Objektiv kjærleik

Romanen omtalar den farlege kunsten, men blir ikkje farleg sjølv.

Roman
Pia Tafdrup:
Stjerne utan land
Omsett av Janne Marie Fatland
Samlaget 2011

Kunsten er farleg, kjærleiken er farleg, og det farlegaste av alt er visst å vere både kjærleiks- og kunstobjekt på ein gong. Pia Tafdrup burde vite det, ho som har vore poet i 30 år. Produktiv og velrennomert er ho, og fekk i 1999 Nordisk råds litteraturpris for Dronningeporten. Stjerne utan land er hennar andre roman, og er no er omsett til eit stødig og velklingande nynorsk av Janne Marie Fatland.

Nyansert undring
Det karismatiske midtpunktet i teksten er fotografen Andreas. På ei flyreise byrjar han å gråte ved synet av den mykje ynge Rebecca fordi ho er så lik kona han mista for mange år sidan, og han ber om å få fotografere henne ved høve. Rebecca kan ikkje motstå spenninga som ligg i å bli sett og dyrka av Andreas, men det viser seg snart at det er omsynet til kunsten og saknet etter den avdøydde kona som dominerer livet hans, og etterkvart hennar òg. Naboen Sophia blir den Rebecca betrur seg til, og sidan ho har kjent både kona og den førre kjærasten til Andreas, kan ho setje hendingane inn i ein større samanheng.

Romanen har dette eksplisitt undrande ved seg som så lett kan verke sentimentalt og intellektuelt seintenkt. Det er ikkje saka her, tvert om er problemstillingane reelle og aktuelle, og handsaminga av dei intelligent. Styrken ligg i nyanseringa: Andreas er like kompromisslaus heile vegen i å gjere kvinnene han elskar til objekt for kunsten. Men det vert tydeleg at kvinnene har takla han på ulikt vis.

Dette er imidlertid ei bok som krev ein viss type lesarar; slike som trivst i det inderlege, langsame og ettertenksame. Komposisjonen motverkar det som måtte vere av dramatikk i innhaldet, ved at mest alt blir fortalt ved gjenfortellingar. Samtalane kor tidlegare hendingar vert vidareformidla har noko konstruert over seg som forplantar seg til heile historia. Fokuset er på refleksjonen, og spørsmåla hopar seg opp for forteljaren Sophia, men ikkje svara. Ho er journalist, og møter difor liknande problemstillingar som kunstnaren, men i motsetnad til Andreas har ho moralske skrupler. Så skaper ho heller ikkje stor kunst slik Andreas gjer.

Reint og temperamentlaust
Romanen gav meg assosiasjonar til Siri Hustvedt og Amalie Skram, men paradoksalt nok var det dei svakaste sidene ved boka som gav assosiasjonane. Som Hustvedt skriv Tafdrup om vakre, vellukka menneskje i eit urbant kunstnarmiljø, og det blir i overkant kontemplativt, reint og temperamentlaust. Og som realistane på 1800-talet nyttar Tafdrup lett tolkbare draumar til å formidle viktige poeng. Det er ein datert teknikk som legg overtydlege føringar på lesinga.

Dette overskuggar likevel ikkje styrken i boka, som er refleksjonane rundt konflikta som oppstår både i kunst og i journalistikk: Jakta på sanning og det ekte kan vere øydeleggjande for dei som får liva sine blotta til konsum for andre. Men sjølv om romanen omtalar den farlege kunsten, blir han ikkje farleg sjølv. Til det er problemstillinga for velkjent og presentasjonen for lite hardtslåande.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: