Kunstig og ærleg

Lesestykket er smalt på alle vis, men pregnant og godt.

Lesestykke
Hanne Ørstavik:
I morgen skal det være åpent for alle
Oktober 2007

Hanne Ørstavik si siste utgjving er eit lesestykke, ein sjanger som minner mest om ein minimumsvariant av eit skodespel. Dei ytre rammene er slik: Ein kvinneleg kunstnar er i ferd med å gjere klar bildeutstillinga si kvelden før opninga, og ho snakkar med seg sjølv om korleis ho opplever sin eigen kunst. Ein ukjend mann står utanfor vindauget. Ho slepper han inn, og dei snakkar saman.

Spørsmålet
Dette er kunstig, sært, til dels kjedeleg. Men no har det aldri vore naudsynte kriterier for god litteratur at innhaldet skal vere gjenkjenneleg og underhaldande. Det som tvert om pregar god litteratur, er at han har godt språk, fruktbare språklege bilete og eit høgt refleksjonsnivå. Alt dette finn eg i lesestykket. Faktisk er språket så pregnant at eg aldri før har hatt så vanskeleg for å seie noko samanfattande om ei bok, og då snakkar vi om 40 små sider. Litt av grunnen til dette er alt som har blitt skrive og meint om Ørstavik dei siste åra.

Eg har fått med meg at det store alvoret hos Ørstavik er vanskeleg å svelge for mange, og at dette lesestykket har blitt kritisert for å vere oppstilt og kunstig. Vel, å seie om Ørstavik at ho er for alvorleg er som å seie at eg skulle ønskje Harald Eia ikkje prøvde å vere så jævla morosam heile tida. Når det gjeld forma, så har vi sett tidlegare at Ørstavik er fullt i stand til å skrive fiksjon som verkar truverdig og realistisk. Når ho no vel ei anna form, er spørsmålet kvifor.

Kommunikasjonen
Det som gjer teksten pregnant og til dels vanskeleg å samanfatte, er at innhaldet er både biletleg og svært konkret. Språket er muntleg, men emna som blir omhandla er abstrakte, eller så konkrete at dei verkar abstrakte, om det er mogeleg. Stemninga er draumaktig og kan minne om poesi. Kunstnaren skildrar for oss ei verd ho ser for seg, og som maleria berre er glimt frå. Denne verda er verkeleg for henne, ho kan ikkje bli kvitt henne. I si indre verd kan ho sjølv ta mange skikkelsar. Scenene ho skildrar verkar det umogeleg å ikkje forstå allegorisk, samstundes seier ho tidleg i teksten: ”Det virker som en allegori, en typisk symbolsk fortelling […] Det er ikke sånn jeg tenker på den.” Den sentrale tematikken er, som tittelen signaliserar, den vanskelege men naudsynte kommunikasjonen med publikum. Kunstnaren håpar at om ho berre får til ein perfekt presentasjon av kunsten, kan ho få den ønska responsen:

I morgen skulle det være klart. Jeg ville at det skulle være vakkert. Helt klart, og tydelig. De skulle komme inn her, folk skulle komme inn her og det skulle være synlig for alle, blendende, det skulle stråle og skinne. […] Endelig skulle det komme noen uten å ødelegge, så det fikk være som det var, helt og rent, og samtidig bli levende.

Men så dukkar denne mannen opp før alt er klart. Han fortel om ei kvinne – til forveksling lik kunstnaren – som ikkje vil ha heile han, som har rydda han ut av livet sitt.

Stiliseringa
Men her finst òg ein annen tematikk, og det er kunsten sin eksistens mellom det stiliserte og livlause, og det kaotiske og øydeleggjande. Kunstnaren i teksten har to stader for sitt indre blikk: Det kvite, reine huset, og den mørke, øydelagte villmarka, ”Men begge stedene er like øde”. Det er, som vi ser forrige sitat, publikum som gir liv til kunstverket. Sett i samanheng med mannen som følte at kvinna han bodde med ”malte han ut av huset”, skaper dette tonn av meining om kunst, røynd, formidling og meining. Og det oppstår ei eksistensielle problemstilling: ”Tenk hvis det aldri kommer til noe gjennombrudd. Tenk hvis dagene bare går og så kommer det ikke i kontakt […] Det skitne og det rene. Det lyse og det mørke. Innsiden og utsiden.”

Formvalet illustrerer nettopp at kunstverket viser oss ein redigert og stilisert versjon av røynda som er tilpassa synsvinkelen og bodskapen til forfattaren. Men så har forfattaren prøvd å gi plass til kaoset, det motstridande og ureine i denne stiliseringa. Resultatet er ein tekst som er ærleg, tydeleg og vend mot lesaren. Illustrerande nok er den siste replikken i boka ”Jeg vet ikke”, og det siste som skjer er ei omfamning. Ørstavik har ei sterkt intuitiv og billedleg imaginasjonsevne, samstundes som ho er svært formmedviten og har eit høgt refleksjonsnivå rundt eiga kunstnarleg verksemd. Ho har hatt eit stort publikum, men med denne utgjevinga vil eg seie at ho er blitt ein smal forfattar. Ho pressar skriveprosjektet sitt vidare sjølv om ho bryt med forventningane frå publikum. Og takk for det. Så kan andre vere ironiske og kule og fortelje vitsar om gale tanter på loftet.

Tidlegare publisert i Dag og Tid

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: