Á la Nilssen

Ei god blanding av musegrå norsk kvardag og fargesterk litterær posering viser at Olaug Nilssen er verd all merksemda ho har fått dei siste åra.

Roman
Olaug Nilssen:
Få meg på, for faen
Samlaget 2005

Olaug Nilssen har ein heilt særeigen stil. Ho er ikkje den som skriv lange, episke forteljingar. Tekstane hennar er meir fragmentariske og leikande. Dei to føregåande skjønnlitterære bøkene hennar for vaksne, Innestengd i udyr og Vi har så korte armar klarte ikkje heilt å overbevise meg, sjølv om eg såg at ho hadde noko eige. Det var så springande, så uvant, til dels altfor velkjent, til dels sært. Men no har ho meg. Etter å ha lese den nye romanen, Få meg på, for faen, melder meg inn i fanklubben. Ikkje fordi innhaldet er så revolusjonerande, men fordi grepet hennar om språket er så overtydande, og fordi det i delar av denne romanen er eit perfekt samsvar mellom den særeigne forma hennar og det ho skildrar.

Dagdrøymarar
Historia har fire delar og tre hovudpersonar. Det er Maria, ein sosiologistudent i Bergen som arbeider som reinhaldar i eit vikarbyra for å finansiere studia. Ho er ei beskjeden og pliktoppfyllande jente som ikkje klarer å markere seg i kvardagen, men som drøymer om å få dele den traurige kvardagen sin med tv-publikumet, og så vise seg å vere spesiell og spennande. Den sprengkåte femtenåringen Alma får store sosiale problem etter å ha hevda at ein gut ”var borti meg med pikken”. Då blir ho sjølvsagt ”Pikk-Alma”. Den tredje hovudpersonen er den frustrerte heimeverande ”kona til Sebjørn”, som altså ikkje får æra av å opptre med sitt eige navn. Ho er mor til Maria og venninde med Alma si mor.
Felles for desse tre er at dei dagdrøymer, at dei lengtar etter noko dei ikkje har, og ikkje veit heilt korleis dei skal få tak i det. Teksten rører seg fram og tilbake mellom røynda og draumen, inn og ut av fiksjonen. Tittelen, Få meg på, for faen, er visst eit sitat av ein tv-reportar som var frustrert over tekniske problem og kom i skade for å kringkaste pr-kåtskapen sin. Det verkar jo som det høver best på Maria, men å komme ”på” kan ein kanskje òg sjå i samband med dei to andre sin trong til å komme inn i det ”eigentlege” livet.

Tenåringsproblematikk
Eg må innrømme at dei to delane om Maria ikkje fenga meg heilt. Teksten har mange gode augneblinkar, det er ikkje det, men det er noko med prosjektet som blir for opplagt, og Maria sitt keisame kvardagsliv er jo akkurat det, då, sjølv om Nilssen spritar det opp med språklege krumspring. Men den delen av boka som skildrar Alma meiner eg må vere noko av det beste som er skrive av tenåringsskildringar i norsk litteratur. Alma er heilt ute å køyre, ho er totalt einspora i hovudet og har ikkje heilt styring på seg sjølv. Eg blir litt flau på hennar vegne. Men det er altså noko med dette ubehjelpelege tenåringsaktige som sjarmerar sokkane av meg. Her kjem Nilssen sin språklege vitalitet og røyndomsnære originalitet verkeleg til sin rett. Når ho f eks seier: ”Og no er Alma sitt personlege helvete heilt laust.” Det er nok med det lille ordet ”heilt”, dermed får eg som lesar heilt nye assosiasjonar, og blir dessutan litt sjarmert av tenåringen som ikkje har heilt styr på språket heller. Eller når Alma svarar eit par plageånder på bussen: ”Kvifor sit de så langt framme i bussen? De sit jævlig langt framme i bussen til å skulle vere så spydige.” For alle som har køyrt buss til skulen er det sjølvforklarande, sjølv om eg aldri har høyrt nokon seie det slik før. Alle veit at dei tøffe sit lengst bak i bussen.
Nokre gonger blir skildringane ustyrleg komiske, men utan å ta bort alvoret i Alma sin situasjon som sosial pariakaste. Fanstastisk godt gjort. Eg skulle gjerne lese meir om Alma.

Karakteristiske grep
Skildringa av kona til Sebjørn sitt lille ”tenåringsopprør” er også fin lesing. Det er noko teatralsk over det heile, og spesielt over slutten, som minner mest om ein parodi på ein amerikansk familiefilm. Men det er liksom ein del av Nilssen sitt særpreg, det: Ho insisterer på å skildre alle dei trivielle detaljane i dagleglivet, men ikkje i ei realistisk form. Tvert imot driv ho med ei litterær posering som viser fram kor bevisst ho er på dei grepa ho gjer i teksten, og som skaper fleire delvis gjennomsiktige lag av fiksjon. Dei litterære grepa som er karakteristiske for hennar stil, er flørt med skodespel-sjangeren, ein innskoten parodi, eit steg ut av fiksjonen og inn igjen, sitat av songtekstar, ein uventa vri på faste språklege uttrykk. Det er denne språklege leiken som verkeleg hevar boka ut av bokvrimmelen her i landet.

Likevel er det mindre av det fragmentariske og eksperimentelle i denne boka enn i dei føregåande, jamfør det eg nemde heilt i starten av meldinga. Tekstbrokkane har blitt lengre, stemmene færre, og teksten har nærma seg den meir tradisjonelle prosaen. Eg meiner at Nilssen tener på dette, og det er plenty originalitet igjen. Som når sjefen på Nepestappe-fabrikken har komt inn på pauserommet og samtalen går i stå: ”– No blei dette litt dumt, seier han. – Eg går ut, og så kjem eg inn igjen.” Og så får vi scena på nytt, med identisk start, men nytt framhald. Eller når kona til Sebjørn bryt inn i ein diskusjon om kva oppgåver yrkesaktive overlet til andre fordi dei er så leie av å gjere dei på jobben: ”Eg tippar dei heimeverande får andre til å vere heime for seg”. Då er det morosamt å lese.

Teksten er tidlegare publisert i Dag og Tid

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: