Skarpt om det skjønne

Zadie Smith skriv skarpt om skjønnheit og sosialt samspel, men omsetjarane har brukt ein sløvare penn til det norske språket.

Roman
Zadie Smith:
Om skjønnhet
Omsett av Kari og Kjell Risvik
Aschehoug 2006

Då den 25-årige Zadie Smith debuterte i 2000 med det som etter kvart blei ein internasjonal bestselgar, White Teeth, blei eg imponert over kor intelligent, ambisiøs og velformulert ho var, men òg irritert over ”flinkheita” og det eg oppfatta som ein bråkjekk tone i boka. Når ho no kjem med sin tredje roman med den klassiskklingande tittelen Om skjønnhet, er det berre å innsjå at nokre rett og slett er skarpare enn andre; både observasjonevna, innlevingsevna, den analytiske evna og pennen er skarp: Språket er presist, miljøskildringane detaljerte og maleriske, karakterskildringane og skildringane av sosialt samspel så nådelaust avslørande at dei nærmar seg satiren.

Humoren
Smith skildrar eit typisk universitetsmiljø. Det er tydeleg at ho kjenner og meistrar det akademiske språket og den tilhøyrande veremåten. Det er ikkje hylande gøy, men prega av artige observasjonar med eit visst akademisk tilsnitt. Ein kan seie at den kjøleg vurderande analysen frå vitenskapen har satt sitt preg på stilen. Det er i det heile tatt svært mange karakteristikkar og formulerte observasjonar i denne teksten, noko som ofte seinkar handlinga. Men her ligg òg mykje av sjarmen og humoren. Eit døme: ”Den andre fyren hadde så skinnende hvit hud og så fremstikkende panneben at Howard følte seg nedbrutt av menneskets blotte dødelighet. Aldri før hadde et levende menneske vist ham så mye hodeskalle.” Her har Kiki snakka med eit par som akkurat har gifta seg: ”Hun spekulerte på hvor mange ganger nøyaktig det samme opplegget ville bli gjentatt for dem som lykkeønsket dem i de nærmeste ukene. Hun og Howard var akkurat likedan, især når de hadde nyheter. Hvert par er sin egen varietéforestilling.”

Karakterskildringane er prega av at dei representerer typar: Den distre professoren, den superambisiøse studina, den vakre, men overflatiske studina, naturtalentet frå gata, den hjartevarme og jordnære kona, den dobbeltmoralske konservative. Boka har då òg blitt karakterisert som sosial komedie.

Det mennesklege
Det som likevel hindrar at dette blir rein satire, er at Smith ikkje berre er kjøleg utleverande, men trass alt verkar glad i karakterane, dei er ikkje heilt ”flate”, men får ei viss djupne utover i boka. Likevel var det berre ein karakter eg verkeleg fekk sympati for, og det var Kiki Belsey: den vakre, svarte politiske aktivisten som gifta seg med den akademiske, kvite briten Howard. Tredve år seinare er ho dryg over baken og meir ”afrikansk dronning” enn vakker, og når ekteskapet vaklar, merkar ho at ho framleis er framand i det akademiske miljøet Howard tok ho med inn i. Intriga har lånt fleire trekk frå handlinga i E. M. Forsters roman Howards End. Den karibiskætta politisk konservative professoren Mony Kipps er den liberale Howard sin akademiske erkefiende. Startskotet for handlinga er at borna deira Jeremy Belsey og Victoria Kipps har eit kortvarig forhold, og at foreldra ei kort, forfærda stund trur at dei skal gifte seg. Plotet vidare er nært knytta opp til korleis det går med ekteskapet til Kiki og Howard, som blir det brennglaset kor mange av motsetnadane i boka blir samla: svart og kvit, intellektuell og folkeleg, hjerne og hjarte, det skjønne og det stygge.

Sosiale lag
Sjølv om boka handlar om det skjønne på ulikt vis, synest eg likevel at den mest iaugefallande tematikken – i alle fall den mest interessante – er motsetnaden mellom det intellektuelle og det folkelege. I tillegg til Kiki og Howard møter vi sonen deira Levi som ”snobbar nedover” og prøver å finne ein identitet som svart i rap-kulturen, den intellektuelle sonen Jerome som vert tiltrekt av kristendommen og ein konservativ livsstil, og den ambisøse dottera Zora som tek i bruk alle middel for å fremje den akademiske karriera si. Frå den andre enden av samfunnsstigen kjem den talentfulle og vakre, men fattige Carl, som er rap-poet, men som heller vil vere ein del av den akademiske kulturen på universitetet. Sjølv om hudfarge blir tematisert i høve til identitet, kultur og sosiale lag, spelar dette ei mykje mindre rolle enn kor ein høyrer heime kulturelt sett. Men det er like mange tilnærmingar til dei sentrale tema i denne boka som det er personar og synvinklar i ho, og det er ikkje få.

Omsetjinga
Språket er i originalutgåva prega av eit rikt vokabular og ei stilsikker språkføring. Den norske omsetjinga er det veteranane Kari og Kjell Risvik som har stått for. Sett i høve til tekstomfanget, 573 sider, er det meste av omsetjinga heilt grei, men spesielt i byrjinga er norsken prega av mange skjemmande – og ikkje minst forstyrrande – upresise omsetjingar. Td har ”irregular chunks” blitt til ”uregelmessige klumper”, og da er det faktisk eplebitar det er snakk om. Andre steder finn vi formuleringar som ”Kiki ble værende i den rare stunden”, ”I den stillingen bøyde datteren seg over moren”, ”bøyde kroppen i midjen”, ”Familien Belseys bolig er en høy, granatrød bygning […] spredt utover fire knirkende etasjer”, og, sist, men ikkje minst: ”En barsk hvit ung mann sto og hang utenfor telefonboksen med deigete ansikt og tre spredt fordelte kviser”. Eg har respekt for dei utfordringane omsetjarar møter når dei skal skape engelske talemåtar om til god norsk, men det må la seg gjere å få det betre enn dette. Men forlaget må ta det meste av skulda. Omsetjarar får ofte altfor kort tid til å gjere jobben, altfor dårleg betalt, og er som alle andre tekstprodusentar avhengige av gode språkkonsulentar som kan sjå det dei sjølv har sett seg blinde på. Det norske språket er frå før sårbart for engelsk og amerikansk påverknad, og det hjelp ikkje at vi stadig les omsetjingar som er altfor sterkt farga av den engelske originalteksten.

Dette er ei god og underhaldande bok, om enn ingen udøyeleg klassikar, men dei språkmedvitne vil nok ha størst glede av å lese originalutgåva.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: