Deilig er nostalgien

Marit Tusvik skriv nydeleg og morosamt. Men kva fortel ho eigentleg, anna enn at sjølv idylliske barndommar tar slutt?

Roman
Marit Tusvik:
Deilig er jorden
Oktober 2009

I romanen Deilig er jorden skildrar Marit Tusvik ein idyllisk barndom i ein liten vestlandsby. Den vesle jenta som er hovudperson, veks opp med ein 50-talsdraum av ei husmor, ein Johan Borgensk idealfar av typen kunstnar og lektor, samt to storebrødre ho skildrar slik: «De stod aldri stille og det var umulig å få noe ordentlig inntrykk av dem.»

Boka startar med at ein vaksen eg-forteljar blir slått av spørsmålet om kven ho eigentleg er, og om ho er noko så fælt som moderne og kjønnslaus. Når så i tillegg ho ser ei jente komme styrtande inn i ei slaktarforretning og rope: Har dere blod? for så å styrte ut att, skjønar forteljaren at ho må innhente seg sjølv, og reiser til sin barndoms by. Der finn ho faren sin som står og steiker pannekaker, sjølv om han er død. Så byrjar ho å gå i barndommen. At tittelen er lik den kjende salmen og kapitteloverskriftene henta frå salmeteksten, seier vel litt om tilnærminga: Her er det ikkje traumer som skal gravast fram, men meining og god stemning.

Småkoseleg
Det hender ikkje noko dramatisk i boka, men dess meir småkosleg og morosamt. Forfattaren skildrar fleire små episodar som til saman utgjer ein spennande kvardag for ein jente i førskulealder, og vi blir kjent med eit fargerikt nærmilø. Tusvik finn fine og originale språklege uttrykk for korleis det er å vere liten, men óg i skildringane av dei ulike karakterane i boka. Her er døme på begge deler:

Jeg liker ikke at du er sint, sa jeg, men hun var ikke sint, bare redd. Jeg likte ikke at hun var redd heller. Hva skulle jeg være da? Jeg mener, sa jeg, at hvis du er mindre enn meg, må jeg bli så liten at jeg ikke er født. Hun så på meg med det ville blikket hun fikk når noen tvang henne til å tenke på noe annet enn det hun ville tenke på.

Morosamt er det ofte, og dei gode replikkane vart dyrka i heimen. Ein gong får familien beskjed om at dei må dele husvære med ein mann frå galnehuset: Dyrlegen. Han skal integrerast i samfunnet, mykje mot deira vilje. Ein kveld står han i stua og presenterer seg: «Jeg kommer, sa han stotrende, for å si at jeg skal integreres i samfunnet omtrent her.» Når dei seinare finn åtte svære lortar under senga hans, kjem følgjande tørre kommentar frå faren: «Da må en kunne si at dyrlegen er ferdig integrert.»

Boka er først og fremst eit festskrift over dei fantastiske foreldra, deira vidd, kreativitet, gode humør og kjærleik til kvarandre. I kontrast til redsla for det kjønnslause i byrjinga av boka, står spesielt den livlige og leseglade mora, som kokar og skrubbar, kjøper fjonge skjørt og flørtar med mannen sin, så ein kan komme til å tru at å vere heimeverande husmor er lukka i livet. Og det er jo flott hvis det var slik, men eg mistenker vel at det er synsvinkelen til den vesle jenta som har prega framstillinga, noko den nostalgiske forteljaren lar seg synke inn i som ein deilig draum. Somrane var lange og varme på den tida, óg, har eg høyrt.

Noko manglar
Om det er sin eigen barndom Marit Tusvik skildrar skal eg ikkje seie for sikkert, for det står ingen stad at dette er sjølvbiografisk, og eg har ikke gjort detektivarbeid for å finne ut om fakta stemmer. Men teksten gir bestemt det inntrykket. I tillegg er det trykt eit bilete bakerst i boka av ei lita namnlaus jente med lyst hår som står på hovudet og liknar på forfattaren. Mora til hovudpersonen heiter Siggen, og når forrige romanen til Tusvik heitte Sigrid Finne og handla om mora hennar, så begynner indisia å hope seg opp, spør du meg. Det uvanlege no for tida er for så vidt ikkje å skrive om seg sjølv, men å ikkje seie tydeleg frå om at det er det ein gjer, helst på Dagsrevyen. Og eg les gjerne om andres liv, jo sannare jo betre, berre det også er godt skrive.

Men noko manglar på å gjere gleda over denne boka komplett: Noko som gir historia relevans for lesaren utover at dette var slik det var. Det mest dramatiske som skjer er at hovudpersonen får ei syster til og at familien flyttar, ei hending vi skjønar har gitt opphav til auraen av tapt paradis rundt den første heimen. Utover vekslinga mellom den vaksne forteljaren og episodane i barndommen finn eg ikkje ei bestemt retning i komposisjonen, ingen understraum av noko som motverkar idyllen og ingen undertekst. Skildringane leier ikkje tankane inn i bestemte baner, anna enn at dette må ha vore ein staseleg familie og eit fint miljø å vekse opp i, og jammen er det ikkje godt skrive òg! Eg lurer på kva eg kan ha oversett. Eg forsmår ikkje godt språk og morosame episodar, men synes likevel det er synd at Tusvik ikkje la ambisjonsnivået høgare, for tenk for ei fantastisk bok dette kunne ha vore om ho berre ville eller meinte noko, eller om det stod noko meir mellom linjene.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: