Tale ved tildelinga av Aschehougprisen 2010

Tale ved arbeidsutvalet i Norsk kritikerlags litteraturseksjon, som er juryen for Aschehougprisen: Morten Haugen, Jan Grue, Mariann Enge og underteikna, Merete Røsvik Granlund. Den fullstendige grunngjevinga for tildelinga kan lesast på nettsidene til Kritikerlaget.

Aschehougprisen for 2010 går til ein forfattar vi har blitt vant til å sjå i media dei siste åra. Dessverre er det heller sjeldan sine eigne bøker ho uttalar seg om. Men i år feirar ho – og no vi – 15-årsjubileum for ein forfattarskap ho altså i stor grad har utøvd under eller over radaren til det store bokelskande publikumet i Norge.

Vi snakkar om ein forfattar som kompromisslaust har utvikla eit særprega og risikabelt litterært prosjekt. Risikabelt fordi ho har valt emner som kan oppfattast som banale eller melodramatiske. Dobbelt risikabelt fordi ho nyttar ei litterær form som har blitt kalla både ”kjedeleg”, ”overflatisk” og ”ubehageleg”, med hovudpersonar som gjerne er både usympatiske og upålitelige. Då kjem det som ei overrasking når ein som lesar byrjar å kjenne seg igjen, og blir riven med av begjæret i teksten. Det kan vere pirrande, og det er ubehageleg at det er pirrande og intellektuelt pirrande at det er så ubehageleg.

Tidleg i forfattarskapen sa årets prisvinnar at ho ville utforske korleis vi kan leve med døden, og ein finn vel ikkje eit meir direkte eksistensielt prosjekt enn det. Intellektuelt har ho røtene sine i fransk litteratur og filosofi, og spesielt ideala for fransk nyroman har vore formande. Resultatet er tekstar så opne for tolking at det som kan opplevast som rystande og tankevekkjande for ein lesar, kan bli totalt oversett av ein annan. Dermed er prosjektet tredobbelt risikabelt. Sjølv om tekstane er enkle å lese setning for setning, kan lesaren raskt få kjensla av at forfattaren er smartare enn ein sjølv. Så spørs det om ein likar den kjensla eller ikkje. Årets jury likar den kjensla.

Juryen meiner at årets prisvinnar har funne ei unik litterær form som ikkje berre utforskar eksistensielle problemstillingar, men som gir lesaren ei litterær røynsle av eksistensielt grunnleggjande drifter og redsler. Ho demonstrerer at overflata og det banale ikkje lar seg skilje frå det eksistensielle, og at det tilsynelatande lette og tilfeldige ikkje er mindre meiningsberande enn det kompliserte og dramatiske. Og ho utfordrar oss litterært og intellektuelt, noko som er viktig i seg sjølv.

Det er ei stor glede å gi Aschehougprisen for 2010 til Anne Oterholm!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: