Den alvorlege kunsten

Det er ikkje mogeleg å komme lenger unna ei ironisk livshaldning enn dette.

Roman
Hanne Ørstavik:
48 rue Defacqz
Forlaget Oktober 2009

Hanne Ørstavik sin nye roman, 48 rue Defacqz, må vere definisjonen på ein stilleståande roman. Her er det inga spenningskurve, knapt handling i det hele tatt, berre kontemplasjon og skildringar av minner, draumar og tablå. Det er eit alvor så intenst kjenslevart at eg blir flau, og berre vil rømme fnisande inn i ironien.

Terapien
Vi møter tvillingane Rakel og Paul, som er i byrjinga av 40-åra og bur saman i eit hus Paul er arkitekt for. Rakel er kunstmalar. Vi får vite at mora for 20 år sidan blei drepen i ei ulukke i eit steinbrot dei eigde. Faren – som var ein valdeleg mann – vart lamma og døydde fem år seinare. På fortauet utanfor huset deira står ei ung kvinne og stirrar. Ho slepp til slutt inn i huset, og får ei seng å ligge i. Rakel sit av og til ved senga. Mannen Rakel skal gifte seg med, Samuel, kjem til huset. Han er òg arkitekt, og han og Rakel stiller seg saman med Paul og ser på ein modell Paul har laga av eit utstillingslokale som skal vise kunst frå den belgiske kolonien Kongo. Og der vert dei ståande, all anna handling foregår i sinnet.

Boka startar med ein dialog som kan minne om samtalen mellom ein psykolog og ein pasient. På den måten får vi inntrykk av at alt skjer i fantasien til denne pasiententen/forteljaren. Denne samtalen mellom forteljaren og terapauten – eller kanskje den gode lyttaren/lesaren – dukkar opp gjennom heile boka: «Er de deg, figurene? Nei, de er ikke meg. (stille) Men det er jeg som ser dem. Uten dem finnes ikke dette stedet, huset, fortellingen. Uten dem blir det stumt, flatt.» På denne måten gjer Ørstavik det tydeleg at dette er ei bok om kunst og terapi, og kanskje om ei viss overlapping mellom desse to felta. Dette kjem òg fram tematisk: Mange av motiva i boka har å gjere med seinskadar etter ulike overgrep, enten det gjeld fysisk og psykisk vald, seksuelle overgrep eller utbytting av eit land, som det koloniserte Kongo. Det ironiske er jo, at gjennom sitt kunstnarlege virke – som for Paul er eksistensielt viktig – er han med på å stille ut kunst som er plyndra frå Kongo i eit gigantisk overgrep som ramma eit heilt folk. Her er det mykje ein kan reflektere vidare rundt.

Motet
Eg har altfor stor respekt for Ørstavik sin forfattarskap til å slå flåsete vitsar om den spesielle forma ho har valgt for dette stoffet. Men denne gongen held det hardt. Den ”kunstnarlege” kjensla, dei mange spørsmåla og setningane som liksom leitar etter dei rette orda: alt dette kan nesten vippe over i sin eigen parodi. Det kjem an på augene som les: For mange vil dette verke parodisk, for andre vil det vere modig og viktig litteratur. Eg beundrar først og fremst motet til Ørstavik, og sjølv når eg synest ho blir svært spesiell, blir ho aldri uinteressant. For det ligg alltid erkjenningar og gode refleksjonar i botnen, og teksten flyt godt. Eg skulle berre ønske at terapien ikkje måtte vere så knugande alvorleg. Denne boka er absolutt ikkje er noko å le av – og difor vert det nokon gongar freistande.

Tidlegare publisert i Dag og Tid

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: