Magisk eskapisme

Susanna Clarke brukte 12 år på debutromanen Jonathan Strange & herr Norrell. Til gjengjeld tok det boka under eit år å bli ein klassikar i Fantasy-litteraturen.

Roman
Susanna Clarke:
Jonathan Strange & herr Norrell
Omsett av Bodil Engen
Aschehoug 2005

Jonathan Strange & herr Norrell utøvde magi på denne lesaren. Dei fekk meg til å tru at eg kunne ta ein uforpliktande titt på boka. I løpet av kort tid var eg overtydd om at den einaste måten å få gjort noko anna på, var å lese ut boka først.

Praktisk magi
Handlinga går føre seg i England i byrjinga av 1800-talet. Magien har lege brakk i mange hundre år, det er kun ”teoretiske magikarar” igjen. Men så viser det seg at det finst éin praktiserande magikar som ønskjer å gjenreise magien sin posisjon i samfunnet: herr Norrell. Då han klarer å vekke kona til ein minister opp frå dei døde, er vegen opna inn til regjeringa, som han ønskjer å gi magisk hjelp i kampen mot Napoleon. Men han gav livet attende til kvinna med hjelp frå ein mektig alv av svært tvilsom karakter, og dermed opna han opp for nye farar han ikkje kan kontrollere. Etter kvart får herr Norrell ein talentfull lærling som er ulik han på alle vis, Jonathan Strange, men ulikt syn på magi fører til at dei vert rivalar. Sjølv om ein del av avislesarane truleg synes dette høyres ut som eventyr for barn, så er boka er retta like mykje til eventyrglade vaksne. Det nøkterne omslaget sender slike signal, språket og forteljarstilen likeså.

Forteljarkunst
Som dei fleste bøkene i denne sjangeren får vi dosa med naturmystikk og kvasireligiøsitet, men det er som det skal vere. Plotet er ikke genialt, men ganske spennande, og forfriskande uforutseieleg. Boka er fri for klisjear, svulstige skildringar, dramatiske kampscener og liknande. Visse ”roller” som går igjen i fantasylitteratur finn ein sjølvsagt (den upretensiøse ”utvalde” med uante talent, ”frelsaren”), men hovudinntrykket er at personskildringane er uvanleg originale og nyanserte til å vere ei Fantasy-bok.

Dette er strålande forteljarkunst: Presentasjonen av hovudpersonane via små omvegar gjennom karakteristiske miljø og anekdoter. Gode og ofte vittige dialogar. Stemninga i dei nøkterne, men ofte vakre skildringane av det magiske. At handlinga er lagt til eit 1800-tals England vi kjenner godt frå mange gode skildringar i litteratur og film, gjer berre opplevinga rikare. Clark har skapt eit univers du har lyst til å forsvinne inn i, og vere i så lenge du kan.

Erkebritisk
Clarke har nemt C.S. Lewis, J.R. Tolkien og Jane Austen som litterære førebilete. Det er ikkje vanskeleg å sjå i teksten. Skildringa av selskapslivet, sladderen og typane i dei øvre lag av det viktorianske samfunnet minner mykje om Austen. Den lune, lett humoristiske forteljarstemma blanda med magisk høgtidsstemning minner om Lewis og Tolkien, mens den typisk tørrvittige humoren, med ”understatement” og ironi, er eit kjent og kjært trekk ved den britiske forteljartradisjonen generelt. Eit døme: ”Laurence Strange hadde riktignok hatt sterke innvendinger mot damens manglende formue, men ved å fryse ihjel hadde han fratatt seg selv enhver mulighet for å skape alvorlige vanskeligheter.” Nokon vil vel knapt kalle dette humor, men det er noko med den omstendelege, gammaldagse uttrykksmåten eg finn ”fornøyeleg”, for å halde meg til stilen.

Vitskapleg diskurs
Omsetjinga er svært god, med ei akkurat passe gammaldags norsk språkdrakt. Berre éin gong skurra det for meg: då den krøkkete samanstellinga ”de landsens tjenerne” blei brukt fem gongar i løpet av to korte avsnitt (”Ofte fikk de landsens tjenerne beskjeder som skulle overbringes slaktergutten […] Beskjedene var fulle av londonslang og de landsens tjenerne begrep ikke det dugg av dem,”). Ein annan stad er det mykje rot med namn i ein lang fotnote. Men resten av dei 888 tettskrivne sidene er plettfrie, såvidt eg kunne sjå. Når det er sagt – mange som er glade i gammaldags og velformulert engelsk vil nok føretrekke å lese den engelske originalutgåva.

Clarke legg vinn på at forteljinga skal verke historisk og vitskapleg ”korrekt”, og brukar flittig fotnotar for å utdjupe eller underbyggje ”fakta” som vert framsett i teksten. Det er tydeleg at ho har ein overstrøymande fantasi, og at ho har lagt mykje arbeid i å bygge ut det magiske universet sitt med historikk, litteratur og myter. Det blir imidlertid mykje med så mange og tidvis lange fotnotar, så eg slutta å lese dei grundig om lag halvvegs i boka. Men skulle eg få trong til å lese boka om att ein gong, vil eg nok ha betre tid til dei, sidan eg alt veit korleis historia endar.

Bankar Potter
I dei aller fleste tilfelle ville 888 sider ha vore ein altfor lang roman. Men eg gjer unntak for magiske bøker. Faktisk synes eg Clarke slepp ein del av handlingstrådane litt for raskt når det nærmar seg slutten, så boka kunne godt ha vore lengre. Sjølv om det er eit stykke igjen opp til Clarke sine førebilete, så held dette i massevis til å banke J.K. Rowlings og Harry Potter. Det er eventyr av godt, britisk merke!

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: