Riikka Pulkkinen: Sannheten

Ja visst gör det ont: Ein bukett av fine formuleringar og sanningar om livet som sikkert vil gjere det bra som bokklubbok.

Sannheten
Omsett av Tor Tveite

Riikka Pulkkinen, som debuterte med brask og bram i Finland i 2006, gjer no stor lukke med bok nummer to, Sannheten. Og ho er flink, det er ikkje tvil om det, her er det fine formuleringar og nøye utpensla scener som viser oss gleda og smerta ved forboden kjærleik. Likevel får eg denne uforklarlege trangen til å kanalisere Georg Johannesen på sitt mest sarkastiske: ”Så sørgeleg og interessant!”

Den farlege forelskinga
Kvifor det? Fordi dette ikkje kjennest viktig. Fordi det verkar som Pulkkinen er så forelska i fantasien og formuleringsevna si at ho har falt for freistinga til å skildre i langdrag ei historie som kunne ha vore fortalt på halve plassen eller mindre. Når det er sagt, så reknar eg med at dette er ei bok mange vil like fordi forfattaren dveler ved tema dei fleste kan kjenne seg igjen i: Når oppstår kjærleik mellom to framande, korleis kjennes det, korleis påverkar det hemmelege livet til dei vaksne det uskuldige bornet, korleis er det å miste nokon ein elskar.

Historia startar med at bestemora Elsa har fått dødsdommen og ektemannen Martti, dottera Eleonora og bornebornet Anna og Maria skal stelle henne heime til slutten kjem. Så får Anna vite at bestefaren hadde ei kjærleiksaffære med au pair’en Eeva då Eleonora var lita jente og Elsa reiste mykje på grunn av forskarkarrieren. Anna lever seg inn i skjebna til Eeva, og det blir hinta om at Anna sjølv har ei kjærleikssorg bak seg av same slag: Dobbel sorg fordi tap av elskaren førte til tap av den vesle dottera hans òg. Gradvis får vi, gjennom fantasien til Anna, eit bilete av trekantdramaet rundt den vesle Eleonora.

Pulkkinen gjer eit matt forsøk på å knyte den forbodne kjærleiken til normoppløysinga og ungdomsopprøret som toppa seg i 1968, men tidsskildringa er blind for det politiske og endar som ei bleik kulisse for det emosjonelle dramaet på kammerset. Det er som om forfattaren resiterer ”Ja visst gör det ont när knoppar brister!” medan ho har klype på nasen for ikkje å kjenne lukta av napalm.

Livet tyngre enn draumen
Til gjengjeld er teksten spekka med ”livet er”-formuleringar: ”Livet, selv når det er lykkelig, er langt mer beskjedent i virkeligheten enn i drømmene. Og samtidig veier det tyngre.” Det må ein vel kalle ei relativt beskjeden innsikt. Pulkkinen har elles høge tankar om kva romanen kan oppnå:

”Kanskje et helhetsbilde av livet bare var for Gud (…) Og for forfattere som stilte seg utenfor livet og trofast sporet opp hver eneste tanke og følelse hos alle skikkelsene sine og belyste hendelsene fra alle kanter.”

Nett det at romanen skaper eit fiktivt bilete av heilskap og meining, gav i si tid støyten til den litterære modernismen. Det er det kanskje surmaga å komme trekkjande med? Vi prøver jo alle å skjøne kva livet og verda er. Men å få desse fiktive karakterarane granska frå alle kantar opplevde eg som langdrygt, forenklande og ein smule sentimentalt.

Eg vil tru at Pulkkinen flyt til utlandet på båra av suksess som Märta Tikkanen, Monica Fagerholm og Sofi Oksanen har skapt, men ho har eit stykke igjen til deira litterære nivå. Det skal ein imidlertid ikkje laste omsetjar Tor Tveite for, han har gitt boka eit reint og presist norsk.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: