Dum og deilig rikdom

Karakterskildringa er for unyansert, men romanen gir eit viktig perspektiv på overklasselivet.

Roman
Tonje Røed:
Skjønne utsikter
Oktober 2011

Tonje Rød har før utgitt novellesamlinga Ferie (1999) og romanen Udødelig med deg (2001), og fått gode kritikkar. I romanen Skjønne utsikter skildrar ho Emma som har gift seg i stor hast for å kunne bli med ektemannen på jobboppdrag for oljeselskapet Noroil. Ho blir dermed heimeverande overklassefrue i eit Venezuela prega av fattigdom og indre uro i tida etter at Hugo Chavez tok makta.

Endeleg fri?
Emma tek ikkje innover seg verken kåra til dei fattige eller den politiske røyda. Ho har nok med å finne seg til rette i sitt nye liv, og etter kvart går det opp for henne at ho endeleg har tid og pengar til å bli vakker. Ho utviklar seg frå ei mistilpass ung kvinne til ei operert og oppstasa ei som gradvis misser realitetsorienteringa fullstendig.

Røed skriv treffande og godt. Stilen minner sterkt om Anne Oterholm og Trude Marstein; som dei skildrar ho konkrete og kvardagslege situasjonar samt kva hovudpersonen tenker, utan å gi lesaren ytre haldepunkt for å dømme det som skjer. Handlinga er truverdig, og på eit personleg plan er det lett å skjøne kor befriande det er for Emma å endeleg tørre å stikke seg ut, og at ho elskar den frilynte veremåten i Venezuela, som blir kontrastert mot hennar eigne snusfornuftige tørrpinn av ein ektemann. Men Emma er skildra på ein særs unyansert negativ måte. Det kan ha underhaldningsverdi, til dømes når ho er sjølvmedlidande og egoistisk i relasjon til hushjelpa:

Hvorfor kunne hun ikke bare ha en eneste dag da alt var bra, da hun følte seg vel på alle måter? (…) Og selv når hun lå på terrassen med skyvedøra igjen, greide hun ikke slappe av, for hun visste at Dulce var i leiligheten og gjorde ting feil.(…)Hun kunne ikke en gang skjære opp frukten til Emma ordentlig. Bitenen var i ulik størrelse, druesteinene var ikke tatt ut.

I forrige nummer av litteraturtidsskriftet Vagant melder Bernhard Ellefsen ei bok med liknande tematikk: Regntid av Line Baugstø. Han siterer der Dag Solstads bud om at ein ikkje bør skrive romanar om folk som er dummare enn ein sjølv. Den feilen har nok Røed gjort. Verknaden av at Emma er så lite reflektert, er at eg distanserar meg frå henne og langt på veg avskriv henne som dum. Det kan vere at veikskapen ligg i tankearbeidet, men hovedsakleg er det glippen i karakterteikninga som gjer at romanen ikkje når opp til Oterholm og Marsteins nivå. Dei skriv begge slik at innhaldet i prinsippet kunne gjelde både dei sjølv og lesaren, og rammar difor på ein heilt anna måte.

Utsikta heimover
Sjølv om eg ikkje umiddelbart kjenner meg ramma av skildringa til Røed, tar eg imidlertid ta høgd for at det som skjer med Emma i Venezuela er mekanismar vi alle kunne bli påverka av i samme situasjon. Røeds roman kan sjølvsagt lesast som ein generell kritikk av egoismen hos dei (oss) rike. Men kanskje er den spesielle situasjonen ho skildrar faktisk òg i ferd med å oppstå her heime? Forrige helg trykte Aftenposten ein reportasje om nordmenns aukande kjøp av tenester i heimen. Vinklinga var slik: No som vi er rike, er det ikkje på tide å kunne setje bort keisame og tunge jobbar til betalt hjelp utan dårleg samvit? Røeds roman gir eit anna perspektiv på saka. Meir enn eit spørsmål om samvit, er vel dette eit spørsmål om ikkje ei slik utvikling vil gjere noko med oss, og ikkje minst med neste generasjon. Eg vil difor tilrå å lese Skjønne utsikter, for det er ei både god og aktuell bok.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: