Terje Holtet Larsen: Dilettanten

Faen. Kvifor har eg ikkje lese Terje Holtet Larsen før?

Eg prøvar å trøyste meg med at ingen har lese alt. Men Terje Holtet Larsen skulle eg ønske at eg hadde følgt sidan debuten i 1991, for han skriv melankolsk, gamalmodig prosa med sjølvironi og vidd. Sitat: ”Han var en mann som etter beste evne forsøkte å holde ut det hele, utholde sin formløse sorg, og det med en viss eleganse”.

Eit raskt søk på nettet fortel meg at Holtet Larsen i år vidareutviklar tematikk som er velkjend i forfattarskapen hans. Salige Øystein Rottem skreiv alt i 1997 i Dagbladet at Holtet Larsen presenterer oss for outsiderfigurar i eksistensielt eksil, og at dei har uavklarte relasjonar til foreldre dei kjenner seg avmektige i høve til. Det kunne like gjerne ha vore skrive om Dilettanten. Holtet Larsen har også heilt sidan debuten blanda sjølvbiografiske element og essayistikk med fiksjon, og er dermed i litterært slektskap med mellom andre Nikolai Frobenius, Tomas Espedal og Karl-Ove Knausgård. Det hadde ikkje vore for tidleg om han no fekk litt av den samme merksemda.

Biletet av Oscar Muri jr.
I Dilettanten møter vi, i alle fall tilsynelatande, det sjølvbiografiske i ei rammeforteljing der forfattaren av Home is where you die, sier Mr. Saunders blir invitert til herreklubben The Dandy Dilettantes for å lese frå boka si. Der ser han ein mann med ”en grunnleggende mangel, nemlig evnen til deltakelse og tilhørighet”, og meinar å sjå seg sjølv i han. Oscar Muri jr. er ein overflødig mann, mislikt av sine eigne foreldre og plassert i ei leiligheit på Frogner for å leve på nåde, grunnleggjande einsam og framandgjort. Gjennom den vidare skildringa av Muri, presentert som hans eigne notat, får vi eit speilvendt sjølvportrett av forfattaren i rammeforteljinga. Det er eit portrett som etterkvart minner ganske mykje om The picture of Dorian Gray: Som biletet i Oscar Wildes vidgjetne roman får Muri stadig meir groteske trekk; det vert tydeleg at han har utvikla seg til eit kjenslekaldt skal av ”god smak” og trangsynte fordommar. Som forteljar er han nok heller ikkje heilt påliteleg.

Likevel vippar historia aldri over i det eintydige: Det er gode grunnar til å synes synd på Muri, som fekk lære heime at han var ubrukeleg og fråstøytande, og som endar opp med ikkje berre å tru på det, men med å vie livet sitt til å halde førestellingane foreldra har om han ved like. Holtet Larsen speglar indoktrineringa ved å la Muri fortape seg i gjentakande skildringar av dei hjartelause foreldra. Sjølv om det har ein funksjon, er det likevel det minst heldige grepet i boka, som dermed har blitt langdryg.

Dyre vanar
Men han reddar seg inn med stilistisk særpreg, også her i slektskap med Oscar Wilde. Språket er eit gamaldags og tidvis omstendelig riksmål spekka med ”anbehetelser”, men det sit på forteljinga som den dyre smokingen på Muri. Vidare balanserar Holtet Larsen på grensa mellom det triste og det perfide på ofte underhaldande vis.

Til dømes feirar Muri sin eigen 40-årsdag aleine med å kjøpe hovudtelefonar til over ti tusen kroner og lytte til ”uendeleg lange Händel-operaer i nok et meningsløst forsøk på å utvikle et lidenskapelig forhold til disse operaene, noe jeg aldri har greid, heller ikke denne gangen”. Samstundes drikk han dyr champagne, som han, når han skal vere ærleg, aldri har vore begeistra for, og vaknar seint på natta med hovudpine og tørr munn. Skål for eit stilfullt liv!

Men boka er meir enn Muri; ein avsluttande epilog tar oss attende til forteljaren og hans eige familiedrama. Det er ein sterkt slutt. Dilettanten vil ikkje berre vere eit passande tilskot til ei smakfull bokhylle, dette smakar av ekte daning.

Tidlegare publisert, noko forkorta, i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: