Ei open bok

Linn Ullmann skriv glitrande, men stolar vél mykje på underteksten.

Roman
Linn Ullmann:
Et velsignet barn
Oktober 2005

Å lese Linn Ullmann er alltid som å ta ein klassesvipptur – eller kanskje heller ein sightseeing med buss – inn i borgarskapet. I hennar bøker er det studier i utlandet, designersofaer, middag på Theatercaféen og bustad på Frogner som gjeld. Personane er gjerne kunstnarar, journalistar, legar og forskerar. Dei spelar instrument og drikk dyrt brennevin. Dei har sine problem, ikkje minst i familien. Men dei held stort sett på fasaden.

Felles far
I den nye romanen, Et velsignet barn, får vi innblikk i denne verda frå endå ein ny kant: Sett gjennom barneauge, gjennom sommarminner. På notidsplanet skjer det lite. I løpet av to dagar følgjer vi Erika, som køyrer frå Oslo til øya Hammarsö på den svenske austkysten for å vitje Isak, den 84 år gamle far sin. Og vi følgjer halvsystera Laura, som brukar den første dagen til å bestemme seg for å bli med, og som så kjem etter saman med Molly, som er halvsyster til dei begge. Alt her anar vi at faren er den sentrale karakteren; sidan det er han dei er på veg mot. Det er som om alle skildringane involverer han på eit eller anna nivå. Han er eit spennande kraftsentrum i teksten; sola dei andre personane i boka går i bane rundt. Sjølv om dei tre systrene etterkvart går i store baner; det har gått mange, mange år sidan sist dei var saman med faren. Han var nemleg ikkje ein nær og god far; han hadde noko som var viktigare; livsverket som forskar på foster og ultralyd. Men om somrane var dei saman, eller i alle fall fram til den sommaren tragedien hende. Då var Erika 15, Laura 12 og Molly fem år.

To reiser
Det er altså to reiser her; ei gjennom geografien, mot faren, og ei attende i tid, til somrane i sommarhuset hans på Hammarsö, øya Gud gløymde, men som turistane oppdaga, og som dermed fekk årleg amatørskodespel, tennisturnering og allsangkveld. I dei to første delane av boka hoppar forfattaren mellom ulike tider, minner og situasjonar for å skildre først Erika, og så Laura, og etter kvart dannar lesaren seg eit bilete av liva deira. Eg er i utgangspunktet ikkje så glad i denne hoppeteknikken, han prøver tolmodet mitt og nysgjerrigheita mi i litt for stor grad. Men Ullmann gjer det med bravur. Ho har ei heilt spesiell evne til å skape slåande bilete og scener som ein har både på netthinna og i tankane lenge etter at boka er lagt vekk.

Tragedien
Deretter får vi forteljinga om den sommaren det skjedde. For tidsreiser har gjerne òg eit mål, og det er gjerne ei sjokkerande hending. Merkeleg nok blei eg ikkje så gripen av hendinga når avsløringa endeleg kom. I tillegg til at det ”måtte” skje, så var det òg eit sentralt element ved sjølve tragedien eg fann usannsynleg, utan at eg kan gå inn på det her utan å røpe for mykje. Men det sentrale her er ikkje utfallet, men det som Ullmann sjølv har framheva som viktig i handlinga, nemleg den utilslørte maktbruken born imellom. Og det skildrar ho utruleg bra. Med presist språk teiknar ho opp akkurat så mykje av situasjonane som du treng for å sjå og forstå. Om eg ikkje akkurat kjende meg igjen i dei, så såg eg dei for meg som på film, og eg trur så gjerne på Ullmann når ho seier at slik kan det òg vere.

Ei open bok
Så var det dette med undertekst. Dette er nemleg ei open bok på to vis: For det første – som nemnt ovanfor – det openberre i at tidsreisa har som mål å avsløre ei traumatisk hending. Men ho er òg open på stikk motsett vis: Det ligg påstander i underteksten som ropar på merksemda, men som forfattaren lar bli verande der – i underteksten. Ullmann er så medviten om dei verkemidla ho nyttar i teksten at dette ikkje kan vere tilfeldig. Og ein kan kanskje argumentere for at ho på denne måten ladar teksten med meining, men unngår melodramaet. Men for meg blir det motsett: Det blir noko uforløyst ved lesaropplevinga. Det er ein tragisk dimensjon her som blir fortrengd, glatta over, som vi aldri når fram til. Fasaden blir halden ved like.

Men det kan ikkje bli siste ord i denne meldinga. For Ullmann skriv glitrande. Det vonde og det gode, det vakre og det grelle, fortid og notid; det går opp i ein vakker einskap. Og her er små sceniske perler, som familien på veg til stranda for å begrave ein daud fugl, eller Laura som held rundt ein gammal mann mens ein gjeng av sinte naboar bankar på døra hans. Det er dei som sit att i mitt hovud, og der blir dei nok ei stund.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: