Lars Petter Sveen: Eg kjem tilbake

Lyrisk action: Bloddryppande valdssamfunn skildra i ein lyrisk refererande stil.

Ein liten landsby ligg på ei slette. Ein dag kjem fleire pickupar med væpna menn køyrande inn i landsbyen, og ved tinghuset viser dei fram ein skiten og skambankt fange. Gledesbodskapen er: Vi har tatt han! ”Han” er Trane, ein av grunnleggjane av landsbyen. No er han ein berykta bandeleiar og mordar. Før han vert hengd, er hans siste ord til folket: Eg kjem tilbake. Nevøen til den hengde, Lied, har blitt fortalt at det var Trane som drepte far hans. Lied klarer ikkje å slå seg til ro med det, og dreg ut i den valdelege omverda for å finne svar på kven onkelen, faren og han sjølv eigentleg er. Eg anar at det skal byttast rundt på skurke- og helteroller, men ikkje kor det bér.

Hadde soldatane kome på hestar i staden for pickupar, ville eg i byrjinga ha svore på at dette var ein western-roman. Men etterkvart blei det klart at Lars Petter Sveen i si andre bok rører seg i eit meir ubestemmeleg landskap. Det minner om Jan Roar Leikvolls to dystopiske romanar Eit vintereventyr og Fiolinane, kor miljøa verken er tid- eller stadfesta. Sams er òg valden og mangelen på empati som vert skildra.

Introvert action
Lars Petter Sveen fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for novellesamlinga Køyre frå Fræna (2008), og debuten blei kalla original og språksikker. Eg skildra stilen hans som mystisk og ordknapp, og det kan få stå, men eg må legge til lyrisk refererande, for store delar av teksten i den nye romanen gjengir kva som skjer rundt Lied utan at det vert kommentert, forklart eller tolka. Slik teiknar forfattaren opp bilete for lesaren ei eit rytmisk, flytande språk:

Flammane frå husa på kvar side lyste opp ansikta til mennene som stod der. Han høyrte lyden av magasin som vart kakka og sette i våpen, klakkinga av ladegrep, spytting, ei svak messing, som frå ei bønn, og nokre som sa bokmannen og flirte. Lied såg våpna som hang frå hendene deira, og gjekk ut til sida for dei, og nokre sa kvar skal han, og ei stemme ropte hei, stopp, men han heldt fram, ut i mørket, vekk frå lysskjæret, og i det same høyrte han at nokon kom springande etter han og han la seg ned i graset.

Bruken av poetiske bilete i ein tekst full av vald skaper òg ei spesiell stemning. I byrjinga var eg ikkje sikker på kor godt forma fungerte, men etterkvart saug både språket og dramatikken meg inn. Det lyrisk introverte kler det dystopiske landskapet og legg eit skjer av noko uverkeleg over dei valdelege scenene.

Allegori
Mot slutten kan det verke som Lied får skin av ein mytisk frelsesfigur. Ein stakkarsleg frelsar, det skal seiast, men likevel berar av eit svakt, flakkande håp om at ein ny start er mogeleg. Det skrivne ordet rettleiar han, hjelper han å skjøne fortida, og peikar på borna som den einaste sjansen for endring av samfunnet. Det er ikkje originalt, men heller ikkje så banalt som det kan virke; borna framstår som råare og tøffare enn dei vaksne, men mogelege å påverke.

Metaperspektivet gjer sitt til at eg les boka som ei eksistensiell gransking der ord og vald utgjer motstridande strategiar for å løyse dilemmaet individet står i i kampen for tilveret: Vi treng kvarandre, men konkurrerer om dei same goda. Alt i alt kan ein sjå teksten som ein allegori over dei fundamentale livsvilkåra i verda. Og eg må seie eg er fascinert over retninga Sveen har gått med bok nummer to, og framleis nyfiken.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: