Tilknytning og andre knutar

I ei fortsetjing av mannsrollestudiet han starta i fjor skriv Geir Gulliksen seg inn mellom Alice Muro og Vigdis Hjorth.

Roman
Geir Gulliksen:
Forenkling
Aschehoug 2010

Å lese Geir Gulliksens nye roman Forenkling er som å drikke eit stort glas med kaldt vatn når du er tørst. Teksten er vakker og klar, men med eit underliggande sug som gjer at du vil tømme boka i éit drag.

Ladd idyll
Modellen er godt kjend: Ein idyll – vordande foreldre flyttar inn i villa med vakker hage og blir venner med det hyggelege paret i andre etasje – blir ladd med hint om mogelege farar. Det kjem fram at den sjarmerande nabokvinna nett har abortert, og faren merkar ein gong at nokon har vore inne hos dei om natta, for barnet er flytta frå senga og ligg midt på stuegolvet. Samstundes stig hans eigen frustrasjon over å ikkje strekke til som trøystar, og han byrjar å handsame spedbarnet litt for røft. Det kjennest som det kan lure katastrofe rundt neste sving, men Gulliksen legg òg ut blindspor, frampeik mot dramatikk som aldri vert utløyst. Spenninga ligg på det indre planet; det som først framstår som ein psykologisk thriller, glir etterkvart over i ein psykologisk studie.

Slik held Gulliksen fram med den studien av mannsrolla og androgynitet som han byrja på i fjordårets bok Tjuendedagen. Der var fokuset på seksualitet, her tar han for seg foreldreskap og korleis biologi og kjønnsroller set grenser for individet på dette området. Meir spesifikt skildrar han korleis eit spedbarn bryt opp symbiosen mellom kvinne og mann og etablerer ei ny ordning som mannen blir ståande utanfor: symbiosen mellom mor og barn. Forteljinga er fortalt i 3. person gjennom mannen i paret, som ser atttende på livet sitt frå eit seinare punkt kor han og kjærasten har gått frå kvarandre. Det spesielle med hovudpersonen er at han så gjerne vil vere mor, i utgangspunktet kanskje sterkare enn kvinna ønskjer det. Han har gått heilt opp i relasjonen til kjærasten, og tatt det androgyne namnet Kim for å markere at dei to høyrer saman: Kristin og Kim. Kanskje hadde han sett for seg at dei to skulle vere utbyttbare òg i høve til barnet. Men den kroppslege fysikken gjer mor til den foretrekte der, ho har brysta med melk, han kan berre vugge og trøyste. Kim føler seg etterkvart avvist av både mor og barn, og utviklar ein aggresjon mot barnet, aggresjon blanda med fortviling over å komme til kort.

Retrospektiv klarleik
Tittelen er altså Forenkling, og det er òg noko stilisert over forteljinga. Framstillinga av dette paret der ein knapt kan seie kven som er kven, det familære livet og korleis forholdet deira endrar seg, vert ei forenkla og kanskje til og med ”kunstig” framstilling av det komplekse som eit samliv mellom to individ er. Den konsentrerte og poetiske framstillinga er av det slaget som kun er mogeleg i retrospekt, kor kunnskapen om det som skjedde seinare gjer det mogeleg å tolke historiske hendingar i lys av dette, og legge ny meining i hendingar ein ikkje la vekt på i situasjonen. Tittelen kan altså lesast som ein sjølvbevisst metakommentar til teksten og til narrative framstillingar i det heile. Samstundes kan han lesast som ein kommentar til den forenklinga den sterke biolgiske komponenten i høvet mellom mor, far og barn inneber for korleis kjønnroller blir utøvde. Og sjølvsagt ber tittelen i seg ei ironisk motrøyst: Forenkling er naudsynt av di røynda er komplisert.

Gulliksen sa nyleg i eit intervju i Morgonbladet at han har prøvd å skrive som Alice Munro i denne boka, og det er ikkje vanskeleg å sjå spor av hennar konsentrerte, men innhaldsmetta novelleform. Munros noveller har òg som regel preg av å vere fortalte i retrospekt. Å etterlikne Munro er etter mi meining alltid ein god idé, og når Gulliksen i utgangspunktet sjølv er ein dyktig forfattar, må resultatet bli bra. Det som skiller dei to, er at Gulliksen framleis er meir cerebral enn sanseleg, reflekterer meir enn han lar oss oppleve personane og miljøet. Slik sett skriv han seg inn ein stad mellom Muro og Vigids Hjorth, og det kan jo ikkje vere ein dum stad å vere.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: