Med tjukk strek

Debuten Orgien og andre fortellinger er prega av klare tale og svart humor om bedrag og sjølvbedrag i sosiale relasjonar.

Forteljingar
Nina Lykke:
Orgien og andre fortellinger
Oktober 2010

Nina Lykke er ein vaksen debutant, fødd i 1965. Innhaldet i forteljingane hennar ber preg av at ho har samla erfaringar og innsikter, her er det verken luftige illusjonar eller romantiske idear. Vi møter 52 år gamle Arne som har ”revet opp en familie og gått dit pikken pekte”—det vil seie til 26 år gamle Maria i ei leiligheit full av loppemarkedmøblar – og som innser at det kanskje ikkje var så lurt. Vidare gamle venninner, søsken og andre familiemedlemer som ikkje kan fordra kvarandre, sjølvsentrerte bohemar og – i tittelforteljinga – ein mann som blir til eit bleiebarn av å få sine seksuelle dagdraumar oppfylt.

Tapte illusjonar
Alle tekstane i boka er prega av tapte illusjonar. Bak rollespelet i dei ulike sosiale relasjonane er det ikkje mykje godt menneskeleg fellesskap å finne, berre det lille som vert att av gjensidig nytte når alle har satt sine eigne behov først. Boka er altså svartsynt, og sjølv om dette gir nokre fine humoristiske utslag, gjer mangelen på lysare nyansar sitt til at tekstane kan bli noko eindimensjonale. Det positive med denne innstillinga er at historiene trass i ein del velkjente tema unngår dei verste klisjeane, spesielt gjennom kva som ikkje skjer. Eit døme er når den skilte Arne brest i gråt heime hos ekskona, utan at ho hevar eit augnebryn eller kjem han i møte på nokon måte. Eller når den eldre søstera opnar seg for den yngre og fortel at ho har ein elskar ho må gjere det slutt med, men i staden for søke trøyst endar med å seie at ho ikkje vil ha noko meir med søstera å gjere.

Ein meir opplagt, men til gjengjeld morosam og gjenkjenneleg vri, finn vi i forteljinga Skål for kokken. Her er Kari og Knut på middagsbesøk hos gamle, ikkje så gode vener, som viser seg å ha arva fem millionar, pussa opp huset og kjøpt sommarhus i Toscana. Og i tillegg har dei ei dotter som spelar fiolin og blir kalla ”meket begafet” av den austeuropeiske lærare sin. Slikt blir det mange falske utrop og låttar av, og det held hardt for Kari, som blir stadig strammare i munnvikane og nakkemusklane: ”Allerede nå visste hun at hun ville bli nødt til å snakke om Elin og Erik på veien hjem, tømme seg. Det var en fysisk nødvendighet, som når man kjenner at man må på do”. Sjølvsagt viser antipatiane seg å vere gjensidige. Men som det litterære bildet i dømet, kan også teksten balansere på grensa til det sjølvsagte og litt for direkte.

I driftenes vald
Den mest interessante teksten er tittelforteljinga Orgien. Her sprengjer forfattaren den realistiske ramma og rører seg over i det symbolske. Forteljaren får med seg to kvinner heim som ikkje ser ut til å ønskje anna frå han enn eit evig, trefaldig samleie. Det skal komme til å ha ein uventa effekt på han; uklar tale og trong til graut og bleier. Det er eit artig retorisk grep å la hemningslaus seksuell utfalding leie til full regresjon inn i ei driftsstyrt hjelpeløyse. Men det er samstundes eit så sterkt grep at ein i utgangspunktet spennande tanke står i fare for å ende som karikatur.

Det skal seiast at det er mange som blir gode forteljarar i kraft av å ha sterke meiningar og evne til retorisk spissformulering, og eg ser likskapar mellom Lykke og to andre relativt ferske og svært gode novellistar: Nicolai Houm og Lars Petter Sveen. Også dei skriv tekstar prega av tydeleg engasjement, tek sterke verkemiddel i bruk og rører seg over i det burleske. Eg har sansen for dette, men Lykke har ein veg å gå når det gjeld å gi rom for undertekst og nyansar.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: