Sorga til den flinke jenta

Det er vel lite som er så forførande som ein framand som også har noko kjent ved seg. Den nyomsette boka til Assia Djebar vart for meg eit slikt møte.

Memoarer
Assia Djebar:
Ingen steder i min fars hus
Omsett av Kari og Kjell Risvik
Agora 2011

Eg må innrømme at eg er svak for den litt gamaldagse og elegante språkføringa som kan prege bøker omsett frå fransk. På same måte er eg svak for dei overdådige poetiske bileta ein ofte finn i bøker omsett frå arabisk eller hebraisk. Assia Djebar skriv seg inn i den franske sjølvbiografitradisjonen etter Jean-Jacques Rousseau og Marcel Proust, og kombinerer fransk retorisk daning med arabisk kultur. Resultatet er både kjent og framandt, analytisk og kjensleladd, klokt og vakkert.

Sjølv om desse dikotomiane tilsynelatande gjer det arabiske til det eksotiske på stereotypt vis, var det i skildringa av den muslimske jenta eg sjølv vart slått av gjenkjenning. Akkurat kva eg kjende meg igjen i, er ikkje viktig. Men at skildringar frå ein annan kultur og ei anna tid treff ein eksistensiell nerve og verkar så relevant for meg her og no, viser at dette er stor litteratur.

Tofaldig eksil
Assia Djebar er pseudonym for Fatima-Zohra Imalayen, født 1936 i Algerie, som då var koloni under Frankrike. Ingen steder i min fars hus tek for seg tida fram til 1953. Den blodige frigjeringskrigen bryt ut i 1954.

Barndommen Djebar skildrar er sterkt prega av dei forventningane foreldra har til henne: Ho skal vere flink, flittig og – ikkje minst – moralsk uklanderleg. Faren har progressive haldningar samanlikna med andre menn i det muslimske miljøet, men er likevel svært streng samanlikna med fedrene til dei franske jentene hovudpersonen går på skule med. Å leve under slike krav pregar sjølvsagt den unge jenta sterkt, og den dominerande kjensla i livet hennar er redsla for farens reaksjon om ho gjer noko feil.

I tittelen Ingen steder i min fars hus ligg det eit oppgjer og ei sorg. Konkret viser orda til historia om dottera til Muhammed som vart fråteken farsarven og tok det så tungt at ho døydde. Dette tapet av farsarv nyttar Djebar som uttrykk for at alt faren stod for vart utilgjengeleg for henne, både på grunn av kjønnet hennar og på grunn retninga livet hennar tok.

Samstundes knyttar ho sin eigen personlegdom til sterke og emosjonelle formødre ho etterkvart får vite meir om. Men òg kulturen dei levde i er tapt for henne, som for alle som vaks opp i det koloniserte Algerie: ”Kolonien er en verden uten arvinger, uten noe å arve. Barna fra den ene og andre siden kommer ikke til å leve i sine fedres hus!” Tida Djebar skildrar vert difor starten på eit tofaldig eksil.

Ei av dei viktige
Djebar fortel med suveren autoritet, og både dei konkrete hendingane i boka og refleksjonane ho knytter til dei kjem til å følgje meg vidare. Noko av det eg likte best, var at setningane ofte tok ei heilt anna retning enn eg forventa, både i innhald og biletbruk.

Til dømes er litteratur og sport dei mentale fluktrutene til den unge Djebar. Men mot slutten av boka spør forteljaren seg: ”Hadde jeg vært blind for meg selv, til tross for at jeg hele tiden rettet blikket innover?” Den flinke jenta som var full av lærdom og fordjupa seg i verdslitteraturen, visste ikkje kva som rørte seg i hennar eige hjarte, og var heller ikkje i stand til å ta gode val for livet sitt, sjølv etter ei krise som demonsterte at det bar feil veg.

Eg innleidde med å seie noko om språket i omsette bøker, for enten boka opprinneleg er fransk eller arabisk, er språket eg les norsk. Og denne opprinneleg franske teksten frå Djebar har omsetjarparet Kari og Kjell Risvik gitt eit nydeleg norsk språk. Ikkje ei språkdrakt, for orda er ikkje som det kvite ullsjalet mora til Djebar måtte svøpe heile kroppen sin i når ho forlet heimen. Språket er fingrane, augene og hjartet, sjølve kroppen til forteljinga.
Som resultat har ein forfattar eg ikkje hadde høyrt om før jul, no blitt ei av dei viktige, ei av dei eg opplever det som heilt naudsynt å lese meir av.

Tidlegare publisert i Dag og Tid

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: