Lovande fantasy-debut

Silje Fretheim har med dei rette fantasy-ingrediensane i debutboka si, men styrer også utanom klisjeane.

Fantasy
Silje Fretheim:
Tilfeldigvis. Arial Footlights forhistorie.
Gyldendal 2008

Ein kan sjå på fantasy-litteratur som det motsette av science fiction: I staden for å tenkje seg vår eiga verd i ei teknisk avansert framtid, går fantasy-litteraturen helst til ei anna verd som ligg langt bak vår eiga i teknologisk utvikling, men der magi til gjengjeld spelar ei sentral rolle. På denne måten vil forfattarane ofte på ein allegorisk måte seie noko om grunnleggjande livsvilkår og verdiar i vår verd, samstundes som det gjer romanuniverset til ein enklare stad å vere enn vår eiga røynd, ei magisk verd til å drøyme seg bort i.

Akademisk form
Debutromanen til Silje Fretheim, Tilfeldigvis. Arial Footlights forhistorie, lever opp til dette: Vi er i ei verd som på mange vis er parallell med vår, men som verkar middelaldersk i teknologisk utvikling og styreform. Vi får fortalt ei skapingshistorie om Kaos som føder barna Tid, Materie og Tilfeldighet, og ut av desse kjem så dei fem elementa jord, eld, luft, vatn og ånd. Desse fem er representert av fem steinar som (sjølvsagt) må samlast og ”opnast” for å redde verda som er i ferd med å falle attende i kaoskreftene.

Boka er lagt opp som ein biografi over første del av livet til ein sentral statsråd i det fiktive Landet, Ariel Footlight. Denne forma inneber ei ganske formell språkføring og fotnotar med referansar til fiktive kjelder og mulige innvendingar mot framstellinga. Dette grepet er kjent frå Susanna Clarkes» svært vellukka fantasyroman Jonathan Strange & Mr. Norell, men utan at eg synes den akademiske forma eigentleg tilfører så mykje her. Ho verkar heller litt hemmande for spenninga, spesielt med tanke på at boka er utgjeven av barne- og ungdomsredaksjonen i Gyldendal. Eg vil seie at boka passar best for ungdom. Ho er litt for hardbarka og språkleg avansert for barn, men ikkje mangefasettert nok eller godt nok fortalt til å verkeleg fortrylle eit vakse publikum. Som underhaldning fungerer ho imidlertid godt for alle som er glade i eventyr.

Tilfeldig skjebne
Historia går kort ut på at Ariel som 12-åring legg ut på reise med ein spesiell stein i lomma som viser seg å vere magisk; den hjelper han å overleve lenge under vatn. Han får hyre på eit skip kor han blir kjent med jenta April, og då dei kjem til Landet, havnar dei ufrivillig opp som medlemmar i det kriminelle nettverket Nettet. (Trass navnet på sjangeren kan ein ikkje seie at navnevala er prega av overdriven fantasi.) Etter kvart blir Ariel student og politisk aktiv, og det viser seg at han har ei uvanleg evne til å overtale andre. Etter opptøyar under ein demonstrasjon blir han dømd til døden, men får dødsdommen utsett så lenge kongen kan ha nytte av han. Og så viser det seg at verda må reddast.

Handlinga i dei første 200 av i alt 720 sider kunne godt ha vore meir effektivt og spennande fortalt. Her blir forklaringane litt for omstendelege, og det er altfor lett å leggje boka frå seg. Det blir betre når dramatikken tetnar til rundt Ariel i forbryterbanden Nettet, men først når han havnar som fange hos kongen, festar intrigen grepet om lesaren.

Hovudpersonen Arial Footlight verkar både velkjend og original. Det er typisk at han er fødd med spesielle evner som blir viktige når verda må reddast frå kaoskreftene. At han er naiv og ærleg, full av god vilje og utan høge tankar om seg sjølv, er òg typisk, ta til dømes Frodo i Ringenes Herre-trilogien. Det originale med Arial Footlight, og med boka elles òg, er at han stadig handlar under tvang, og at det tilfeldige er tillagt stor vekt i handlinga. Men som det òg vert sagt eksplisitt i boka: Det kan vere vanskeleg å skilje mellom det tilfeldige og ”skjebnen”. Eg vil vel seie at boka, som dei fleste innan sjangeren, er mest prega av det siste, trass i tittelen. Det finst òg hol i intriga, som til dømes ei forklaring på korleis mannen Brage utan vidare kan bestemme seg for å bli ein gud, og så bli det.

Ingen skurkar
Ganske uvanleg for sjangere er det at det ikkje finst nokon verkeleg vonde skurkar her, alle er i utgangspunktet vanlege menneske. Denne viljen til psykologisk realisme og harmonisering legg kanskje ein dempar på spenninga i det som trass alt skal vere eit eventyr. Vekta er på den nemde viljen til å seie noko grunnleggjande moralsk om det å vere menneske. Spesielt legg forteljinga vekt på verdien av å vere ærleg, og av å sjå bak fordommar. Men eg synes det funger. Fretheim verkar intelligent og akademisk skolert, og styrer unna klisjeane. Det vantar litt på forteljarteknikken til tider, men som debut er dette imponerande, og ikkje minst lovande.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: