Poesien i andres smerte

Stridsberg er ein suveren stilist, men menneska druknar i tristessen i Darling River.

Roman
Sara Stridsberg:
Darling River
Omsett av Monica Aasprong
Aschehoug 2011

Sara Stridsberg fekk Nordisk Råds litteraturpris i 2007 for romanen Drømmefakultetet. Der skreiv ho ein slags poetisk skiten realisme med utgangspunkt i livet til Valerie Solanas, kvinna som blei verdskjend for å ha skote på Andy Warhol og som utgav manifestet S.C.U.M. (Society for Cutting Up Men.) Skjebna hennar var prega av vanskjøtsel, lengt etter mor, seksuelt misbruk, rus, prostitusjon, sjukdom og død. Men òg homofil kjærleik, overlegen intelligens og trass. I Stridsbergs nye roman, Darling River, finn vi den same fascinasjonen for det overdådig triste, rå og vakre: ”Skyldens rose, dødens rose, ødeleggelsens rose, skjebnens rose.”

Suveren stilist
Darling River har undertittelen Doloresvariasjone; forfattaren har late seg inspirere av Vladimir Nabokovs roman Lolita. Dei fire historiene som vert fortalt parallelt – men ikkje kronologisk – ber preg av å vere poetiske fantasiar med utgangspunkt i skjebna til den prepubertale femme fatale Dolores.

Visuelt er boka som ein amerikansk roadmovie: Vi møter jenta Lo som køyrer rundt med faren sin som nettene, som er med mens han plukkar opp prostituerte og sjølv tek imot rekkjer av elskarar ved elva. Vi møter den gravide Dolores som køyrer rundt med ektemannen Richard, og ei deprimert mor som har forlatt mann og barn og reiser rundt i verda som fotograf. Og til sist ein fransk vitskapsmann som prøvar å tvinge ein ape til å underkaste seg viljen hans og teikne på kommando. I kapittel kalla Encyklopedi får vi servert kortfatta, poetiske utforskingar av motiv som går igjen i teksten (barselsenga, fotografiet, speilet, demonbarnet).

Darling River demonstrerer for ein suveren stilist Stridsberg er. Den elegante komposisjonen, dei poetiske stemningane og originale metaforane samt indignasjonen som dirrar mellom linjene – alt dette er kvalitetar som kjenneteiknar forfattarskapen hennar.

Estetisert tragedie
Likevel – der Drømmefakultetet traff meg som ei bombe av overveldande bilete, rå røynd, knivskarpt raseri og hjarteskjerande tragedie, opplever eg at Stridsberg i Darling River både gjentek seg sjølv og overdriv verkemidla. Alt peikar i same retning: kvinner er offer både for kroppens og mannens tyranni.

Spesielt historia om Lo – som blir forlaten av elskarane når dietten av alkohol, pillar og sukker gjer henne sjuk og feit – er fullstendig nedsenka i apati og elende, både psykisk og fysisk. Det samme gjeld historia om Dolores. Verda deira er skildra som gjørmete, feittete, usunn og stinkande, sjølv himmelen er ei ”hinne” eller ”opphovna”. Fødselsscena i boka er så traurig og ekkel at det bikkar over, her smører Stridsberg for tjukt på med ”mudder, avføring, skjemt blod og søte dødsvæsker”.

Sjølvsagt er mange av skildringane sterke på den gode måten, spesielt apen som møter den stakkarslege overgriparen sin med trass så langt ho maktar, gjorde inntrykk på meg. Likevel synes eg Stridsberg langt på veg reduserer tragedier til materiale for ein estetisert ”filthy realism”.

Omsetjar Monica Aasprong ser ut til å ha levert ei presis og god omsetjing. At alt frå fingrar og hår til undertøy vert skildra som ”gjørmete” får forfattaren ta skulda for.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: