Sårt og vakkert

Du får ikkje ei betre haustbok enn denne.

Roman
Per Petterson:
Jeg forbanner tidens elv
Oktober 2008

Det er ikkje tvil om at Per Petterson har blitt den store stjerna blant norske forfattarar. Saman med manuset til den siste romanen hans følgde det med eit seks siders skriv om litterære prisar og rosande omtalar han har fått i utlandet dei siste fem åra. Eg har ikkje lese det ein gong, det er vanskeleg å nok å vere ein objektiv lesar som det er. Og eg skjønar ikkje kvifor skrivet er sendt ut. Denne boka treng nemleg ikkje anna reklame enn sin eigen tekst. Ho er ei melankolsk vakker haustreise, perfekt frå første bokstav til siste punktum.

Den vesle guten
Historia er fortalt av Arvid, som vi kjenner frå fleire av Petterson sine tidlegare bøker. Han ser attande på då han var 37 år, då mora hans fekk kreft og kona sa at ho ville skiljast. Han fortel korleis han følgde etter mora til byen i Danmark kor ho vaks opp, og korleis forsøket på å vise at han bryr seg like mykje blir eit krav om trøyst og nærleik som ho ikkje klarer å gi han. Han skildrar òg scener frå den tida kor han møtte ho som vart kona hans. Det skjedde i ein periode då han skuffa mora stort: Han skulle få den utdanninga ho alltid hadde ønska seg, men i staden vart han marxist og slutta på skulen for å bli fabrikkarbeidar som ho sjølv og faren. Typisk nok var han, kanskje den einaste i miljøet som alt høyrde til arbeidarklassa, ein av dei få som faktisk gjorde det mange prata om, og løna vart latterleggjering frå gutta på gølvet.

Tittelen på boka, Jeg forbanner tidens elv, er henta frå eit dikt skrive av Mao, ein gong den store helten, sidan kun eit symbol for den tida Arvid hadde noko å tru på. Til saman veks det fram eit bilete av ein gut som kjende at han ikkje høyrde til, og ein mann som både sørgjer over dette og lengtar attende til det som var. Den 37 år gamle Arvid er i høve til mora framleis den vesle guten som lengtar etter noko ho ikkje kan eller vil gi han.

Film noir
Det som gjer teksten så vakker, er måten scenene er sett og skildra på. Miljøet som veks fram er som ein film noir: Vi er vekselvis i eit urbant miljø på austkanten av Oslo og ved havet i Danmark: Det er fabrikkar, trafikklys, lys frå billykter, vind på havet, sandklitter, og ikkje minst røyk som stig frå stadig røyking av sigarettar eller rullings som vert nøye skildra: korleis dei vert haldne, kva merke det er. Noko av det som gjer mange av scenene så sterke er at dei er eit indirekte bilete av forteljaren og korleis han har lagra minna sine. Eit døme:

Jeg røyka en sigarett, og gloa lyste, og den gråhvite røyken kveila seg så vidt synlig over hodene våre og dro med trekken langs veggen og ut gjennom vinduet som sto åpent mot Finnmarkgata. Der ute kom trafikken fortsatt susende i begge retninger, og billyktene blinka i det doble glasset og svinge over Mao og videre helt inn til sofaen. Ved krysset skifta trafikklyset grønt over gult til det seige røde og tilbake igjen. Vi var varme og svette og helt sikkert blanke i huden, og jeg tenkte ofte at hvis noen så oss som vi satt på den måten, ville de sett noe som de aldri kunne få, som mangla i livene deres, og så ville det være som en torn i kjødet.

Ekte vare
Framstillinga av mora til Arvid viser òg kven ho er for han: Han ser ho som ei Greta Garbo, stolt og tilkneppa, ofte med ein røyk og ei bok. Verkeleg meisterleg er skildringa av dei ørsmå signala som går mellom menneske som knapt pratar saman og endå sjeldnare tek på kvarandre, i eit absolutt minimum av kommunikasjon. Som her, kor mora akkurat har fortalt ektemannen at ho har kreft og vil reise aleine nokre dagar til Danmark:

Faren min hadde ikke rørt seg fra der han sto i døråpninga med bagen i den ene hånda. Den andre hånda var løfta vagt og usikkert i hennes retning. Han hadde aldri vært noen racer når det gjaldt fysisk kontak, ikke på utsida av bokseringen, og det var vel ikke hennes sterke side heller, men nå skøyv hun faren min forsiktig, nesten kjærlig til side så hun kunne passere. Han lot henne gjøre det, men såpass motvillig, med såpass stor motstand og treghet at hun forsto han ville gi henne noe håndfast, et tegn, uten å måtte formulere det med ord.

Dette formidlar ein autensitet som ikkje har noko å gjere med korvidt hendingane i boka har funne stad eller er rein fikjson. Og det er det beste ved denne boka: Ho teiknar eit nakent og sårt bilete av ein mann som treng meir kjærleik enn han får, og det kjennest sant og ekte tvers igjennom.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: