Kjønnlitteratur

Potent romandebut om mannen sin plass i samfunnet og kvinneskjødet.

Roman
Lars Ove Seljestad:
Blind
Cappelen 2005

I den amerikanske teikneserien Bloom County møter vi ein stusseleg utsjåande gammal mann som har blitt utnemd til ”the Grand Duke” i rørsla ”Moral Majority”. Og kva har han tenkt å gjere for å påverke samfunnet? ”Go right home and dominate my wife!” At kontoll over kvinnekjønnet tradisjonelt har vore ein viktig del av mannen si kjensle av kontroll i samfunnet, finst det mange eksempel på. I Lars Ove Seljestad sin debutroman Blind kjem dette til uttrykk så ofte og på så mange måtar at det framstår som det sentrale temaet i romanen.

Klassekampen
Idet vi møter hovedpersonen i romanen, Geir Kinsarvik, står han på toppen av karrieren, men ønskjer å dø. Han kjem frå ein arbeiderfamilie på Odda, og har jobba hardt for å oppnå den sosiale mobiliteten det moderne norske samfunnet gjer mogeleg. Kva gjekk gale? Vidare i romanen får vi tilbakeblikk på sentrale hendingar i livet hans. På eitt nivå er dette ein roman om korleis sosial mobilitet og individualiseringa av samfunnet går på kostnad av solidariteten med eiga klasse og dermed det medmenneskelege aspektet. Dette perspektivet blir eksplisitt presentert i ein lang einetale kor faren til hovedpersonen gjer greie for sine verdiar. Men Kinsarvik gjer sine livsval stikk i strid med desse, og oppfyller dermed alle faren sine dystre spådommar. Kinsarvik sjølv meiner avsporinga skjedde då han som ungdomsskuleelev ein gong vart nedverdiga der det gjer mest vondt: I manndomen. Han sverga hemn; han skulle vise dei alle saman ved å oppnå høgare sosial status. Dermed gjer han opprør i staden for å innordne seg den plassen i hierarkiet som klassefellesskapet gav han.

Kjønnskampen
Men romanen kan òg lesast som ei skildring av ei mannsrolle i krise. Sjølv om Kinsarvik yrkesmessig vel ein annan strategi enn faren for å bygge opp manndommen sin, har han arva eit mannsideal der fysisk styrke og tilgang til kvinnekjønnet er knytta saman på ein uheldig måte. Tidleg i romanen får vi presentert ei sprutande fargerik, og nærmast mytisk fortelling om Kinsarvik sin sterke farfar, som på kirkebakken beviste sin enorme styrke og manndom med å løfta ein kampestein. Kleda revnar, penisen reiser seg, kvinnene vert trekt mot han med strøymande safter, og idet løftet skjer, vert ei kollektiv orgasme og befrukting utløyst. Kinsarvik sin far, smelteverksarbeidaren, fører idealet vidare på sin måte, ved å vere ein hardt arbeidande mann med nærmast territoriale krav til kvinnekroppen.

Gjennom heile romanen er kjønnsakter den raude tråden, ved vanemessige valdtekter innanfor ekteskapet i arbeidarfamilien, misbruk av hjortekadaver, fyllevaldtekt, gruppevaldtekt, horehusbesøk og SM-sex. På denne måten gir forfattaren eit skremmande – men interessant – innblikk i det tvangsmessige forholdet Kinsarvik har til kvinnekjønnet. Skjødet representerer det ultimate trygge og gode, samstundes som det blir knytta til døden, noko vi får ei svært så eksplisitt skildring av. ”Under regressjon ligg aggressjon”, heiter det visst i psykoanalysen. På samme måten som parolen ”kvinna eig sjølv sin kropp” tydelegvis representerer eit stort tilbakesteg i utviklinga for Kinsarvik, kjem det også på andre måtar til uttrykk at likestillinga mellom kjønna har vore negativ for mannen. Livet i den danna middelklassen blir skildra som ein feminisert kvardag full av jålete design og kvinnepjatt, og styrt på alle baugar og kantar av kva som er sunt og politisk korrekt. Kor mistilpass Kinsarvik er med dette blir flott illustrert i ei scene der han står fast på ein trang balkong, forvist med sigaretten sin, og endar opp med å knuse ein glassveranda, pisse, spy og pådra seg eit opphald i fengsel … Når han misser kontrollen over kona bryt verda hans saman. Han misser kontakta med son sin, og dermed er lina av sterke menn brutt ved at kvinna tar makta.

Spriking og samansmelting
Når Kinsarvik til slutt klarer å sjå samanhengane i sitt eige liv, smeltar kjønnsperspektivet og klasseperspektivet saman som eggcella og sædcella: Hadde han blitt i arbeiderkollektivet hos den jenta han avviste i tenåra, hadde alt vore så mykje betre. Det kan ein jo komme til å lese som at alt var betre før, men det kan eg ikkje få meg til å gjere, sjølv om eg kan vere samd med Seljestad i at noko har gått tapt på vegen mot det samfunnet vi har i dag. Seljestad skriv godt, og kjenner sine verkemiddel. Han brukar eit munnleg og til dels grovkorna språk, som eg reknar med er prega av dialekt, sidan nynorsken sprikar i alle retningar. Han opererer med ein allvitande forteljar med vekslade synsvinkel, og ved å presentere røyda også slik kvinnene ser ho, gir han eit heilt nødvendig korrektiv til hovedpersonen si sjølvmedlidande framstelling. Likevel framstår Kinsarvik som eit offer, først og fremst fordi han er blind når det gjeld dei nære relasjonane som betyr så mykje for han. Komposisjonsmessig er ikke alle elementa like godt integrerte i heilskapen, utan at det går utover lesaropplevinga. Seljestad framstår uansett som ein fullbefaren forfattar, som gir mykje å tenkje på.

Teksten er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: