Fascinerande disharmoni

Å fastslå at ein Nobelpris-vinnande forfattar skriv spennande litteratur er inga sak.

Roman
Elfriede Jelinek:
Pianolærerinnen
Omsett av Elisabeth Beanca Halvorsen og Mons Andreas Finne Vedøy
Gyldendal 2005

Romanen Die Klavierspielerin kom ut i Hamburg i 1983. I 2001 blei Michael Haneke si kontroversielle filmatiseringa lansert, og slik blei Jelinek og boka hennar introdusert for det norske publikumet. Filmen skal vere særs ufjelg å sjå (eg har ikkje sett han), men boka gjer ikkje samme inntrykk. Det har nok med forteljarstilen å gjere, noko eg vil utdjupe nedanfor. I 2004 fekk Elfriede Jelinek Nobelprisen i litteratur, og no er den mest kjende boka hennar altså omsett til norsk. Ein er ikkje akkurat uhildra når ein som meldar set seg til å lese ei bok av ein Nobelpris-vinnar. Men eg slepp i alle fall å vere flau for ikkje å ha lese denne forfattaren før, sidan det var få i Norge som hadde høyrt om Elfriede Jelinek før ho fekk Nobelprisen. Uvitande, førehandsprogramert, men ikkje flau, gjekk eg altså til verket. Ingen blir vel overraska over dommen min: At dette er høgst original skrivekunst.

Kaoskrefter
Pianolærarinna Erika er ei kvinne i 30-åra som bur saman med mora si og blir detaljstyrt av henne. I opningssekvensen av boka blir ho kalt ein ”virvelstorm”, men òg eit ”barn” som ”higer etter å slippe fri fra moren”. Dermed er den sentrale tematikken introdusert: Kaoskreftene som er sperra inne bak prøysserdisiplinen. Erika har blitt kontrollert og trent sidan ho var lita jente. Ikkje berre skulle ho bruke all fritid til å øve seg på diverse instrument, ho skulle – og skal – òg dele seng med mora og sove med hendene over dyna. Under den kontrollerte overflata – og i dette tilfellet går overflata langt inn i den bevisste psyken – herskar eit kaos av forbudte kjensler og begjær, av sakn og sjelelege sår. Og aggresjon, mykje aggresjon. Erika sine skuggesider gir utslag i fordekt vald på trikken, nattlege kikkarturar, kutting i eigen kropp med barberblad. Ikkje uventa er det på det seksuelle området problema verkeleg viser seg, både i form av frigiditet, samt ei forvirra blanding av sadisme og masochisme. Mannen er i denne boka ein sjølvbevisst ung gud eller ein gal og undertrykt ektemann, ein inntrengjar, ein driftsstyrt mannsgris, ein jeger, eit forakteleg byttedyr, eit begjærsobjekt. Erika har lukka menn ute frå livet sitt, men likevel blir ein gnist av håp tent i henne når den unge studenten Walter Klemmer startar eit stormløp for å vinne henne.

Kunstsnobberi
Den skildringa Jelinek gir oss av Wien viser tydeleg at vi er i Freud sin heimby, kor nevrosene blomstrar i velfriserte bedd. Samfunnet vi møter er autoritært og snobbete, og gjennomsyra både av borgerlege verdiar og av alkohol. Her er det heimehygge med småkaker og tv-titting, private klassiske konsertar og riding i parken. I den samme parken foregår prostitusjonen og skamlaus friluftsparring om natta, og ektemennene flyktar frå heimekosen for å gå på peep show. Musikk og kunst er allment anerkjent som viktig danning. Dermed blir kunsten eit staussymbol som gir opphav til eit hierarki av kunstelskarar, kunstkjennarar og kunstutøverar: ”Erika kjemper seg til en liten plass så vidt innen musikkgenienes horisont. Her er det kamp om plassene. Hele Wien prøver å kolonisere denne flekken.” Å mislukkast er ikkje akseptabelt, då ventar skamma og kanskje korporleg straff.

Kald og leiken
I litteraturteorien er telling og showing eit mykje brukt omgrepspar. Det blir rekna som betre å illustrere det ein vil ha fram gjennom oppbygging av scener i staden for å forklare og komme med direkte påstander. På aksen mellom telling og showing kan det ved første blikk verke som Jelinek legg seg nærmast telling: Ho brukar ein refererande og springande forteljarstil som skaper stor avstand til dei faktiske hendingane, sjølv om ho også går inn i hovudet til personane og gjengir korleis dei tenkjer. Men kjenslene er fråverande, slik dei òg er i Erika sitt medvit. Det er lite dialog, og det som er, blir gjengjeve enten indirekte eller bortgøymt midt i den refererande teksten. Likevel er det mange scener her, men dei blir stadig avbrotne eller forhalte. Å lese denne teksten er som å følgje assosiasjonane til forteljaren. Det som skjer, tankar rundt og vurderingar av det som skjer, replikkar, skildringar av det miljøet handlinga foregår i; alt kjem i eit einaste pust. Forteljaren er allvitande, kaldt betraktande, kritisk, nokre gonger sint eller hånleg. Men som lesar er eg ikkje i tvil om kor sympatien ligg.

Dette er ein kronglete og komplisert tekst som krevjer eit svært høgt språkleg presisjonsnivå av omsetjarane. Så vidt eg kan sjå, har dei gjort ein svært god jobb. Jelinek leikar med språket, med faste uttrykk og klisjear, gjentakingar og dobbeltydingar. Ho brukar sjølvmotseiingar – eller tilsynelatande sjølvmotseiingar som løyser seg opp ved nærmare ettersyn. Til dømes: ”Hun går ubemerket, ledsaget av horn- og basunstøt og spredte felesnutter som sammen trenger seg ut av vinduene. Som ledsagere.” Når ein veit at det er eit musikkonservatorie ho forlet, så forsinn den overførte tydinga, samtidig som ein rest likevel heng att i lesaren. Ein tenkjer at Erika kan oppsummerast slik: Hennar indre er dramatisk som pauker og horn, men andre ser ei grå mus med eit keisamt liv.

Tolkingspotensiale
Eg kan ikkje yte denne teksten rettferd i ei kort melding. Kvaliteten viser seg nettopp ved at det er eit enormt potensiale for språkleg fordjuping og tolkingar av teksten både som samfunnsskildring og kvinneportrett. Både i form og innhald er dette originalt, djuptloddande, kritisk. Kva meir kan ein ønskje av ein Nobelpris-vinnar?

Teksten er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: