Wendy Guerra: Jeg var aldri førstedame

Sorgtung, sensuell og fyrrig: Ein revolusjonær helgen, ei kunstnarmor i eksil, ei dotter på leiting. Guerra skriv springande og vakkert om den umogelege kjærleiken til Cuba.

Omsett av Kari Näumann
Bokvennen 2012

Det er ein klisje å kalle ein cubansk forfattar sorgtung, sensuell og fyrrig, men slik opplever eg likevel Wendy Guerra. Eller kva skal ein seie om ein forfattar som kan diske opp med formuleringar som denne: ”Kvelden hadde ett skudd igjen, en avsluttende patron.”

Kvinner og barn
Den aktuelle romanen Jeg var aldri førstedame kan lesast som oppfølgjar til boka som kom i fjor; Alle drar sin vei. Hovudpersonen Nieve Guerra vaks der opp, først med ei mor som var kunstnar og radiovert, sidan med ein valdeleg far. I boka av året er hovudpersonen vaksen og heiter Nadia Guerra, og det kan verke som historia byrjar der den førre slutta; Nieve gjekk kunstskule, Nadia er ein etablert kunstnar. Mora er også denne gongen radiovert – rettare sagt; var radiovert til ho blei for kontroversiell for styresmaktene og reiste i eksil. Det finst forskjellar òg, men tematikken er lik; korleis det vanskelege livet på Cuba driv folk i eksil og korleis det er for dei som blir att. Som vaksen gjer Nadia absolutt alt for å spore opp mora si då ho får sjansen til å forlate Cuba med pengar frå eit kunstnarstipend.

Tre kvinner står sentralt i handlinga: Nadia Guerra, mora hennar og Celia Sánchez, som òg prydar smussomslaget. Celia Sánchez var sentral i den sosialistiske revolusjonen på Cuba, revolusjonær førstedame, kunne ein kanskje seie. Her vert ho skildra som noko nær ein helgen, som alltid viste omsorg for dei rundt seg, òg vanlege folk.

Førstedame er ikkje eit omgrep som kling godt for meg; det tyder vel at ein er viktig, ikkje i kraft av seg sjølv, men i kraft av kva for ein viktig mann ein er støtteapparat for? Ein del av spenninga rundt skildringane har nettopp å gjere med kva relasjonar damene hadde til dei myteomspunne revolusjonsheltane: Celia var kanskje elskarinna til Castro, og for mora til Nadia var vennskapen med Celia og nokre få møter med Che Guevara nok til at ho vart kalla ”førstedame”. Eg skjønar ikkje heilt kva Guerra vil ha fram gjennom dette omgrepet, men ho ser ut til å meine at kvinnene som levde tidleg nok til å vere aktivt med i revolusjonen kom betre ut enn seinare generasjonar, då mange ektemenn og foreldre vart fengsla eller flykta.

Open klasse
Stilen til Guerra må vere inspirert av at ho er utdannan innan film, radio og TV: Boka startar med ein radiomonolog der hovudpersonen betrur seg til lyttarar i natta. Vidare finn vi dagboksnotat, brev, episodiske skildringar, radioføljetong, transkriberte samtalar samt fragmentariske notat skrivne av mora til hovudpersonen. Dermed blir det noko springande og ope ved presentasjonen, og sjølv om handlinga kan vere både dramatisk og pikant, er boka langt frå ei tradisjonell forteljing med innleiing, konflikt og løysing. Vi kan kalle det urein litteratur, i tydinga sjangeroverskridande. Slik unngår Guerra litterære klisjear og vekkjer interesse, men taper fordjupinga. Som lesar er det ikkje alltid lett å henge med i svingane her. Men teksten er tidvis svært vakker, og gir kunnskap både om cubansk historie og det som særpregar den cubanske mentaliteten 52 år etter revolusjonen.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: