Vigdis Hjorth: Hjulskift

Listig, lystig og lett på tå: Vigdis Hjorth analyserer ein kvinneleg litteraturprofessor som forelskar seg i ein bilseljar. Det rører lett ved cerebral corex, men ikkje lenger nede i kroppen.

Litteraturprofessor Lovise Berg er 46 år og lei av jobben sin, kjærasten, borna sine, seg sjølv. Berginga frå keisemda finn ho berre i alkoholen, heilt til ho møter den fire år yngre bilseljaren Truls, som er bra nok til å liggje med, med ikkje bra nok til å ha eit seriøst forhold til. Men etter kvart viser det seg at det kanskje er ekte kjærleik likevel. Og nett fordi Truls står for andre verdiar og ein annan livsstil enn ho sjølv, kjem ho i kontakt med det ho har mist: «sitt engasjement, sin nysgjerrighet, og kanskje også evnen til å bli beveget».

Men kanskje endå viktigare: Ho møter sine eigne fordommar og til slutt – ei djuptliggjande kjensle av forakt og aggresjon mot seg sjølv. Denne innsikta, eller rettare sagt kjensla, kjem heilt til slutt i boka, og gjer ein brå ende både på boka og på dei lange analysene Lovise har halde gåande.

For meg vart det slik at boka slutta akkurat der det verkeleg byrja å bli interessant. Men det gjorde òg at boka vart meir interessant i retrospekt enn ho var under lesinga, sidan den overraskande slutten kjem som eit resultat av møtet mellom dei to temaa som Lovise har arbeidd med mentalt; forfattarskapen til den gløymde og undervurderte Edith Key og sitt eige forhold til Truls.

Listig
I skildringa av Edith Key leikar Hjorth seg med sitt eige ry som forfattar. Key skreiv om lett attkjennelege hendingar og personar i sitt eige liv, sjokkerte samtida si med frivolitet og vart mykje omtala i media. Lovise har som hypotese at Key vart feillesen og underkjend fordi ho skreiv om kvinner og «den kvinnelige livsverden», og derfor vart eit «offer» i ei litterær ålmente styrd av menn.

Men om ein les dette som eit fordekt forsvar av Hjorths eigen forfattarskap, så kompliserer Hjorth biletet monaleg når ho lèt Lovise misse respekten for Key som forfattar, når ho skriv at Key brukte media og bøkene sine til å eksponere seg, men at koketteriet skjulte tomheit og forakt for seg sjølv, at ho «aldri turte rette hakken mot sitt eget harde gråsteinsbryst».

Det er listig gjort, for likskapane er der framleis, men det blir mykje vanskelegare å lese opp mot Hjorth sjølv, og det er usikkert kven desse vurderingane seier mest om: forfattaren Edith Key eller akademikaren Lovise Berg.

Lystig
Hjorths skildringar av den akademiske borgarskapen er artige og attkjennelege, den utstuderte blandinga av borgarleg, god smak og bohemaktig ukonvensjonalitet, raffinement og folkeligheit (nokre stolar frå IKEA er som regel nok til å skape det inntrykket). Skildringa av Gucci-akademikaren Lovise som reiser til Cuba for å sitje på kafé og arbeide med boka si, og som ikkje kan byrje arbeidet før ho har kjøpt skor som matchar veska, verkar òg lett satirisk på meg.

For ikkje å snakke om skildringa av den akademiske liberalaren: «Jeg er imot krigen, jeg er en fredsvenn. Jeg har empati med de svake. Barn og kvinner. Skal vi gå hjem til meg og knulle? Som du forstår, vil jeg ta deg varsomt.» Hjorth gjer seg lystig, altså, men ei særleg morosam bok er det likevel ikkje, for denne lesaren i alle fall.

Lett på tå
Det som pregar boka mest, er dei stadige vurderingane som Lovise gjer av Truls; kva ho kan like og ikkje like ved han, og dei lange analysene hennar av alt mogeleg; kvifor er det slik og sånn, kva ville skje om, korleis kan han tenkje så ulikt meg, eller ikkje tenkje på dette og hitt. Hjorth skriv lett og godt, det er mange gode observasjonar og tankar her, og det er mykje attkjenneleg, men eg veit ikkje kor djupt ho loddar.

Først mot slutten blir det som sagt verkeleg interessant – kvifor er Lovise Berg sint på seg sjølv? – men då er det altså slutt. I handlinga er det òg lite som står på spel. Om denne vakre og vellukka akademikaren finn kjærleiken med superelskaren frå arbeidarklassa, eller om ho leitar vidare etter ein med akademisk ballast … samma det. Konklusjonen min blir at denne boka rører lett ved cerebral cortex, men ikkje lenger nede i kroppen.

Teksten er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: