Nostalgi på det jamne

Bruheim skildrar korleis det er for eit barn å ha ein far som slit med tungsinn. Diverre kjem ikkje historia så sterkt fram som ho kunne ha gjort.

Roman
Magnhild Bruheim:
Det som ein gong var
Samlaget 2010

Magnhild Bruheim er mest kjend for krimromanane sine, men denne gongen kjem ho med ei bok som oser nostalgi: Tittelen er Det som ein gong var, og på omslaget ser vi eit bilete av ei jente i shorts og t-skjorte framfor ein lyseblå bil av det eldre slaget.

Det sentrale
Spenningsmomentet og den grunnleggjande konflikta gjennom boka er motsetnaden mellom det temperamentsfulle barnet Live og den strenge faren, som har problem med nervane og stadig engstar seg for kva dottera finner på. Gjennom heile barndommen er Live redd for at han skal forsvinne for godt på ein av dei mange fjellturane sine. Boka inneheld nokre fine skildringar av korleis det er å sakne ein far ein aldri kom riktig nær. Likevel vert heilskapen ei barndomsskildring på det jamne, som ikkje heilt klarer å realisere potensialet i den såre og skuldtunge far-dotterrelasjnen.

Det finst sjølvsagt tallause bardomsskildringar i norsk litteratur ein kunne ha samanlikna denne med. Men ei det er naturleg for meg å trekkje fram, er Marit Tusviks Deilig er jorden frå i fjor. Også den var skriven til minne om foreldra til forfattaren, slik Bruheim si bok er dedikert «Til minnet om mor og far». Også den hadde eit sterkt nostalgisk preg og skildra omlag den samme perioden, med heimeverande husmødre og hardt arbeidande fedre i eit bygde-Norge på randen av den moderne mediealderen. Skal eg samanlikne dei to, må eg seie at Tusvik si bok var meir givande å lese på grunn av ei særs sjarmerande språkføring med fine humoristiske innslag. Samstundes har Bruheim noko Tusvik mangla, nemleg ei underliggjande spenning og noko viktig å formidle: Korleis det er for eit barn å ha ein far som slit med tungsinn. Diverre kjem ikkje den historia så sterkt fram som ho kunne ha gjort.

Delt merksemd
Dette skyldast delvis at forteljaren dveler like mykje ved artige episodar og typiske faser i barndommen som ved relasjonen til faren. Ho skildrar til dømes kor oppteken Liva er av å få MFK: my first kiss. Men når det kjem til stykket, får vi ikkje vite korleis dette går, i staden kjem ho med denne oppsummeringa: «[…]snart får dagboka hemmelege opplysningar om MFK og fleire andre kyss.» Gradvis går ho over til å skildre episodar som ikkje er særskilt interessante i seg sjølv, men som har det til felles at dei endar i konflikt med faren. Dette skal vise fram korleis Live gradvis byggjer opp ei skuldkjensle i møte med faren, ei kjensle som blir forsterka av møten han døyr på. Men den emosjonelle dramatikken vert aldri meir enn ein påstand, eg opplever han ikkje medan eg les.

Eit anna element som tek merksemnda vekk frå den sentrale tematikken, er vekslinga mellom synsvinkelen til barnet Live og den vaksne forteljaren. I dei «vaksne» partia viser ho til skrivesituasjonen på ein måte som gjer at boka på ein ganske forvirrande måte framstår som både fiksjon og memoar samstundes. Som her: «Les gjennom kapitlet eg skrev ferdig kvelden før, og ser at det ikkje er godt nok. Men eg lar det stå for å koma vidare mens eg har inspirasjon.» Så må ein undre seg, har kapitlet blitt endra, eller var det ein akkurat las «ikkje godt nok»? Til slutt i boka står det at forteljaren har «skrive på spreng» og at dette er «råstoff, der eg skal dikte til og forandre til det blir ein roman. Men også eit minnesmerke». Denne leiken med fiksjonen opplever eg berre som forstyrrande, og boka ville hatt ein mykje sterkare verknad om komposisjonen var meir fokusert.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: