Kjærleik, svik, død, sorg, nytt håp

Ja, det akkurat så kjenslevart og alvorstungt som du får inntrykk av. Og endå litt til.

Roman
Barbara Voors:
Isløsning
Omsett av Kirsti Øvergaard
Cappelen Damm 2008

Isløsning av svenske Barbara Voors tar for seg hendingane forut for og etter ei tragisk ulukke, der Fredrik og den snart ti år gamle dottera Elin går gjennom isen og druknar. Attende sit kona Iris, elskerinna Sofie og bestevennen Daniel, som er dei tre forteljarane i boka. Andre etterlatne er Fredrik sin son, Iris sin steson Melker og Elin sin bestevenn Anneli, som er dottera til Sofie. Alle lurer dei på korleis denne ulukka kunne skje, og om det kan ha vore noko anna enn ei ulukke. Mistanken fell på ein sosialklient med tilnamnet Krepsemannen.

Ganske god, men …
Dette er på mange måtar ei ganske god bok. Forfattaren skriv godt, har psykologisk innsikt, og gjennomfører ein elegant komposisjon der tre forteljarar utfyller kvarandres skildringar både av notida og fortida. Elementa av krimforteljing skaper litt spenning, men er først og framst retta mot dei psykologiske aspekta ved situasjonen. Men boka overbeviser likevel ikkje. Det er noko ved henne som gir assosiasjonar i retning triviallitteratur, først og fremst ein tendens til idyllisering, endå så trist emnet er: Jenta som døydde var det mest elsklege vesen ein kan tenkje seg, ektemannen elska kona si over alt trass utruskapen, dei etterlatte kjem nærmare kvarandre og nærmare sine sanne eg etter ulukka.

Når det er Iris som fortel, er boka på sitt sterkaste. Hennar måte å fortelje om sorga på gjer inntrykk, og forteljarstemma hennar står i stil til personen. Men når først Sofie, og så – og det er verre – ungkaren Daniel viser seg å ha den samme måten å ordlegge seg og reflektere på, blir boka brått mykje dårlegare. Når til dømes Daniel har vore sjuk nokre dagar, får han besøk av ein kollega, og han skammar seg over kor rotete han har det. Det er lite som minner om ein uvøren ungkar i måten han skriv om dette på: «Jeg orker ikke engang å unnskylde meg, det er på sett og vis for sent. Harry Levin, gammel nok til å være min far. Vekker jeg farsfølelser i ham, og han min farslengsel?Den siste tiden har jeg tenkt mye på pappa.»
Dette blir for kjenslevart for meg, det vippar over i parodien. Vidare får vi del i forhistoria om ein far som forlot han og mora då han var atten år, og om korleis mora gjorde Daniel til klagemur: ”Jeg lyttet og sa aldri nei – atten år, hvordan satte man grenser for den man elsket og var avhengig av?” Hadde det vore snakk om ein tiåring – men ein attenåring?

Krepsesymbolikk
Det er óg ganske tynt når heile ”krimvrien” er basert på at ein mann alltid går med eit stort og lett gjenkjenneleg gullsmykke forma som ein kreps. Krepsen blir eit sentralt symbol i boka, blant anna finn Daniel at Fredrik har notert på ein politirapport kor Krepsemannen er nemt:”Ved fare kryper krepsen baklengs inn i hulen. Jeg også.” Og når Daniel i tillegg låner ei bok om kreps fordi han etterforskar Krepsemannen, blir det eit tynt påskot for banke symbolikken inn med lengre skildringar av krepsen. Når eg som lesar har vore i dette universet i 330 sider, er ein del av meg melankolsk, mens ironikaren i meg byrjar å bli lattermild: Så sørgjeleg og interessant!! Tonen er så blotta for motstemmer, humor og grums at det heile verkar sentimentalt og livsfjernt, same kor komplisert og fullt av livsvisdom innhaldet er.

Tidlagare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: