Kontemplativt om mord

Kerstin Ekman skriv godt om dødelege impulsar, men verken handlinga eller tankegodset er spennande.

Roman
Kerstin Ekman
Mordets praksis
Omsett av Bodil Engen
Aschehoug 2011

I den nyomsette romanen Mordets praksis frå 2009 har Ekman tatt turen til den tida då alvorlege menn dyppa pennesplitten i blekkhuset og skreiv memoarane sine i lyset frå oljelampa. Ikkje sjeldan skreiv dei om grove kvinner ein kunne kjøpe på horehuset, blussande truskuldige ungjenter eller upassande mannhaftige kvinner. Det gjer også Ekmans dagbokskrivande protagonist.

Skuggespel
Når Ekman skildrar herrar med flosshatt og sigar frå byrjinga av forrige århundret, er det i dialog med Hjalmar Söderbergs dagboksroman Doktor Glas. I den skriv Söderberg om ein lege som tek livet av ein prest for å komme prestekona til unnsetning. Dermed reiser han spørsmålet om det i nokre situasjonar kan vere riktig å drepe, og romanen provoserte stort i Sverige då han kom ut i 1905.

Ekmans hovudperson med det klingande namnet Pontus Revinge, er ein lege som meinar å vere inspirasjonskjelda til Söderbergs roman, samstundes som han sjølv får idéen til det perfekte mord i eit tilfeldig møte med forfattaren. Når tanken først er tenkt, er vegen kort til sjølve gjerninga då den moralsk tvilsomme og lite subtilt namna legen Skade kastar kåte blikk på den blussande truskuldige tenåringsjenta Frida. Henne har Revinge nemleg òg falt for. Revinge framstår nærmast som ein velfungerande autist; han har problem med å tyde ansiktsuttrykk hos andre, avskyr det praktiske yrket sitt, er nevrotisk nærtakande og har knapt seksualdrift. Riktignok kunne nokon kvar bli bitter over vegen karriera tok når kvardagen går med til gynekologiske undersøkingar av endelause rekkjer prostituerte med kjønnsjukdommar. Stakkars Revinge vart til alt overmål tvinga inn i legeyrke mot sin vilje. Men denne mannen manglar meir enn godt humør, til dømes evna til å oppnå reell kontakt med andre menneskje. Dermed endar han opp med å samtale med seg sjølv gjennom skrifta, og kun der lever han verkeleg: ”Hvis jeg oppgir å skrive dagboksnedtegnelser, slutter jeg meg til skyggene, til dem som aldri har levd. Men hvordan skulle vi kunne sammenligne våre liv med skildringen i en fullendt roman? ” Skuggen er eit sentralt motiv i boka, og Ekman refererar til ein annan kjend tekst frå epoken, nemleg eventyret Skuggen av H.C. Andersen. Som kjent overtek den vonde skuggen livet til mannen han stammar frå. Slik leikar Ekman med det faktumet at hennar romanfigur, som er inspirert av Söderbergs roman – ein skugge av ein skugge – meiner å vere den mannen Söderberg har skildra, samstundes som hans eige liv blir stadig bleikare samanlikna med livet i skrifta.

Yrkesskaden
Kanskje byrjar eg å bli yrkesskadd som Revinge, men det skal mykje til før leik med fiksjonen får meg opp i under no til dags. Ekman har betydelig psykologisk innsikt, og skriv vakker prosa. Likevel er det alt i alt for mange velkjende element i denne boka til at engasjementet melder seg hos meg. Omsetjar Bodil Engen har funne ei passe gammalmodig form.
Ekman har ein lang produksjon bak seg, men har blitt mest kjend for romanane som skildrar den nære historia i Sverige; Hendelser ved vann fra 1993 som fekk Nordisk råds litteraturpris, og trilogien Vargskinnet (1999-2002). Eg trur ikkje Mordets praksis kilar seg inn blant dei bøkene Ekman vil bli hugsa for.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: