Margaret Skjelbred: Du skal elske lyset

Religion og traumer: Sukkersøt notid og traumatisk barndom blir middels god bok.

I romanen Du skal elske lyset går Margaret Skjelbred igjen inn i tematikken som har dominert dei mest leste bøkene hennar; religiøs barndom og born som blir påført traumer av slekta. Forteljaren er den aldrande Alva, som ser attende på barndommen sin i mellomkrigstida. Ho måtte flytte til garden kor den strengt religiøse morfaren regjerte etter at faren mista livet i jobben som el-installatør.

Lysspekteret
Lyset er eit sentralt og fleirtydig symbol i boka. Kristus er jo lyset for verda, og kravet som møter den i utgangspunktet livsglade og fantasirike Alva er at ho skal gje avkall på alle verdslege gleder for hans skuld. Så var det lyset i tydinga elektrisitet som drap faren hennar, men han vert igjen skildra som ein person som spreidde lys rundt seg både i bokstaveleg og overført tyding: Lysmastene han sette opp, spreidde lys og varme til heimane, og sjølv var han ein kjærleg og munter far. Til alt overmål vert dødsscena som romanen endar i, skildra som at Alva reiser ”rett inn i lyset” saman med faren. Eg veit ikkje heilt om eg synest det er modig eller dumt av Skjelbred å nytte den klisjen. Men når ”lyset” òg tyder døden, gir det tittelen tydinga ”amor fati” (elsk skjebna di), ei haldning som også pregar den forsonte haldninga til forteljaren.

Tematisk går romanen inn i den religionskritiske tradisjonen etter Arne Garborg (Fred) og Bergljot Hobæk Haff (Skammen), for å nemne to av dei mest kjente. Fokuset på livsvilkåra for kvinner og homofile då og no gjer at tankane òg går til Hundre år av Herborg Vassmo og Berlinerpoplene av Anne B. Ragde, men etter mi meining er denne boka svakare.

Om lag dei første 150 sidene er djupt keisame. Teksten er småpratete og gjentakande, slik den gamle hovudpersonen Alva kosepratar historia fram til spedbarnet ho passar for dei nye venene sine, det lesbiske paret Pam og Kris. Komposisjonen er bygd opp rundt kontrasten mellom den sukkersøte notida og den grusomme fortida, og det tek mykje av brodden av historia. Handlinga blir etterkvart tettare og meir dramatisk, men sjølv om alt er truverdig nok, verkar mange av karakterane eindimensjonale. Skjelbreds førre roman, Mors bok frå 2009, var fortalt i ein liketil, sjølvbiografisk stil, og var både betre og meir nyansert.

Empatien
Skjelbred vart kjent for eit større publikum med Gulldronning, perledronning (2004) har fått svært gode kritikkar for dei siste tre bøkene sine. I meldinga i Dagbladet av Gulldronning, perledronning skreiv Knut Olav Åmås at Skjelbred har fått ein del negativ kritikk fordi språket hennar, ”raskt lest”, kan bli oppfatta som sentimentale ukebladnovelle-klisjear. Vidare: ”Jeg tror det kreves en type feminin (uavhengig av kjønn, værsåsnill) følsomhet, åpenhet og intuisjon for å skjønne hvordan hun er god. ”

Eg er samd i at ei bok kan vere god sjølv om ho nyttar eit relativt enkelt litterært språk; komposisjonen og historia betyr sjølvsagt mykje. Men det er interessant at Åmås òg nyttar adjektiv som konvensjonell, langtekkeleg og overtydeleg, men er redd for at karakteristikkane vil redusere boka ”utilbørlig”.

Om vekta er på kvaliteten av den empatiske innlevinga, slik Åmås hintar om, kan vurderinga kritikaren gir av boka bli oppfatta som eit mål på kor gode empatiske evner han eller ho har. Men det tener ingen om visse typar innhald vert oppfatta som så sensitivt at kritikaren ikkje tør å uttale seg om dei litterære kvalitetane, noko Susanne Christensen tok opp i meldinga si av Beate Grimsruds En dåre fri i 2010. Så det må seiast, sjølv om det kjennes som eg spenner bein for ei skrøpeleg og snill bestemor; Du skal elske lyset er ei middels god bok.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: