Lars Petter Sveen: Køyre frå Fræna

Mannlege blindsoner: Debutant Lars Petter Sveen har skrive noveller som vekker nyfikna.

Novelledebuten til Lars Petter Sveen (f. 1981) har noko mystisk og ordknapt over seg. Det er nettopp det som gjer at dei overtydar; det står meir der enn talet på ord skulle tilseie.

Talande manglar
Alle novellene handlar om menn, og dei fortel om seg sjølv utan å vere heilt klar over kva dei røpar for lesaren. Dei viser oss sine eigne blindsoner, eller sin eigen mangel på ord for det dei opplever og har inni seg. Det verkar som alle kjem frå Fræna, utan at eg synes bygdetematikken dominerer. I tittelnovella møter vi narkolangaren som reiser frå Fræna, men som truleg har nissen med på lasset i form av den storforlangande kjærasten sin. I Elva har ein mann jaga ein innvandrar på elva, mens den unge faren i Bankeånd har mist sonen sin i krybbedød. Novella Eg veit verkeleg ikkje kva de snakkar om handlar om den tidlegare soldaten som drikk for mykje, og som truleg har vore med på noko dramatisk, men vi får ikkje noko anna hint enn dette: ”Kanskje alt får ei anna farge når det kjem ut, tenkte han. Men kva var det som var komme ut?” Fleire av dei andre novellene viser oss òg menn i vanskelege situasjonar. Nettopp deira eigen prøvande eller mangelfulle refleksjon over livet fann eg svært fascinerande, og eg las desse novellene to gongar av rein lyst til å sjå om det kanskje stod meir der enn eg hadde sett fyrste gongen. Og det er positivt, det er ikkje så ofte eg får den lysta. Dei vekkjer nyfikna.

Politikk
Tre av novellene er politiske på den måten at dei vil vise oss politikarar som har blitt kyniske eller blinde for dei sanne verknadane av det dei driv med. I Himmelen over Fræna er den vakraste møter vi leiaren av ei lokal protestrørsle som har sett i gong ein protestmarsj med katastrofal utgong. I Kandidaten er det ein ung og framstormande partimann som nyttar andre si personlege tragedie til å fremje sin kandidat. I Vakne opp er det ein stortingspolitikar som blandar religion og politikk, men som verkar blind for motsetnadane mellom dei ideala religionen fremjer og den politikken han i røynda støttar. Eg må seie assosiasjonane går til eit bestemt politisk parti, og kanskje til og med til ein bestemt rikspolitikar. Utan å reflektere nærmare over kor treffande skildringane er, så er det i alle fall liten tvil om synspunkta til forfattaren i desse tekstane. Kanskje av den grunn er desse dei litterært svakaste. Symbolikken kan bli overtydleg, som når personane i den religiøse og politiske gruppa i Vakne opp kjenner at tungene deira hovnar opp og deler seg i tuppen. Men det er litt moro òg, som når politikaren seier til sonen sin: ”De unge må kune forsvare grunnverdiane i samfunnet vårt, skal de gå rundt og tru det var tilfeldig at vi fann olja, spør eg.” Eg synes det er bra at Sveen vågar seg inn på slike tema, det er lenge mellom kvar gong ein les såpass eksplisitt politisk litteratur i Norge.

Mystikk
To av novellene skiljer seg frå dei andre. Søner er ei grøssaraktig novelle om to søner som ventar på faren for å ta eit oppgjer mot han, men så dukkar han opp som skrømt. Ho er merkeleg og dramatisk, men nesten symbolsk i forma.
Den framande handlar òg om eit skrømt; her er vi på ein gard rett etter krigen kor ein mann oppdagar at den gravide kona går ut om natta for å snakke med nokon. Historia er mystisk og udramatisk på same tid, det som skjer er uventa og rørande. Sjølv om språket på langt nær er like blømande av metaforar, er det noko med mystikken og skildringane av det kvardagslege gardslivet i denne novella som minner meg om Hans Herbjørnsrud. Språket er òg stort sett godt. Det er enkelt og konkret, men krydra med metaforar innimellom. Det kan fungere bra, som her: ”bak han […] kom eit menneske klar til å rive han sund, lik eit udyr falle ned på jorda med regnet.” Andre gongar fungerar det ikkje fullt så bra, som her: ”Fargane hadde runne ut av himmelen, natta si mold var på veg inn.” Men alt i alt er dette ein særs god debut, ein debut som gjer meg nyfiken og overtydd om at Sveen har mykje å komme med.

Tidlegare publisert i Dag og Tid

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: