell type roman det etterkvart har kome så mange av at vi nesten burde opprette ein eigen undersjanger: Far eller mor er død eller døyande. Den vaksne sonen eller dottera tenkjer attende til barndommen, og gjennom resten av boka vekslar synsvinkelen mellom den vaksne forteljaren og barnet han ein gong var. På 2000-talet er det mennene som har dominert denne sjangeren fullstendig, det er nesten nok å nemne Karl Ove Knausgård, men for skams skuld får eg også slenge på Tore Renberg og Lars Ove Seljestad. Sjølv om det også finst bøker om mor, har norsk litteratur rett og slett eit digert farskompleks.

Det finst òg ei lang rekkje bøker som ikkje følgjer malen ovanfor til punkt og prikke, men som på ulikt vis utforskar ein emosjonelt vanskeleg relasjon mellom den mannlege protagonisten og farsfiguren, bøker av til dømes Carl Frode Tiller, Johan Harstad, Sondre Midthun, Terje Holtet Larsen. Og Anne Oterholm, som uventa kjem inn frå spinnesida . Kanskje var det Per Petterson som starta trenden med Ut og stjæle hester i 2003? Den boka treng neppe nærmare introduksjon, og det er vel ikkje utenkjeleg at den enorme suksessen Petterson fekk med barndomsskildringa av siste sommar med far kan ha inspirert fleire til å prøve noko liknande.

Eller eg kan gå sosiologisk til verks, og gjette at alle desse emosjonelle vanskane mellom generasjonane har oppstått fordi far ikkje lenger dug som rollemodell i eit samfunn som har endra seg raskt og gjennomgripande. Det er lenge sidan Per Bufast i Det store spelet opplevde det trugande å høyre det insisterande refrenget til faren: ”Du skal vera på Bufast all din dag”. I Tarjei Vesaas-romanen frå 1934 endte det godt ved at Per innsåg at livet på odelsgarden trass alt var det beste for han, men idag er problemstillinga knapt relevant lenger, og mannsidealet eit heilt anna. Likevel er den gamle tida berre to-tre generasjonar unna, og mange søner må ha havna i skvis mellom normene til faren og normene til samfunnet elles. Er det seinverknadane av dette vi har lese om dei siste åra? For det kan verke som sjølv forfatterar som forlengst har eigne barn framleis først og fremst er søner, søner som sørgjer over ein far som ikkje var slik dei hadde trengt at han var.

Eg undrar: Kva hende med forfattaridealet etter Henrik Wergeland og Bjørnstjerne Bjørnson; myndige menn med tru på eigne meiningar, med visjonar om eit betre samfunn og vilje til å vise veg inn i framtida? Kva hende med fadermordet; nye generasjonar som vil gjere vrak på gamle verdiar for å sjølv ta kontrollen, slik Knut Hamsund gjekk til åtak på Henrik Ibsen og den realistiske litteraturen? Er det ikkje plass til slike offentlege figurar i det postmoderne, fragmenterte, intimitetstyranniserte norske samfunnet? Den typiske forfattaren idag, kanskje også den typiske nordmannen, ser ut til å vere ein person som granskar barndommen sin med lupe, samtida si i speilet og framtida – ja, framtida tenker vi minst mogeleg på. Eg seier ikkje at det er feil, men det er ein trend som har blitt både lang og brei. Det er på tide å komme med dei kritiske innvendingane. Kanskje det også er på tide å komme seg vidare?

Les resten av essayet her (pdf)
Essayet er tidlegare publisert i Litteraturtidsskriftet Kuiper nr. 1/2012

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: