Historisk-pedagogisk metode

Dersom eg hadde vore ein gretten, gammal gubbe, ville eg ha kalla Unn fra Stjernesteinene for ein dameroman.

Roman
Hanne Marie Svendsen:
Unn fra Stjernesteinene
Omsett av Annie Riis
Aschehoug 2005

Men sidan eg berre tidvis er gretten, og som regel positivt innstilt til alt som er feminint, så nøyer eg meg med å slå fast at denne romanen har trekk som minner om triviallitteratur. Det som skiller boka frå triviallitteraturen, er at ho er grundig på grensa til det akademiske – og altfor anstendig. Unn fra Stjernesteinene er ein historisk roman med handling fra Grønland på midten av 1300-talet. Hovedpersonen er Unn, som er foreldrelaus, men som får utdanning i eit nonnekloster saman med fostersøstera Ingebjørg. Vi følgjer utviklinga hennar – og utviklinga i det grønlandske samfunnet – i tiåret frå ho er tenåring og til ho er vaksen kvinne. I tillegg får vi skildra ein ekspedisjon som prøvar å nå nordpolen under leiinga av ein engelsk munk. Boka er tjukk; heile 560 sider.

Pedagogisk
Svendsen må ha lagt ned eit enormt arbeid for å samle inn den historiske kunnskapen som boka bugnar av. Kristentru og folketru, styresett, klostervesen, matstell, helsestell, vitskapelege teoriar, natur og dyreliv; kort sagt korleis livet arta seg på Grønland den gongen. Dette er altså ei bok ein kan lære mykje av å lese, og det er i utgangspunktet positivt. Problemet er at alt som skjer, og alt som blir sagt, først og fremst framstår som måtar å få formidla all denne kunnskapen på, og det kan bli kjedeleg belærande dersom ein kan ein ting eller to fra før om kristendom i middelalderen og livet i polare strok. Boka er lettlesen, språket klart og greit. Opplysningar som skal setje scena for forteljinga, blir innbaka i samtalar og skildringar i staden for å bli fortalt på meir direkte vis. Inntrykket av heilskapen blir derfor at dette er så altfor pedagogisk. Du skal matast med informasjon utan å merke det, mens du blir underhaldt. Men det blir overtydleg.

Mot lysare tider
Forfattaren sine eigne sympatiar skin tydeleg gjennom, og ein skjønar raskt at den kristne læra og korleis den blei forvalta av autoritetane skal få ein kritisk gjennomgang. Det er ikkje vanskeleg å vere samd i at det kan vere på sin plass, men nytt og spennande er det ikkje. Når hovudpersonane vågar å stille spørsmål med vedtekne sanningar og tenke nye tankar, så opplever eg det først og fremst som at dei nærmar seg det som er vedtekne sanningar i vår tid, og dermed er på ”riktig” spor og forut for si tid. Det heile er krydra med politisk korrekt respekt for urfolket, som i motsetnad til dei kristne lever i pakt med naturen, samt innslag av ein new age-aktig mystikk som – trass i fantastiske opplevingar – synest å gjere merkverdig lite inntrykk på hovudpersonen.

Alt dette skal illustrere ”en dramatisk brytningstid” (sitert frå vaskesetelen). Problemet er at det framstår som ein illustrasjon, ikkje som noko verkeleg. Ikkje er det så dramatisk heller. Sjølv når farar truar, får ein ikkje kjensla av at noko står på spel, og det ordnar seg alltid for dei vi ”held med”. Historia er meir prega av ei drift mot opplysing og harmoni enn av oppbygging av spenningar. Dette gjer historia både meir truverdig, fordi forfattaren ikkje havnar i karikaturen, og mindre truverdig, fordi alt går litt for fint opp til slutt.

Eindimensjonalt
Personskildringane verkar eindimensjonale. Persongalleriet kan delast inn i dei pene, sympatiske og harmoniske og dei stygge, usympatiske og/eller ubalanserte. Dei verkeleg ondskapsfulle er det langt mellom, sjølv om kirka sjølvsagt har sine representantar på plass. Hovedpersonen Unn er ein idealisert kvinneskikkelse; vakker, modig og kunnskapstørst. I byrjinga av boka nyttar forfattaren klisjear som fekk meg til å frykte det verste: ”Det krusete håret som det er vanskelig å tvinge inn i en flette, danser på kinnene og de store, fint formete ørene hennes. Hun er langbeint og smallemmet, munnen er en bred, buet sprekk under de høye kinnbeina. Det er en grådig munn.” Er det andre enn meg som ser for seg ein sanseleg rebell av ein fotomodell lik dei vi finn i romantiske ”dameromanar”?

Framhaldet blei heldigvis betre enn venta, men ho blei aldri ein verkeleg person, heller. Vi får del i det ho opplever samt funderingane hennar rundt eksistensielle spørsmål, men vi kjem aldri på innsida. Forfattaren har ein tendens til å gå raskt forbi relativt store hendingar utan å skildre korleis dei påverkar hovudpersonen. No må ikkje all littaratur vere proppfull av psykologisk innsikt, men når personane ikkje blir levande for lesaren, uteblir også det store engasjementet. Denne boka vil du ha glede av dersom du er glad i historiske romanar, og synest at ein new age-inspirert versjon av ein Bergljot Hobæk Haff-roman høyrest fristande ut.

Tidlegare publisert i Dag og Tid

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: