Like sant, like uverkeleg

Ein roman om å skrive ein roman – kanskje er det for spesielt interesserte, men utruleg spennande om du er interessert.

Roman
Hanne Ørstavik:
kallet – romanen
Oktober 2006

kallet – romanen er Hanne Ørstavik sin åttande roman. Med ein eg-fortellar som er ein kvinneleg forfattar som har opplevd diskusjon rundt og negative kritikkar av ein tidlegare roman, er det vanskeleg å ikkje lese dette som Ørstavik sine refleksjonar rundt sin eigen forfattarskap. Det er ikkje uproblematisk å gjere ei slik lesing, men det er nett i dette spenningsfeltet, mellom fiksjon og røynd, forteljing og metakommentar, at denne teksten rører seg. Og den tematikken har sjølvsagt vidare relevans, det gjeld alle språkbrukarar.

Sanning
I litteraturvitskapeleg teori om sjølvbiografien snakkar ein om ”den sjølvbiografiske pakta”. Det tyder i hovudsak at den viktigaste forskjellen mellom sjølvbiografi og skjønnlitteratur er korleis forfattaren sjølv definerar teksten. Då Rousseau hevda at Bekjennelser var sjølvbiografisk, byrja lesarar straks å påpeike det dei meinte var skjønnmaling av sanninga. Når Ørstavik hevdar å skrive fiksjon, blir vi straks opptekne av å finne likskapane mellom romanpersonane og ho sjølv. Ørstavik kommenterer dette slik i boka: ”De ser ut til å ha store likheter med deg, kvinnene i romanene dine, sier hun. […] Jeg kan si ja, tenker jeg, og jeg kan si nei, begge deler er like sanne. Men det er jo ikke sånn det er, tenker jeg. Jeg skriver romaner, sier jeg.” Det er på sett og vis likegyldig kor kunstnaren hentar materialet til romanen sin frå, om det er ”sant” eller oppdikta. Det er komposisjonen, språket og den meininga forfattaren ladar teksten med som gjer han til eit kunstverk. I tillegg er det sjølvsagt aldri eit direkte overførbart forhold mellom røynd og tekst, som eksempelet med sjølvbiografien viser. Det er som å hevde at ein ikkje treng å tolke Bibelen, ”eg les berre det som står”, som det heiter i visse krinsar.

Kreativitet
Teksten startar med eit bilete av ei kvinne som står ved vinduet med ryggen til. Hovudpersonen vil at kvinna – truleg den personifiserte kreativiteten – skal snu seg. Men så lenge dette ikkje skjer, kjem ho heller ikkje i gong med å skrive den romanen ho vil skrive, som skal handle om farmora hennar som reiste til Kina for å bli misjonær, men som i staden gifta seg og blei mor til ni. Trongen til å skrive er så sterk at ho skriv likevel, om skrivesperra, draumar, eksmannen, faren, ein intervjusituasjon, om farmora. Men forteljinga vil ikkje opne seg for henne. Det handlar om den kunstnarlege prosessen, om redsla for å ha mista kreativiteten, men òg redsla for kva den kreative evna kan utsetje ein for. Og det er svar på tiltale til dei som trur at dei utanifrå kan seie noko om kva ein som kunstnar bør tru, meine, skape.

Eksistens
Men det viktigaste er det som handlar om sjølve teksten, korleis han blir til, og korleis forfattaren blir til gjennom teksten. Teksten er ikkje berre eit produkt, han er ein eksistensform. ”Når det ikke var noe annet sted å være, så kunne jeg skrive et sted. Og så kunne jeg være der.” Forfattaren, teksten og lesaren er gjensidig avhengige av kvarandre: ”Teksten trenger deg, sier jeg, for å finnes. […] det er du som gjør den virkelig.” Hovudpersonen ønskjer seg lesarar som er ekte menneske, som kan reagere, føle og erkjenne i møte med teksten, ikkje abstraherte lesarar som gjer seg til dommarar over teksten. Både journalisten og akademikaren ho møter tør ikkje vere personlege, i sterk kontrast til kunstnaren som går inn i språket med heile seg, eller for å leite etter kva som er ho. Subjekt, identitet, språk, sanning, meining – det er dette det handlar om, både for forfattaren og farmora som ville bli misjonær, og for begge er det eit kall så sterkt at dei ikkje kan ignorere det. Metaperspektivet, saman med Ørstavik si blanding av fiktive og ”verkelege” element (likskapane til hennar eige liv) fekk det til å svimle for meg under lesinga. Eg tenkte igjen og igjen ”Like sant som jeg er virkelig”. Som i romanen frå 1999 er det ingenting sjølvsagt i ord som ”sant” og ”verkeleg”. Språket kan brukast til å skape meining, eller til å avdekke ein illusjon av meining, til å skape orden i kaos eller ein representasjon av det kaoset vi opplever.

Stemma
Teksten er bygd opp av mange brokkar som vekslar mellom desse emna, og det er mange tider i teksten. Forteljarstemma er det strukturerande elementet i teksten, og for meg gjer ho teksten like medrivande som ei klassisk forteljing ville ha vore. Slik skildrar forfattaren sjølv skilnaden på tidligare romanar og denne:

Jeg har skrevet romanene mine og nå kjennes de som en løgn. For det er så mye jeg ikke har sett. Som er alt dette. Alt fyllstoffet, alt som ble skåret vekk, alt det stygge og ekle. Til det sto igjen en liten kule, en kjerne jeg kunne holde ut, holde fram i hånda, si Se på den.

Det er vanskeleg å ikkje lese dette som ein treffande karakteristikk av Ørstavik sine tidlegare romanar, så stringent forma som dei er. Denne romanen er tilsynelatande meir ”utrimma”. Men sjølv om det er ein meir ordrik og repeterande tekst med fleire ”ureine” element, er språket framleis velformulert og med slåande bilete. Som her, kor ho skriv om skriveprosessen:

For i romanene har det vært noe som har reist seg. Ja, som om et stort dyr reiste seg opp i dem, og sto der på alle fire med skjelettet sitt og laget et hulrom inni. […] Og nå er jeg inni det, tenker jeg plutselig. Jeg er inni magen på dyret, nå står jeg inni det og ser opp.

kallet – romanen vil kanskje ikke ha like brei appell som Kjærlighet eller Like sant som jeg er virkelig, men kan bli ståande som ein nøkkelroman for Ørstavik sin forfattarskap.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: