Ladd gevær med vått krutt

Det som skulle ha blitt ein eksplosjon blir berre eit poff når dei litterære verkemidla ikkje er godt nytta.

Roman
Guro Sibeko:
Ctrl+Alt+Delete
Gyldendal 2001

Når Guro Sibeko no utgjev den andre romanen sin, har det gått berre eitt år sidan debutromanen Vingespenn kom ut. Det vitnar om ein produktiv forfattar, men byggjer òg opp under inntrykket av at teksten kunne ha blitt mykje betre om ho hadde lagt meir arbeid i utforminga av narrasjonen.

Overmenneska
Som i debutboka skildrar ho ei handlekraftige heltinne som veit og kan meir enn andre, foraktar dumskap og gjerne bryt lova fordi ho har mist trua på det eksisterande samfunnet. Eg-forteljaren er den 29 år gamle Helena; ei krigsmaskin kamuflert som yndig karrierekvinne. Ho er dotter av ein afrikansk geriljasoldat og ein norsk rehabilitert heroinist, har doktorgrad, leiar eit forskningssenter, snakkar sju språk, er topptrent kampsportutøvar og ein habil diamantslipar. I byrjinga av boka kjem ho til ein ”heime aleine-fest”, som i denne konkteksten tyder at foreldra har sendt ungane til besteforeldra. Festen utgjer det meste av notidsplanet i boka, sjølv om vi mot slutten får bli med forteljaren ut på nattleg oppdrag. Resten av teksten består av innskotne historier og tilbakeblikk som gradvis gjer oss kjent med livshistoria til både hovudpersonen, familien hennar og vener av familien.

Sams for alle desse er at dei har dramatiske forhistorier og er ressurssterke kvar på sitt vis. Mellom anna har dei pengar nok fordi dei er i stand til å finne diamantar i den norske fjellheimen, slipe og selje dei. No er dei samla i styret for ein organisasjon som planlegg ei kontrollert utrydding av størsteparten av menneska på jorda ved hjelp av eit virus, samstundes som dei sjølve har utvikla ei vaksine som dei kan redde seg sjølve og nokre utvalde andre med. Dette vert framstilt som ei forlenging av den same idealismen som hittil har fått dei til å kjempe mot totalitære regime, ta seg av kvinner og born på flukt frå valdelege menn og kjøpe fri slavar.

Uklar bodskap
Boka skildrar altså korleis idealisme para med erfaringsbasert kynisme kan ende i ein slags velmeint fascisme, der nokre få utvalde i kraft av sine ressursar og klippefaste tru på eiga vurderingsevne gjer seg sjølve til herrar over liv og død. Det store spørsmålet for meg blir om dette er bodskapen, eller om forfattaren faktisk kastar fram at denne typen handling kan verte naudsynt ein gong. Årsaka til at eg er usikker, er at det gjennom heile boka blir bygd opp bilete av menneskje som er soldatar i det godes teneste, og biletet blir ikkje nemneverdig pletta av tvilsomme motiv eller karakterbristar. Sjølv om dette er sett og fortalt gjennom Helena, som godt kan vere ein upåliteleg forteljar, er det lite undertekst her som motseier forteljaren.

Sjølvsagt kan ein seie at berre det å planlegge å drepe størstedelen av folka på jorda gjer undertekst unødvendig, men sidan dette er klart heilt frå byrjinga av boka, hadde eg venta meir av ei utvikling gjennom narrasjonen. Når siste side er lest, sit eg først og framst igjen med bakgrunnshistoriene for det som var utgangspunktet for boka, og kan ikkje seie at eg er gripen av dramatikken i scenarioet som ligg i forlenginga av slutten. Det er mykje interessant stoff her samla sett, men dramaturgien vert fullstendig torpedert av alle dei innskotne historiene, minna og refleksjonane.

Dermed må ein seie at prosjektet har feila, for så mykje dramatisk, viktig og ikkje minst tidsaktuell problematikk burde ha gjort eit mykje sterkare inntrykk. Til samanlikning vil eg trekkje fram Nicolai Houms novellesamling Alle barn er laget av ild som kom ut om lag samstundes med Sibekos debutroman i fjor. Det er noveller som nesten utan unntak gir gåsehud når ein kjem til siste linja, og spesielt skildringa av eit samfunn i fullt samanbrot etter ei verdsomspennande finanskrise reiser effektivt grunnleggjande eksistensielle problemstillingar. Han demonstrerer til fulle at forma er minst like viktig som innhaldet om ein ønskar å vekkje lesaren.

Det er synd at Sibeko ikkje har brukt meir tid – eller har fått meir hjelp frå forlaget – til å få orden på verkemidla, for ho har mykje kunnskap og engasjement og ikkje minst eit spennande perspektiv på Norge i verda. Men om pennen skal vere eit dødeleg våpen, krev det nok like mykje trening og perfeksjonering av handverket som andre kampformer.

Tidlagare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: