Rasande kvinnesak

Dette er ikkje ein roman, det er ein rasande tirade.

Roman
Elfriede Jelinek:
Elskerinnene
Omsett av Elisabeth Beanca Halvorsen
Gyldendal 2007

Når Gyldendal no kjem med den andre norske utgjevinga av ei Jelinek-bok etter Pianolærerinna, har dei valgt ei bok som først kom ut i 1975. Då var Jelinek 29 år. Før lesinga lurte eg på kva ei 31 år gammal ”kvinnesaksbok” frå Østerrike hadde å seie meg i dag, og om denne teksten var representativ for den nobelprisvinnande Jelinek. Etter å ha lese ho, må eg seie at problematikken ikkje verkar så utdatert likevel, om ein ser utanfor Norge sine grenser. Og Jelinek hadde alt som 29-åring ein svært interessant stil, ganske lik stilen i Pianolærerinnen.

Hyperbolsk
I Elskerinnene tematiserer Jelinek livsvilkåra til kvinnene i eit ikkje likestilt samfunn: I ekteskapet er dei er slavar som blir vekselvis banka og valdtekne, likevel er alle jenter sitt mål å kapre ein mann. Tittelen må altså vere sarkastisk, sidan det er svært lite kjærleik inne i biletet her. Det handlar rett og slett om å bruke kroppen og evnene sine på rett måte for å bli gift med den rette mannen. Men mykje avheng òg av flaksen. Denne bodskapen hamrar Jelinek inn, biletleg, med reine ord, gjennom handling, med endelause gjentakingar. Ein kan godt kalle dette ein hyperbolsk tekst, dvs. full overdriving, og overtydeleg.

Forteljarstilen gjer at eg oppfattar forteljaren som hovudpersonen her, romanpersonane er kun eksempel som skal illustrere poenget hennar. Dei to ”eksempla” er Brigitte og Paula, som har kvar sin strategi for å fange ein mann. Brigitte har funne ein mann med gode framtidsutsikter, og brukar underlivet sitt til å kapre han, les: bli gravid med han. Paula har forlese seg på ukeblad og trur ho har funne lukka når ho fell for ein vakker mann. Men ho har ikkje vurdert kva slags mann han eigentleg er, kva han har å tilby, og det går som venta ikkje bra.

På vaskesetelen kallar forlaget dette for ei ”ukebladaktig fortelling”, og språket for ”enkelt og tilforlateleg”. Det stemmer på sett og vis, men er likevel ei forenkling. Dette språket er direkte, og fullt av enkle og banale setningar, men er sjølvsagt gjennomsyra av ironi, for ikkje å seie sarkasme. Jelinek leikar med språket, brukar og vrir på faste uttrykk og klisjear. Stadig vekk kjem ho med bombastiske, simplistiske utsetsegner som skal representere det folkelege synet. Teksten har òg nokre særtrekk som eg i starten fann særs irriterande, men som eg blei vant til etterkvart: Ingen store bokstavar, bruk av forkortingar og svært korte avsnitt. Eit døme:

tjenesten ved båndet lar brigitte beholde kvinneligheten sin fordi det er en kvinnelig bedrift med utelukkende kvinnelige ansatte (arbeidersker), derfor er det ikke vanskelig å opprettholde rensligheten. det eneste mannlige er de høyere stillingene som man ikke ser, og som altså ikke kan forstyrre den kvinnelige rensligheten. i utelukkende mannl. bedrifter ligger det noe ekkelt rundt omkring på gulvet uten at noen øyeblikkelig gjør noe med det.

Om ein har sans for sarkasme, er teksten ofte humoristisk, som her:
når paula spør en av kvinnene om hva hun ønsker seg, da ønsker hun seg noe til hele familien, for eksempel en bil som da hele familien sitter i, og hvor mora stadig venter på å få gi barnet en klaps over fingrene for å kunne rettferdiggjøre sin egen tilstedeværelse. dessuten kan man pynte opp en bil med små blomstervaser og puter. det forskjønner.

Verbalt raseri
Elisabeth Beanca Halvorsen har omsett teksten og skrive eit svært godt og informativt etterord, som fungerar som ei innføring i Jelinek sin særeigne stil. Eg har ikkje lese originalen, men må seie at eg er imponert over omsetjinga, å gjenskape ein så spesiell tekst til spennande norsk kan ikkje ha vore enkelt. Som i Pianolærerinnen gjer den indirekte og distanserte tonen at eg som lesar får ein viss distanse til den til tider fæle handlinga. Det er det som er så interessant med Jelinek sin stil: Det ligg tydeleg eit sosialt engasjement bak, men teksten er objektiverande og ”kald”; held kjenslene på avstand. Sarkasmen er mest slåande når ein les, men heilskapen framstår som eit uvanleg verbalt raseriutbrot. Dette er ikkje ein klassisk roman, det er ein rasande tirade som skal gjere det tydeleg for alle kor idiotisk og forråande det er at kvinnene kun kan få verdi gjennom mannen. Dessutan er alle materialistiske, dumme og fulle av hat. Slik ser visst Jelinek på verda. Overtydeleg, ja vel, men teksten reddar seg på engasjement, originalitet og vidd. Dessutan minte han meg på at eg er ei av dei heldige.

Teksten er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: