Blodlaust om liv og samliv

Det er ein svak og uinteressant tekst Nadine Gordimer gir oss denne gongen.

Roman
Nadine Gordimer:
Et eget liv
Omsett av Ragnhild Eikli
Gyldendal 2006

Då denne boka kom ut på engelsk i 2005 var Nadine Gordimer 82 år gamal. Det er imponerande at ho framleis utgjev bøker. Men når det er sagt, så er dette ein tekst som verkar vendt inn mot seg sjølv, og personanen blir aldri heilt levande for lesaren.

Kampen for livet
Den 35 år gamle Paul Bannerman er økolog og kjempar ein stadig kamp for naturen og mot kommersielle aktørar. Han er gift med ei vakker kvinne som har gjort karriere innan reklamebransjen, og har ein son. Når han får kreft, må han etter det kirurgiske inngrepet gjennom ei strålebehandling som gjer at han i nokre veker etterpå sjølv avgir farleg stråling. Difor flyttar han inn hos foreldra sine, som meiner det er betre at dei tar denne risikoen enn kona og sonen. Dette isolatet etter den krisa ein kreftsjukdom er, gjer at Paul kjem på avstand frå dagleglivet sitt og får tenkt igjennom tinga.

Teksten går ikkje under huda på Paul, men flyttar seg mellom han, kona, foreldra hans og deira respektive yrkeskarrierer. Desse vakre, intelligente og danna menneska har levd gode liv som del av det kvite, velståande mindretalet i Sør-Afrika, dei er fulle av omsut for kvarandre og gode intensjonar, og sjølv når dei gjer feiltrinn går det høfleg og udramatisk for seg.
Det som etterkvart skiljer seg ut som sentral tematikk, er korleis ekteskapeleg samliv balanserar mellom likskapar og forskjellar, tilpassing og sjølvrealisering. Om ein skal leite etter eit bodskap, må det vere at den einskilde må ha noko viktig i livet sitt utanom familien dersom ein skal halde ut og ha noko å komme med inn i samlivet.

Tankerekkjer
Alt dette er vel og bra, men likevel er det lite som fengjer med denne boka. Noko kan ein skylde på den forteljarstilen Gordimer har valgt. Ein autoral, allvitande forteljar rører seg inn i tankane og minna til dei ulike personar, og rett som det er kjem det tankjerekkjer som like godt kan tilhøyre forteljaren sjølv, ein veit aldri heilt. I det heile tatt er det som om heile historia foregår i tankane til forteljaren, og personane er figurar som aldri får eit eige liv. Stilen er indirekte og refererande, det er få dialogar, få attgjevingar av konkrete handlingar. Nokre gongar er språket uklart og innforstått, som når ein må resonnere seg fram til kven pronomenet ”han” viser til i ein bestemt samanheng. Mange setningar er ufullstendige, andre har mange og lange innskutte digresjonar. I det heile tatt kan teksten nokre gonger minne meir om eit raskt skissert utkast enn ein ferdig roman. Eit døme, kor Paul tenker på ekteskapet sitt:

Fem år har gått – en tilstand, der spørsmålet – hvis det er et spørsmål, for et valg ble foretatt – ikke kommer innenfra. Det var – er – ingen plass for det. Men dette utenkelige begrepet, et Livsløp, det ufattbare: en tilstand som aldri kunne/burde ha funnet sted, fører med seg en erkjennelse som du ikke har innrømt før. Strålingen kaster lys over det skjulte eller uoppdagede.

Det er mogeleg at noko av skylda for at språket framstår som rotete må leggjast på omsetjaren. Det fins i alle fall fleire blunderar av typen ”Han traff ektemannen og hans kone”, dvs. at elskaren traff elskerinna og hennar ektemann, eller ”Moren hans kom bort til Paul”, dvs. at Pauls mor kom bort til han. Ein heilt annan sak er at desse menneska verkar så perfekte og vellukka at historia framstår som udramatisk og uinteressant, ja, blodfattig. Kvifor skal eg lese om og bry meg om desse folka? Nadine Gordimer var nok ein fortent vinnar av Nobels litteraturpris i 1991, men denne boka trur eg ikkje hadde blitt omsett til norsk om ho var skriven av ein mindre kjent forfattar.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: