Glimtfiksjon full av flørt

Gyrðir Elíasson flørtar med det okkulte og briljerer med vidd, men vekker sjeldan dei djupe kjenslene.

Noveller
Gyrðir Elíasson:
Mellom trærne
Omsett av Tone Myklebost
Bokvennen forlag 2011

Det er nesten ikkje grenser for kor kort ein tekst kan vere og likevel gje lesaren kjensla av å ha fått del i ei vesentleg historie. Kven har ikkje høyrt teksten Ernest Hemingway skal ha kome med då han vart utfordra til å skrive ein roman på berre seks ord: ”For sale: baby shoes, never worn.” Gyrðir Elíasson fekk i år Nordisk Råds litteraturpris for novellesamlinga Mellom trærne, som inneheld 47 tekstar som er frå tre til seks sider lange. Han skriv både vakkert, intelligent og leikent, likevel var det berre nokre få av tekstane som sat igjen i minnet mitt etter endt lesing. Det har tatt meg lang tid å kome fram til kvifor.

Helvete på Ikea
Dei korte historiene er meir prega av melankoli og nostalgi enn ytre dramatikk. Der er underliggjande drag av død og traumer, men midt i dette er det òg ein god del humor, av det mørkare slaget, naturleg nok. Mange av tekstane har form av minner, og det seier eg utan å gjere meg opp ei meining om det er minna til forfattaren eller til fantasien hans vi då har med å gjere. Andre tekstar har element av det overnaturlege eller skrekkfilmaktig uforklarlege ved seg.

Imidlertid opplever eg at forfattaren gir ei sterk føring for korleis dette skal lesast ved at han har kalla den aller første novella for Inferno, og let August Stridbergs spøkelse manifestere seg der, ved eit bord i kafeteriaen på Ikea. Den humoristiske påstanden er sjølvsagt at Ikea er inferno, eller helvete, ei påstand mannen min utan vidare vil slutte seg til. Men Inferno er òg tittelen på eit påstått sjølvbiografisk verk Strindberg utgav i 1897, kor han fortel om okkulte opplevingar. Samtida tolka boka som prov på at han leid av angst og paranoia.

Denne intertekstualiteten legg opp til at innslag av det overnaturlege i Elíassons noveller kan lesast som uttrykk for psykiske tilstander hos forteljaren. Men først og fremst les eg brudda på realismen som leik frå forfattaren si side, og at Elíassons flørt med det okkulte ikkje stikk så djupt, kjenner eg meg overtydd om etter å ha lese den humoristiske novella Magi. Der prøvar ein forfattar å drepe ein ven ved hjelp av voodoo fordi venen var kritiskt til nokre nyskrivne dikt.

«Flash fiction»
Elíasson leikar seg altså med novellesjangeren både ved det svært korte formatet og ved at han bryt med realismen som sjangeren i all hovudsak har vore prega av. På det vidunderlege verdsvide nettet har eg nett lært at det finst fleire omgrep for svært korte, litterære tekstar, og det mest brukte ser ut til å vere ”flash fiction”. Sjølv om Gyrðir Elíassons nyleg omsette bok – godt omsette bok, må eg skyte inn – er ei novellesamling, synest eg nemninga glimtfiksjon (mi omsetjing) er nyttig å ha når eg skal seie noko om tekstane, for eg opplever at det korte formatet stiller heilt spesielle krav til forfattaren om å treffe lesaren med ein gong.

Om vi ser attende på Hemingway’s seks ords forteljing ”For sale: baby shoes, never worn”, er ho effektfull fordi han rører ved sterke, djupe og ålmenne kjensler som på ein augneblink vekkjer innlevinga hos lesaren. Elíasson briljerer med intelligens, språk, teknikk og humor, men tekstane treff sjeldan emosjonelle strengar. Dei glimta eg kjem til å ta med meg vidare frå denne boka, er typisk nok dei som pirrar anten fantasien, gjenkjenninga eller empatien min. Eit døme er Nattskrifter, om forfattaran som skreiv ein roman i søvne. Eit anna er Speilbilder, om guten som byrja å spikke djevelfigurar den sommaren faren forlet familien, og som heldt fram med det sjølv om faren kom attende.

Elíasson lukkast best der tekstane etterlét tydelege bilete for det indre auget, eller der den uforløyste spenninga er størst.

Teksten er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: