Partikulær realisme

Det verkar som debutant Knut Olav Homlong vil utfordre lesaren, men det spørs om lesaren vil ta imot utfordringa.

Prosa
Knut Olav Homlong:
Romklang
Damm 2006

Med debuten sin, som forlaget klokeleg har latt vere å plassere sjangermessig, bryt Knut Olav Homlong dei fleste av dei forventingane til romansjangeren lesaren av gamal vane stiller med når ho åpnar ei bok med skjønnlitterær prosa. Gjennom 15 nummererte kapittel møter vi ein eg-forteljar som òg er hovudpersonen, i og med at han skildrar sitt eige liv. Men her er det òg slutt på likskapen med ein tradisjonell roman. Det er nesten så eg må kalle teksten for ein antiroman. Her er det lite handling, ikkje plott, ikkje dramaturgi, ingen kronologi. Eg-forteljaren er på ein ny stad i kvart kapittel, og det verkar som vi hoppar mellom ulike stadier i livet hans. Det er meir ei rekke av episodar vi blir presentert for, bortsett frå at ordet ”episode” gir forventingar om ei hending, så difor er kanskje ordet ”scene” meir presist.

Tid, rom og tekst
Tittelen Romklang seier noko om at skildringa av rom gjennom språk er eit viktig aspekt i teksten. Og forstår vi ”rom” òg som ”tidsrom”, gir det mykje informasjon om teksten i boka. Boka viar seg åt nitidige skildringar av morgonrutiner, stadsskildringar inkludert alle svingane på hovudvegen, rydding av verandaen og så bortetter, og hovudpersonen si sansing og livsoppleving i desse stundene. Det finst eit svakt riss av ei rammeforteljing som går ut på at hovudpersonen skal levere språkvask av eit manus til eit forlag, men aldri får gjort det, og dermed må finne på orsakingar for å få forlengja fristen. Han verkar som han går gjennom ei slags krise, og det kan vere den som motiverer den språklege granskinga av den seigtflytande augneblinken, minna om alle stundene kor det eigentleg ikkje skjedde nokon ting, men som til saman har blitt til viktige delar av livet hans:

Det viktigaste for meg, dei to tinga som var viktige for meg, var desse: å få tida til å gå og å få tida til å stå still. På merkeleg vis fall dei to interessene saman. Eg oppsøkte alltid tilstandar der det ikkje skjedde noko, og der tida altså berre gjekk, som ei klokke, utan framsteg og utan å vilje noko.

Ser ein dette i samanheng med eit anna sitat; ”Eg trur eg aldri har vore interessert i litteratur, berre i det som bind tekstane saman og bryt dei opp” tek det til å likne på ein poetikk, eller i alle fall ein tolkingsnøkkel for boka. Dette er med andre ord ein tekst som granskar dei augneblinkane som elles gjerne er utelatne i litterære skildringar (og med god grunn, kan det vere freistande å leggje til), som driv skildringar av fysiske omgjevnader og daglegdagse handlingar forbi det meiningsberande og inn i det direkte trøttande. Samstundes er all vekt på det partikulære, dei små hendingane, mens alle store liner i narrasjonen er fjerna. Det verkar som eit teksteksperiment: Kor langt kan ein gå i å kaste om på ”det som bind tekstane saman og bryt dei opp”, og kva kan resultatet gje av meining?

Utfordringa
Forlaget påstår i vaskesetelen av Homlong har eit presist språk. Det stemmer på den måten at forteljaren legg stor energi i å finne akkurat dei rette orda, noko som ofte fører til at han må seie ting på fleire måtar. Eg får som lesar kjensla av at teksten er svært presist i høve til dei objekta, landskapa eller tilstandene han skildrar; men det er for så vidt irrelevant for meg som ikkje kjenner til objekta, berre teksten. I den grad ein i ordet ”presis” legg eit element av presisjon eller økonomi, så er ikkje dette språket så mykje presist som omstendeleg. Heilt sikkert med vitande og vilje, som ein del av det nemnde teksteksperimentet. Men det krev ei stor metainteresse for tekst å halde konsentrasjonen gjennom dei langstrakte språklege utforskingane.

Prosjektet til Homlong er ambisiøst og har filosofiske implikasjonar ein kunne ha fordjupa seg i, og dette er i seg sjølv imponerande frå ein debutant. I den grad han treng å utvikle seg vidare som forfattar, handlar det meir om kommunikasjon enn refleksjon. Eg merkar at interessa for prosjektet aukar når eg skal skildre det i min eigen tekst, men det må seiast at det er lenge sidan eg sleit sånn med å komme meg gjennom 115 små sider med skjønnlitterær prosa på norsk. Sjølv om Homlong nok gjerne vil utfordre og bevisstgjere lesaren, blei utfordringa for meg etter kvart å klare å føre blikket nedover sidene utan at augeloka fylgde etter.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: