Vond og vakker draum

I Olavs draumar piskar Jon Fosse opp ein storm av skuld, kjærleik og angst. Historia er enkel, men verket har stor dikterisk kraft.

Forteljing
Jon Fosse:
Olav draumar
Samlaget 2012

Jon Fosse likar ikkje punktum. I forteljinga Olavs draumar, som er på 80 små sider, er det fem av dei, og det første kjem på side 69. Når språket aldri lar deg puste ut ved eit punktum, men stadig driv deg vidare, set det sitt preg på lesaropplevinga, og eg fekk rett og slett høg puls av det. Når hovudpersonen i tillegg går lukt inn i ulukka som ein forsagt skulegut, byrjar det heile å likne eit mareritt. Men ein vond draum kan òg vere vakker. Olavs draumar gjer sterkt inntrykk og opnar store rom for tolking og tenking.

Innhenta av fortida
Forteljinga er ei fortsetjing av Andvake frå 2007. Der møtte vi det unge kjærasteparet Asle og Alida som rømde frå heimbygda i ein stolen båt. Ho var høggravid, og då dei kom til Bjørgvin, nærma tida seg då ho skulle føde, men det fanst ikkje husvære for dei. Dei banka på hos ei fødekone, men då ho uventa nekta å ta imot dei, trengde dei seg likevel inn. Truleg måtte ho døy for at det nye livet skulle få eit rom å fødast inn i.

I Olavs draumar har Asle og Alida bytt namn til Olav og Åsta Vik, og dei har slått seg ned i eit fråflytta hus i Barmen med den nyfødde Sigvald. Men så får Asle det for seg at han må eit ærend inn til Bjørgvin att, for å kjøpe gifteringar. På vegen møter han Gamlingen, som kjenner han att som Asle og ser ut til å vite om alt det gale han har gjort. Derifrå går det berre éin veg for Olav.

”kvifor såg mannen etter han, kva kunne det vera, og kvifor gjekk mannen så sakte, tenkte Olav, og han byrjar å gå endå seinare og han ser mot fjorden og han ser at han er blenkjande og blå, og kvifor skal det, når endeleg ein dag fjorden blenkjer, gå ein mann der framføre han, ein svart mann, ein liten mann, ein samankrøkt mann, ein mann med ei grå huve, og kva er det mannen vil han, noko godt kan det knappast vera”

Slik høyrest det ut i den ordflaumen som er Olav si oppleving av verda, og vi kjenner igjen det rytmiske, gjentakande og samstundes presist skildrande språket til Fosse fra tidlegare utgjevingar. Spesielt i parti med sterk emosjonell lading verkar dette språket sterkt, og i Olavs draumar vert språket suggererande på ein angstframkallande måte. Det bles opp ein storm av skuld, kjærleik og angst, i Olav og i lesaren på hans vegne.

Draumkvadet
Den spesielle språkføringa byggjer òg opp under teksten sitt preg av draum. For det er gode grunnar til spørje seg om kva som er røynd og kva som er draum her. Boktittelen kan ein velje å lese bokstaveleg; skjer det heile i Olavs draumar? I så fall vil dei to, korte partia i boka som framstår som hallusinasjonar, kor Olav kjenner at han ligg i senga med Åsta, og seinare, at ho tek han i handa og reiser han opp, tvert om vere dei einaste partia som skildrar noko verkeleg; dei stundene då Olav vaknar frå draumen.

Ei slik lesing lar seg forsvare. Ordet «andvake», tittelen på den førre boka, har opphav i norrønt og kan tyde «nattevak», «søvnløyse» og «aktsemd». Der hender det at den utmatta Asle vippar mellom draum og røynd. Og ved å velje Olav og Åsta som dekknamn til det unge paret i Olavs draumar, knyt Fosse boka til Draumkvadet, den traderte balladen frå Telemark. Olav Åsteson er nemleg eit av namna som har vorte brukt på mannen som fortel om visjonen sin frå dødsriket.

Eit sentralt tema i Draumkvadet er spørsmål om skuld og soning. I Olavs draumar er det ugjerninga mot fødekona i Andvake som heimsøkjer Olav, i form av Gamlingen, som kan likne Gamle Erik sjøl, han som får grepet om livet ditt når du har gitt deg synda i vald. Han veit alt og er umogeleg å røme frå: Han forsvinn bak Olav på vegen for plutseleg å dukke opp igjen på skjenkestova. Så viser han seg å vere far til den forførande ungjenta som seinare gnir seg inntil Olav og stikk dei lange fingrane sine i lommene hans. Det er òg noko kafkask over skildringa når Gamlingen, som først sit på skjenkestova utan pengar, plutseleg ser ut til å vere både dommar og bøddel og lar Olav føre til fangeholet.

Handlinga i Olavs draumar er enkel og tragisk. Men den vakre ordflaumen, intertekstualiteten og det draumliknande tvitydige gjer den samla forteljinga om Asle (Olav) og Alida (Åsta) til eit verk med stor dikterisk kraft. Eg trur ikkje dette er slutten.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: