På vippen

Arvola skaper karakterar ein hugsar, men romanen når aldri vippepunktet.

Roman
Ingeborg Arvola:
Grisehjerter
Oktober 2011

Sidan Ingeborg Arvola debuterte med romanen Korallhuset i 1999, har varemerket hennar vore ein burleske fantasi som nærmar seg fantastisk realisme. I romanen Grisehjerter har ho imidlertid valgt vekk slike element til fordel for den psykologiske realismen. Sansen for det smått bisarre viser seg framleis her og der, i alle fall er det romantiske møtet mellom hovudpersonane Kine og Konrad langt frå tradisjonelt og keisamt: Kine fekk ein dildo så innvikla i kjønnshåra at ho trong hjelp av guten på nabohybelen for å få han laus, og det var det.

Grisgrendte strok
Utgangspunktet for handlinga er at Kine, Konrad og sonen Iver må flytte frå Oslo til Kines foreldre i Takelvdal i Troms fordi Konrad har spelt vekk alt dei eigde på nettpoker, og i tillegg gjort underslag på jobben. Kine er sjølvsagt rasande, Konrad desperat etter å redde ekteskapet. Naboane i den bittelille bygda har sine eigne problem: Tenåringen Krystle har ei historie med anoreksi og sjølvskading, den eldre gardskona Enid er trist fordi ho må slutte med geitehald, og mannen hennar Bjarne er rasande på eigaren av den lokale skjønnleiksklinikken, den plastiske kirurgen Junior, som var Kines store kjærleik i tenåra. Legg til at Iver er ein ekstremt kjenslevar liten gut som leikar med fyrstikker mens fettet frå utallege fettsugingsoperasjonar hopar seg opp i lagerrommet på klinikken Northern Beauties, så skjønar du at boka har intriger nok for et par sesongar av «Frustrerte fruer», minst.

Som tittelen kan tyde på, er vår bruk av naturen generelt og dyr spesielt ein sentral tematikk. Dette vert kopla til det potensielt snobbete i medvite forbruk og ein usunn skjønleiksindustri. Men i staden for å gjere det til ei hovudsak, koplar Arvola tematikken til intimsfæren gjennom omgrepet ”vippepunktet”: Før eller seinare vil utviklinga nå eit punkt, til dømes for graden av CO2 i atmosfæren, som utløyser ei rad irreversible konsekvensar. Etter kvart kjem dette mest til å handle om korvidt Kine og Konrad har nådd vippepunktet, eller om kjærleiken deira lar seg redde.

Sjølv om romanen er innom mange tema, er tendensen ganske einsretta: Det er snobbete byvanar versus det enkle livet på landet, farleg chatting versus sunn kontakt med levande dyr, naturlege og unike kroppar versus eit masseprodusert og usunt skjønleiksideal, kjærleik som er stor nok til å tole det uperfekte versus begjær basert på eit forførande ytre. Det er vanskeleg å vere usamd i verdiane romanen held fram, men det er samstundes lite spennande.

Varierande
Trass det openberre talentet til Arvola er det noko som ikkje fungerar heilt her, og variasjonane i teksten er store. Nokre av karakterane gjer inntrykk, både lille Iver og faren Konrad er fint skildra. Andre verkar flate, som den smellvakre Junior, som er utstyrt med eit overtydleg farskompleks og trur at miljøvern og å utføre plastiske operasjonar er del av den same kampen for venleiken på jorda. Språket er ganske enkelt, det fungerar greit, men utmerkar seg ikkje.

Eg trur problemet er at Arvola legg ut meir ambisiøst enn ho avsluttar. Hadde ho dytta litt meir på teksten, kunne han kanskje ha nådd det punktet kor elementa flaut saman til ei heilskapeleg oppleving både estetisk og intellektuelt. Men det er eit truverdig miljø ho teiknar opp, og fleire personane set seg i minnet. Eg ser ikkje vekk frå at boka kunne bli utgangspunkt for ein god tv-serie.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: