Stille vatn …

… har djupast botn, heiter det. I denne lågmælte romanen skjer det mest under yta.

Roman
Ingrid Z. Aanestad:
Eg kjem med toget
Oktober 2008

Ingrid Z. Aanestad debuterte i 2006 med romanen I dag er ein fin dag, berre 22 år gammal, og det til gode kritikkar. Den 107 sider korte andreromanen Eg kjem med toget er på mange måtar lik debuten. Hovudpersonen er også her ei alvorleg og kjenslevar ung kvinne, språket er stilreint og dramatikken fråverande.

Til kjernen
Vi møter den namnlause eg-forteljaren idet ho kjem med toget og blir møtt av venninna Eli, som ho skal bu hos ei tid. Skildringa vidare er detaljert og konkret, alt går sakte og stille for seg:

Me sit lenge ved bordet, me snakkar ikkje så mykje. Etter middagen seier Eli at eg ser sliten ut, at ho synest eg skal gå og legga meg. Ho tappar vatn i kummen for å ta oppvasken, medan det fyllest opp kjem ho bort til meg og legg den eine handa mot kinnet mitt. Handa er varm, kinnet er varmt. I morgon kan du fortelja meg kvifor du kom, seier ho.

Det vert aldri forklart kvifor hovudpersonen kom på besøk, men ho verkar vár og skjør som etter lang tids sjukdom, og er i alle fall plaga på eit eller anna vis. Vi følgjer henne frå dag til dag, mens ho søv, drikk te, går tur, strikkar, går på biblioteket.

Tankane går til fleire av Erlend Loes hovudpersonar, som prøver å finne attende til det grunnleggjande i livet, kanskje for å finne ein slags kjerne i seg sjølv. Sjølv om Aanested har ein heilt annan stil – mellom anna er humoren definitivt fråverande – er det noko med skildringane av dei enkle handlingane som har den samme sentimentale naiviteten ved seg. Til dømes tar Eli hovudpersonen med på ein tur for å vise henne ein av skattane ho hadde som barn: Ein tikrone som ligg inni ein grøn plastkork som igjen ligg i ein raud plastkork som er gravd ned under ein stein. Måten ho skildrar på kan òg minne om stilen til Hanne Ørstavik, sjølv om Aanestad manglar den eksplisitte refleksjonen og den handlingsmessige dramatikken som ein finn hos Ørstavik.

Meditativt
Verkar det kjedeleg? Det er ikkje det. Skildringane så fint skrivne at lesinga nesten får ein meditativ karakter. Ved å delta i det stille livet ved havet er det som eg sjølv får roa ned og klarna tankane. Komposisjonsmessig kjem teksten til eit vendepunkt omlag halvvegs i boka, når Eli vert skada og pleietrengjande. Det skaper eit skifte i og ei utvikling av relasjonen mellom dei to kvinnene.

Romanen kan lesast som eit underspelt kjærleiksdrama med seksuell identitet som sentralt tema. Lite vert sagt eksplisitt, men det er mykje å hente ved nærlesing av teksten. Til dømes er det ein fin symbolikk i det når Eli har gått inn på soverommet med elskaren Arne, og hovudpersonen går ned til havet for å høyre på romlinga av steinane som vert slipte mot kvarandre inni bølgjene. Eg trur teksten ville ha gjort sterkare inntrykk på meg om forfattaren hadde vore tydelegare med kva ho vil ha fram. Den indre konflikta eg reknar med at hovudpersonen slit med, blir diffus for meg. Mange vil nok seie at det tvert om er ein kvalitet ved boka at ho er så lite bastant. Det er uansett ingen tvil om at dette er ein vakker bok, om enn svært lågmælt.

Teksten er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: