Ein sjeldan fugl

Lågmælt og vakkert mannsportrett av ein kjenslevar einstøing.

Roman
Øivind Hånes:
Pirolene i Benidorm
Gyldendal 2005

Pirolene i Benidorm handlar om Gordon, ein ungkar tidleg i 40-åra, einaste son i ein arbeidarfamilie frå Sherborne i Storbritannia. Sentralt i handlinga er fascinasjonen hans for fuglar, og då spesielt for den sjeldne pirolen, som han såg for første gong som pynt i hatten til ei dame. Som 11-åring skyt han ein ein trost med hagle for å imponere ein kamerat. Dette vert for han ein skade på sjela som han ikkje føler bli lækja før han 30 år seinare hjelper ein annan ”laus fugl”, den russiske jenta Tatjana som har havna i hendene på skruppellause menn i Benidorm.

Benidorm er turiststaden i Spania som er sjølve biletet på smaklaus masseturisme: Skyskraparar fulle av bleike og forfylla nordeuropearar som kjem til Solkysten for å nyte strandliv og billeg alkohol. Gordon var her sist som femtenåring saman med foreldra sine i leiligheita dei hadde kjøpt. No er dei døde, og Gordon kjem attende for å selje bustaden. Men så er det altså slik at det er observert pirolar i fjellet ved Benidorm, og dermed blir han buande ei stund, og får sjå nye sider ved byen. Gordon kjenner seg bunden av livet, han kjenner at alt er fastlagt. Det er difor han er så fascinert av fuglar. Boka byrjar slik: ”Han ante det i fuglene. De var vesener som pustet i en annen luft, seilte under en annen himmel, speilte seg i et annet vann og navigerte etter andre tegn. De var ikke, som resten av verden, støpt inn i jern”.

Fortent merksemd
Øivind Hånes har utgjeve sju romanar og to novellesamlingar sidan debuten i 1991, og har fått gode kritikkar. I år har han blitt nominert til Nordisk Råds litteraturpris, og dermed får han auka merksemd. Det fortenar han.

Dette er ikkje ein spennande tekst, men ein tekst som veks i det stille, som får deg til å tenkje. Byrjinga er nydeleg, men stilen seinare er så liketil og lågmælt at det tek litt tid å oppdage poesien som ligg i dei presise skildringane. Vi følgjer Gordon gjennom kvardagslivet hans i Benidorm, med nokre tilbakeblikk til oppveksten innimellom. Og vi får del i tankane han har gjort seg om livet og menneska rundt seg. Tematikken blir kanskje litt mykje utbrodert heilt mot slutten, men eg synes likvel det er vakkert, fordi det viser oss Gordon si eiga tolking av det han har opplevd. Etterkvart som eg las, vart eg nemleg meir og meir gripen av det vakre portrettet av Gordon som vaks fram.

Vi får kome på innsida av livet og tankane til ein mann som gjer lite av seg i samfunnet, ein einstøing eg kanskje kan kalle ein nerd: Oppslukt av jobben sin som ingeniør på eit atomkraftverk og av hobbyen, som er å fotografere fuglar. Han er ein raring, som slikkar tallerkenen etter kvart måltid og et tubeost rett frå tuba. Og når han kjem over eit par som har sex i skogen blir han ikkje opphissa, men frå seg av avsky over slik utuktig framferd. Gordon er særs kjenslevar og omtenksam, han er av den forsiktige typen som aldri gjer noko risikabelt og spontant, dermed hender det heller ikkje så mykje i livet hans før nokon utanfrå nærmast trengjer seg på han. Og heldigvis skjer akkurat det.

Uventa vakkert
I ein klisjefri tekst viser Hånes at det vakre kan finnast der ein minst ventar det, blant stusselege skjebner og souvenir-juggel i ein forfallen turistby. Tittelen seier eigentleg alt: Sjølv i Benidorm kan ein finne sjeldne, verdifulle fuglar. Og ein av dei heiter altså Gordon og er atomingeniør.

Tidligare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: