Varmare, våtare, villare?

Då eg var i tenåra, og lånte i snitt ti bøker på biblioteket kvar veke, kom eg over ein novelleantologi med tittelen Et usendt kjærlighetsbrev og andre noveller om kjærlighet fra hele verden. Eg var sjølvsagt ute etter romantikk, og det fann eg, men av eit anna slag enn venta.

I novella Clara Shiatos skjønne liv brukar den hebraiske forfattaren Yoram Kaniuk 26 sider på å skildre ei dramatisk sjebne: Som 12-åring møter Clara sin store kjærleik, Shmuel, men dei blir gifta bort på kvar sin kant. Ho overlever jødeforfølgjingane under 2. verdskrig og emigrerer til det nyoppretta Israel, kor tilstandane er kaotiske. Clara jobbar som vaskehjelp, sørgjer over sonen som vart katolsk munk, trøstar barnebarnet sitt som er prostituert med ein valdeleg hallik, smuglar motvillig hasj til sonen som sit i fengsel og steller den døyande mannen sin. Så møter ho Shmuel att, dei giftar seg og flyttar til eit hus ved havet. Språket er herleg blømande og poestisk heseblesande, og siste setninga er slik:

”Siden satt de ved vinduet i rommet med den blå vasen og drakk myntete, og Shmuel spurte, Clara, hva tenker du på, og hun sa på livet, og han sa hva da, og hun sa jo, på hvor deilig livet var, hvor skjønt det var, dette mitt liv.”

Høyrest det banalt ut? Det er klart at den litterære stilen var romantisk og svært unorsk. Men for ei tenåringsjente – rein dynamitt! Den uventa sluttreplikken tok fullstendig knekken på meg, eg grein og grein, og i fleire år var denne novella ein skatt som eg tok fram og las av og til. Og grein kvar gong.

Likevel gjorde ikkje den sterke lesaropplevinga at eg kasta meg over andre noveller. Novellesjangeren har hatt lite å by dei av oss som innimellom likar å kjenne håra reise seg på armane medan vi les, og som har ein hang til ”sturm und drang”. Norske noveller har vore dominert av grå kvardagar, vanskelege relasjonar og mangelfull kommunikasjon, formidla så subtilt at du først etter avslutta lesing tek til å skjøne kva som eigentleg stod der. Den forståinga av novellesjangeren er ikkje eit særnorsk fenomen.

Lese heile bokessayet her (pdf).

Teksten er tidlegare publisert i Aftenposten K (desember 2011).

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: