Litterære essays

Siri Hustvedt skriv personlege og gode essays som både er mat for fansen og aperetif for nye lesarar.

Essays
Siri Hustvedt:
En bønn for Eros
Omsett av Aase Gjerdrum
Aschehoug 2008

Siri Hustvedt: Før var ho mest kjend her i landet som den norskætta sambuaren til Paul Auster – det er jo så ein kan bli stolt over å vere norsk når ein amerikansk kjendisforfattar elskar ei dame som praktisk talt er norsk. Men Hustvedt er med sin tredje roman What I loved (på norsk Det jeg elsket) sjølv etablert som en kritikarrost forfattar med eit stort internasjonalt publikum.

Det personlege
Essaysamlinga En bønn for Eros samlar tekstar som er skrivne i tidsrommet frå 1995 til 2004. Dei er presentert i kronologisk rekkjefølgje, og i det første, ”Hist”, har ho latt seg fascinere av stadane som verken er her eller der, men først og framst fins i minnet eller fantasien. I dette essayet skriv ho mykje om stadane som har vore viktige i hennar liv: Minnesota, kor ho vaks opp, Noreg, kor mora og besteforeldra på farssida er frå, og kor ho sjølv har budd og studert, og New York, kor ho har budd i sitt vaksne liv. Vi får her, og i alle dei følgjande tekstane, vite mykje om hennar personlege historie.

Eg var først litt skeptisk til dette. Eg, som ikkje hadde lese nokre av dei skjønnlitterære verka hennar, hadde ikkje fansen sin hunger etter detaljar om livet hennar. Imidlertid såg eg etter kvart at dei personlege historiene er knytt opp mot idéar ho utforskar, anten det handlar om erotikkens vesen, kjønn, det å vere grunnleggjande såra og sårbar, eller – ikkje minst – om språket som skapande og mektig. Tekstane fenga meg spesielt fordi eg deler Hustvedt si sterke interesse for psykologi, og då er det alltid interessant å få ta del i ein intelligent person sine refleksjonar rundt si personlege historie, særleg når ho óg krydrar med historier frå faglitteraturen. Det blir likevel aller mest interessant når denne vinklinga blir nytta i dei litterære lesingane av The Bostonians av Henry James, The Great Gatsby av Scott Fitzgerald og fleire av romanane til Charles Dickens. Desse tekstane har ei fagleg tyngde som gir meir å tygge på. Men alle tekstane er velformulerte og lettlesne, og gir litt å fundere vidare på.

Såra og forklåra
I det siste essayet, ”Utdrag fra en historie om det sårede selv”, som altså er det nyaste materialet i boka, undrar Hustvedt seg over om trangen hennar til å skrive, til å gi utløp for dei mange stemmene, kjenslene og personane ho har inni seg, stammar frå hennar posisjon som eit kjenslevart og såra menneske: ”Jeg er også redd for å skrive, for når jeg skriver, beveger jeg meg alltid mot det uartikulerte, det farlige […]. Er det sårede selvet det skrivende selvet? Er det skrivende selvet et svar til det sårede selvet? Det er kanskje mer presist.”

Sjølv om eg forstår trongen til å utforske seg sjølv på denne måten, så slår det meg som litt sjølvromantiserande å legge så stor vekt på seg sjølv som grunnleggjande såra når ho gjennom heile boka viser fram eit hovudsakleg harmonisk og godt liv på alle plan. Om det var kjenslemessige sår som la grunnlag for litterært skapande arbeid, så skreiv vel alle. Sjølv sit eg att, først og framst avundsjuk på Hustvedt si personlege historie: Høg, blond, intelligent og kjenslevar jente frå småby i Minnesota blir kjendisgift og feira New York-forfattar. I dette essayet blir det mest personlige det svakaste, andre stader er det omvendt, som i essayet om 11. september. Hustvedt har lite nytt å by på av refleksjon rundt sjølve hendinga, men gir nye glimt både av det vonde og det gode som manifesterte seg i New York på den dagen og i tida etter. For om djevelen er i detaljane, så er Gud der óg; det visuelle og unike i godt skildra detaljar frå andres liv blir aldri uinteressant. Samla sett er denne boka godt lesestoff, både for dei som knapt kan vente til hennar nye roman kjem ut på norsk til hausten, og for dei som treng ein introduksjon til forfattaren.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: