God skit

Dei beste turane i USA får du om du blir med Annie Proulx på skitne og dårlege vegar.

Noveller
Annie Proulx:
Ville veier. Nye historier fra Wyoming
Omsett av Ragnhild Eikli
Pax 2006

Annie Proulx er kvinna bak novella som filmen ”Brokeback Mountain” er basert på. Han blir gjerne omtala som ”homse-cowboy-filmen”, men det er ifølge ho sjølv heilt misvisande. Uansett er filmen mykje tyngre og alvorlegare i tematikken enn dei novellene som no vert utgjevne i boka Ville veier. Nye historier fra Wyoming.

Folkedjupet
Den amerikanske tittelen på denne boka er Bad dirt. Uttrykket refererer ifølgje Proulx si heimeside til dårlege sidevegar, ”rough back roads”. Det har altså blitt til Ville vegar på norsk, og betre er det truleg vanskeleg å få det, men referansen til skit forsvinn, og det er synd. Skit som i jord og natur, skit på hendene, jordnær, ein spade er ein spade, søppel, skiten realisme, å grave i fortida … Skit er på alle måtar eit sentralt motiv i denne boka.

Tittelen er henta frå novella ”Wamsutterulven”, som handlar om folk dei på amerikansk truleg ville kalla ”white trash”. Forferdeleg nemning, forresten. Så det er ikkje så utenkjeleg at uttrykket ”bad dirt”, omsett som ”uskikkeleg skit”, òg kan vise til dei. Så uskikkelege er desse nemleg ifølgje vanlege menneskelege standardarar at dei kryssar grensa over til det som i dyreriket er naturleg og evolusjonsmessig riktig åtferd: Det gjeld å anten vere den sterkaste eller å halde seg på lag med han. Sånn kan ein òg vere i pakt med naturen. Men det er ikkje ”white trash” som dominerer boka, sjølv om vi rører oss langt nede i folkedjupet, og langt vekke frå det urbane, trendy og velutdanna USA vi oftast får presentert. Dei fleste novellene tar utgangspunkt i miljøet og folket i og rundt den bittelille staden Elk Tooth og baren Pee Wee’s. Og vi møter breidda i den svært lille busetnaden: frå ranch-eigaren som elskar jorda si over alt, til indianarjenta som blir kjent med tragediene i den nære historia til folket sitt, til det danna ekteparet frå New York som plutseleg framstår som usiviliserte i eit samfunn med andre normer, til ei bardame som må ty til drastiske middel for å hindre maktovergrep frå nabobonden – og til grevlingen med den vakre pelsen som trur gardskjerringa er forelska i han.

Skråblikk
I den grad ein vel å bruke nemninga ”skiten realisme” på desse novellene, må ein opne for ei ganske vid tolkning av kva som er realistisk. Tyngda ligg nok meir i omgrepet ”skiten”. Forfattaren legg nemleg stadig inn absurde innslag, og rører seg dermed over i eit meir billedleg og humoristisk skildringssett. Som i opningsnovella ”Helveteshølet”, kor ein viltvaktar opplever at bakken opnar seg og sluker krypskytterar, eller i ”Dyngasøppel”, kor ein magisk kjele oppfyller alle ønskjer. Det var ikkje desse absurde elementa som appellerte mest til meg i lesinga, men engasjementet generelt steig etter kvart som eg blei kjend med universet og karakterane. Det samme gjeld forståinga av det lett skeive og humoristiske blikket forteljaren har på verda. Men humoren er no likevel best når ho set skråblikket sitt mot dei alminnelege raritetane som går føre seg i mange småsamfunn. Mot slutten mora eg meg kosteleg med ”Konkurransen”, kor mennene veddar om kven som klarer å få lengst skjegg, og med ”Badestampsommeren”, kor bilreparatøren Willy Huson nesten kokar seg sjølv i ein diger jernkjele i forsøket på å følgje trenden med utandørs badestampar.

Uforutseieleg
Proulx har blitt samanlikna med Mark Twain, og tankane mine går òg til William Faulkner sine skildringar frå det oppdikta sørstatsuniverset Yoknapatawpha County. Forteljarstilen er knapp og deskriptiv. Språket er kvardagsleg og liketil, men med gode billedlege omskrivingar innimellom. Formidlinga av meininga og humoren ligg i utvalet av informasjon, hendingar og replikkar, og tekstane blir aldri overtydlege. Tvert imot er dei herleg uforutseielege. Omsetjinga verkar god, sjølv om ein uvanleg pirkete lesar som meg av og til kan lure på om ei ordstilling kanskje har blitt med frå engelsk syntaks over i norsken. Her er ein liten smakebit som kan illustrere påstandane mine om teksten, henta frå novella Frå ”På utleie fra Florida”:

Stamgjestene på Pee Wee’s skrøt gjerne av at de ikke lot seg vippe av pinnen. De så helt uberørte ut når fremmede kom inn i baren, men registrerte hver minste detalj i uvanlig oppførsel og snakk, slik at de kunne plukke det fra hverandre senere. Ingen hadde blunket da fem tibetanske munker i blodoransje kjortler kom inn og bestilte te. Munkene var små og katteaktige og utstrålte muskelstyrke, omtrent som rodeoryttere. Da de hadde gått, sa Hard Winter Ulph: ”Jeg ville ikke kødda med de gutta der.”

I lesinga av desse novellene får du aldri den vonde kjensla av at du veit kva som skal skje, og at det kjedar deg. For du klarer ikkje å gjette kva som skal skje. Og det blir det gode lesaropplevingar av.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: