Privat vs. personleg

Kvar går skiljet mellom privat og personleg, har skiljet flytta seg dei siste femti åra, og kven har skrive den mest hudlause kunstarromanen, Janet Frame eller Karl Ove Knausgård?

Roman
Janet Frame:
Mot en ny sommer
Omsett av Kari og Kjell Risvik
Oktober 2010

Janet Frame er ein av New Zealands mest kjende forfattarar. Mange vil ha høyrt om sjølvbiografien En engel ved mitt bord som òg er filmatisert. Romanen som no blir utgitt på norsk, Mot en ny sommer, vart skriven i 1963, men utgitt posthumt i 2007 fordi Frame meinte boka var for personleg til å bli publisert medan ho levde. Dette gjer det freistande å samanlikne boka med Knausgårds sjølvbiografiske prosjekt Min Kamp I-VI. (Som trass i tittelen hittil ikkje har røpa noko form for sjeleleg identifikasjon med Hitler. Kanskje Knausgårds-posten, som kollega Odd W. Surén lett ironisk kallar bøkene, hadde vore ein vel så god tittel?) Og kvifor skulle no eigentleg eg vere den einaste som ikkje skriv noko om Knausgård? Det som slår meg, er forskjellen – men kanskje òg likskapen – mellom Frame og Knausgård i synet på kva som er for personleg.

Trekkfuglen
Hovudpersonen i romanen til Frame er forfattar, men har fått namnet Grace Cleaver. Ho skildrar inngåande den hjelpeløysa som rammar henne i sosiale samanhengar, og skamma og fortvilinga det fyller henne med når ho i ikkje klarer å vere den velartikulerte og interessante samtalepartnaren folk ventar at ho, som forfattar, skal vere. På papiret kan ho levere lange, poetisk formulerte og originalt uttenkte resonnement, men munnleg får ho knapt fram anna enn fraser og halvkvedne viser. Det skjer ikkje noko dramatisk i boka, handlinga vekslar mellom eit helgebesøk hos eit gift par med to born og skildring av minner frå barndommen. Spenninga er på det indre planet, kor Grace lever i redsla for å røpe seg for dei ho er i lag med: «Problemene med når man skal stå opp, legge seg, hva man skal si, hvor man skal gå og når, hadde for Grace nådd uløselighetens grenser, for i nattens løp var Grace Cleave blitt forvandlet til en trekkfugl.»

Ho er ein trekkfugl fordi ho har flytta frå New Zealand til grå London, og lengtar attende, både til landet og til barndommen. Men for Grace har tilstanden vorte meir enn symbolsk. Trekkfuglmotivet kjenner eg igjen frå romanen Tilpasning, som kom på norsk i 2001. Og her trur eg det som var for personleg for Frame i 1963 ligg: Blottstillinga av tankar, fantasiar og frykt som var ein viktig del av hennar indre liv.

46 år seinare skriv Knausgård under fullt namn og tilsynelatande heilt ope om sosiale vanskar, skamkjensle, vurderingar av folk han har møtt og kjensler for sine næraste. Likevel hevdar han å dele det private, men ikkje det personlege. Det er lett å tru at den store skilnaden i kva dei to toler å røpe om seg sjølv skyldast samfunnsutviklinga. Men kanskje er ikkje forskjellen til Frame så stor som han først kan verke: Kanskje skildrar Frame i si bok nett dei tinga Knausgård unnlet å dele, nemleg dei draumane, tankane og fantasiane som vi andre sannsynlegvis ikkje ville kjent oss igjen i, det vi ville syntes var rart og kanskje provoserande, det som verkeleg er unikt for Knausgård. Her ligg ein openberr forskjell mellom dei to framstellingane: Der Knausgård trass si påståtte sjølvforakt og skamkjensle framstår for lesaren som ein på alle måtar vellukka kunstnar og privatperson – noko som til dømes kjem til synes gjennom den imponerande vennekretsen av kjende forfattarar – må ein verkeleg ynkast når ein les korleis til hovudpersonen til Frame sveittar og strevar i omgang med verda. Slik framstår Frame si bok som eit mykje dristigare og meir personleg kunstnarportrett enn Knausgård si minutt-for-minutt skildring av kvardagar i barndom og vaksenliv.

Alvorstungt
Og når eg først har gjort dette til ein samanliknande studie: Begge prosjekta er prega av alvorstung sjølvgransking utan å legge vekt på livets humoristiske sider. Det er typisk at når Frame skriv fram den einaste morosame episoden i boka, så er det Grace sin eine sosiale triumf som endar i det pinefulle. Ho har blitt rørt til tårer av eit musikkstykke, noko som blir lagt stor vekt på av vertskapet:

Nå tenker jeg Philip blir fornøyd, sa Anne. – Vi har aldri hatt en gjest som gråter før. Grace summet seg, hun var begivenhetenes midtpunkt, stolt nå, skamfull, vellykket, og mumlet: – Beklager at jeg lager sånt oppstyr. Men jeg liker jo Bach så godt. […] Philip kom inn. – Så du likte Händels Concerto?

Når det gjeld lesaroppleving, er eg likevel på linje med samtida mi, og held ein knapp på Knausgård. Om ikkje anna fordi det han skildrar kjennest relevant akkurat no – slik alle kommentarane han haustar utan tvil vitnar om. Sjølv om Frame skriv med poetisk presisjon om ein type indre liv eg ikkje kjenner meg igjen i – noko som burde ha større grunn til å vekkje interesse enn det velkjende – så er det det gammaldagse ved teksten som for meg blir til hinder. Kanskje er det den utstrakte bruken av metaforar og dei kunstferdig utforma setningane som verkar for stive, no som idealet for nyare (norsk) litteratur har rørt seg meir i retning av fransk nyroman. Det er utan tvil ein godt skriven og innsiktsfull roman som truleg er av det slaget som veks ved nærare studie. Men ei rett-i-kroppen lesaroppleving er det ikkje.

Teksten er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: