Amerikansk draum med russisk sjarm

Ein amerikansk suksessroman om tøffe, russiske realitetar har blitt ein etnisk tilpassa versjon av den amerikanske draumen.

Roman
Anya Ulinich:
Petropolis
Omsett av Kyrre Haugen Bakke og Eva Storsveen
Pax 2009

Petropolis er ein debutroman av det slaget som med jevne mellomrom kjem frå USA eller Storbritannia og feiar med seg prisar og lesarar i mange land: Det vil seie at ein forfattar med stort talent har kjempa seg fram blant mange andre nesten like talentfulle konkurrentar, blitt utvald og satsa på av ein dyktig agent og deretter bearbeida og kvalitetssikra etter alle kunstens reglar. Slikt blir det som regel god litteratur av, kanskje ikkje smal avantgarde-litteratur, men god og lesarvennlig litteratur. Det underliggande hjartesukket mitt er sjølvsagt: Om berre norske forlag kunne satse litt meir på kva bok, kunne mange norske utgjevingar bli mykje betre. Generelt blir mange norske utgjevingar føysa gjennom systemet utan tilstrekkeleg bearbeiding. Og her står eg knallhardt på krava; det er berre sluttresultatet som tel, ikkje kor mykje ein dyktig redatør har klart å forbetre eit dårleg utgangspunkt, som gjerne er forlaga sin standard for kva som er godt nok.

Komisk tristesse
Men – attende til den aktuelle boka. Debutanten Anya Ulinich kom som immigrant frå Russland til USA 17 år gammal. I Petropolis skildrar ho korleis halvt jødiske, men totalt areligiøse, halvt svarte, men kulturelt heilt russiske Sasja veks opp i den triste sibirbyen Asbest 2 og seinare reiser som postordrebrud til USA. Her kjem ho på spor av faren sin, som forlet familien då ho var 10 år. Historia er fortalt med uvøren, koksgrå humor, kvardagsleg realisme og eit rett-på-sak, men artig språk som er forfriskande å lese.

Språket, både korleis det er brukt og ellers referert til, er det beste med heile boka. Som her: ”Det ene ordet ponjakhali betyr ’de kom i løpet av et visst tidsrom, i så store mengder at det ble en plage’.” Og her, kor Sasja drøymer om å komme heim til mora med ein sjarmerande amerikanar: ”’Zdravstvujte! skulle han si til fru Goldberg og uttale hver eneste stumme konsonant.” Til alt overmål er det heile plettfritt omsett av Kyrre Haugen Bakke og Eva Storsveen (og sikkert ein dyktig redaktør).

Det er utruleg mykje moro å få ut av eit trist liv om det blir fortalt på rette måten, og Ulinich fortel på den rette måten. Boka byrjar med at mora har bestemt seg for å få dottera med på ein passande fritidsaktivitet for ”barn av intelligentsiaen”. Etter ei runde opptaksprøver kor Sasja blir avvist med taktfulle dommar som ”fullstendig tonedøv” og ”overvektig og ukoordinert”, kjem ho til sist inn på ein kunstskule. Han ligg i ein fuktig kjellar i ei blokk kalt ”Etter målti”, fordi blokka står i ei rekke av seks blokker som er påmalte den merkelege propagandabodskapen ”HYLLEST TIL, SOVJETHÆREN, PUSS TENNER, ETTER MÅLTI, VELKOMMEN, TIL ASBEST 2 og MØNSTERBY!” Det er jo uimotståeleg, fordi det verkar fullstendig autentisk. Er det oppdikta, blir eg både forundra og imponert over forfattaren.

No er ikkje dette berre ein morosam roman, det er like mykje ei nøktern skildring av den tøffe røynda i Russland, og om den russiske kulturen som klarer å bevare verdigheita og høge daningsideal trass i stor fattigdom. Og slikt likar vi nordmenn å lese om, merkeleg nok, som om ikkje vi liknar meir på dei bortskjemte amerikanane Sasja etterkvart møter.

Røff sjarm
Ulinich har heldigvis stått imot freisinga til å la hovudpersonen utvikle seg til ein vakker mulatt som viser seg å vere spesielt talentfull, ho er og blir ei kraftig bygd jente med store plattføter, middels malartalent og null musikalitet, men mykje trass og pågangsmot. Som Sasja har boka òg ein røff, men liketil sjarm. Handlinga er faktisk ganske enkel og slutten ganske så lukkeleg, som ein ventar av ein bestseljarroman. Men det heile er godt fortalt i ein nøktern stil, så ein sit igjen med inntrykket av å ha lese ein edrueleg og morosam versjon av eit liv som hadde ein tøff start, men tilfeldigvis endte godt. Det må vere den amerkanske draumen slik den blir forma i møtet mellom barsk, russisk kultur og amerikanske krav til kommersiell appell.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: