Sjarmerande frå Dahle

Ingen skriv enkelt om alvorlege emner som Gro Dahle.

Biletbok
Gro Dahle:
Ikke gi opp håpet, Werner
Cappelen Damm 2005

Det er ei vakker bok Gro Dahle har utgitt no. Innhaldet må vel karakteriserast som ei enkel illlustrert forteljing, men den totale utforminga har blitt ei lita perle. Det er for fyrste gong Dahle sjølv som har laga illustrasjonane, og det har ho kome vel ifrå. Dei er ei sjarmerande blanding av enkle strekteikningar og kollasjar i svart-kvitt. Eg er ikkje kunstkjennar, men eg synest Dahle har ein god og humoristisk strek som kler teksten. Spesielt artig er bruken av fotografi og notebilete som er lagt inn i kollasjane.

Teksten er, som så ofte hos Dahle, enkel på grensa til det simplistiske, men det skin stadig gjennom at vi har å gjere med ei dame som vel orda sine med omhu. Stadig møter vi ein lågmælt humor, både i teksten og bileta, men innhaldet er eksistensielt alvor servert på ein på ein lett og liketil måte. Boka handlar om Werner, som alltid har budd saman med faren sin. Når faren døyr, byrjar etter ei stund jakta på nokon å dele livet sitt med, dyr eller menneske. Og i den prosessen får vi også innblikk i korleis Werner sitt liv har vore, og korleis han har blitt forma. Han er ein forsiktig mann som opplever mykje død etter kvart, og han blir ikkje modigare av det. Han lever eit stille liv, stille og forsiktig som så mange gjer.

Det handlar på sett og vis om korleis kvart menneske navngir og tolkar verda si, slik Adam ein gong i Paradis leita etter nokon som kunne halde han med selskap, og gav navn til alle dyra. Den forrige boka eg las av Dahle, var prosalyrikksamlinga Loop (2001). Den hadde noko av den same tematikken; då handla det om korleis mennesket blir sosialisert inn i verda. Også i boka av året ser vi sirkeltematikken, korleis kvar generasjon vert forma av den forrige. Men eg skal ikkje seie så mykje meir om teksten, han talar best for seg sjølv. Her er ein liten smakebit:

Werner var alene i hagen. Werner var alene i gangen. Han sto foran speilet og tenkte på faren sin. Han tenkte litt på moren sin også og på hunden og på katten og på en elv som gled sakte over ruglete steiner. Han tenkte på ein kråke med brukket vinge. Og på en gris han hadde sett bilde av i avisa. Werner hadde hørt at griser var både intelligente og sjarmerende dyr. De kunne finne veien ut av labyrinter, og spille tv-spill ved å trykke med kloven. Imponerende saker. Du skal hete Gris! sa Werner.

Det er sjølvsagt mangelfullt å lese teksten utan å sjå bileta. Så gå i bokhandelen og ta ein kikk! Dette er ei sjarmerande, lita bok som kan glede både vaksne og born. Og ho toler mange gjennomlesingar. For ingen skriv enkelt om alvorlege emner som Gro Dahle.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: