Ekstreme kjærleikshandlingar

Dette er ein særs god historisk roman om ulike former for ekstremisme i ei revolusjonær tid.

James Meek
Roman:
Kjærlighetens utposter
Omsett av Erik Krogstad
Pax 2007

1919 var ei ekstrem tid i Russland: Revolusjonen mot tsarveldet var sluttført, men borgarkrigen mellom dei raude og dei kvite raste. I Sibir var (og er) livsvilkåra ekstreme. Hit har James Meek har lagt ei historie om ulike ekstreme posisjonar einskilde menneske kan ta i ei kaotisk tid: maktmenneske, forbrytar, revolusjonær, visjonær. Boka kan lesast som ei utforsking av ismar vi likar å setje inn i motsetnadspar, men som helst opptrer i kompliserte samspel: egoisme og altruisme, idealisme og kynisme.

Menneska og utopiane
Josef Mutz er løytnant i Den tsjekkoslovakiske legion, og saman med resten av kompaniet under den amoralske kaptein Matula, ventar han på beskjed om at oppdraget i Russland er fullført, så dei kan forlate landsbyen Jatsyk. Mutz framstår etterkvart som representanten for den vanlege lovlydige borgaren, og den det er nærmast for lesaren å identifisere seg med. Dei fleste innbyggjarane i Jatsyk tilhøyrer ei kristen sekt, leia av den fromme Balasjov. Dei ser på seg sjølv som englar, dei har nemleg ”kasta helvetes nøklar på elden”, som er ein svært så handfast måte å tøyle begjæret på. I byen bur også enka Anna med sonen sin, som ei av dei få som står utanfor sekta. Ein dag kjem studenten Samarin ut frå øydemarka og fortel at han har rømt frå ein arbeidsleir saman med ein mann kalla Mohikaneren, som hadde tenkt å bruke han som naudproviant. Samarin klarte å sleppe unna, men åtvarar om at denne farlege forbrytaren er i traktene. Når så ein sjaman av Tsungus-folket, urfolket i Sibir, blir funnen død i militærleiren, breier frykta seg i byen. Etter kvart blir forhistoria til dei einskilde personane og dei dramatiske hendingane i notida vevde saman til ei svært spennande og lærerik hstorie.

Det trer fram eit skille mellom to typar kjærleik som ofte kjem til å stå mot kvarandre: Kjærleik til menneske og kjærleik til utopiane. Dette svarar til motsetnaden mellom dei to sentrale komponentane i samfunnslivet, som all politikk spring ut ifrå: Omsynet til individet, og omsynet til det felles beste.

Kjærleikslova
Originaltittelen på romanen spelar elegant opp mot dette: ”The People’s Act of Love” høyres ut som namnet på ei lov, og gitt motsetnaden mellom juss og kjærleik, og gitt den historiske (revolusjonære) konteksten i boka, kan lese ein viss ironi inn i tittelen. Som Samarin les frå Den revolusjonæres katekisme tidleg i boka: ”Den sanne revolusjonære avviser enhver romantisering, enhver sentimentalitet, subjektivisme og føleri”. Omsynet til revolusjonen går alltid framfor menneskelege omsyn. Samstundes kan ordet ”Act of Love” òg tyde kjærleikshandling, og det er slike handlingar mykje av spenninga i boka er knytta til. Men handlingar utførde av kjærleik til nokon eller noko, kan ramme andre partar på alt anna enn kjærleg vis. Samstundes er kjærleiken alltid den usikre faktoren i menneskeleg samspel.

Forfattaren, den britiske James Meek, har vore journalist i 20 år, og bodde i Ukraina og Russland frå 1991 til 1999. Han har utgjeve to romanar og to novellesamlingar tidlegare. Det seier sitt at denne siste romanen er omsett til 20 språk; det er ein særs etterretteleg, velkomponert og spennande historisk roman. Alle dei sære fenomena forfattaren skildrar har han historisk dekning for. Språket er presist, rett på sak og stappfullt av informasjon, som i ein (god) reportasje. Ikkje ein einaste gong stussa eg over det norske språket i boka, noko som tyder på godt arbeid frå omsetjar Erik Krogstad og forlaget. Omsetjinga av tittelen er òg god, sidan den doble botnen i originaltittelen verkar umogeleg å få til på norsk. Ordvalet i tittelen Kjærlighetens utposter leier tankane mot det ekstreme både i omstenda og i handlingane som vert skildra i boka. Dei som er glade i historisk romanar har her ein riktig godbit å glede seg til, men andre leseglade vil òg få ein meir spennande hyttetur med denne boka.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: